Kvifor vil Lyse leggja fiber på Sør-Bokn, men ikkje i småbygder i Hjelmeland?

BREIBAND: Kva grunnlag byggjer Lyse si fiberutbygging i distrikta på? Er dette ei tilfeldig satsing der dei kommunane som maser mest eller har størst eigardel i Lyse som får fiber først ?

Publisert: Publisert:

Gaute Berge undrar seg over Lyse si fibersatsing på Sør-Bokn, all den tid fleire småbygder i Hjelmeland er uinteressant for selskapet. Foto: Fredrik Refvem

Debattinnlegg

  • Gaute Hauge
    Hjelmeland Ap

Gaute Hauge.

Lyse er eigd av fleire kommunar i Sør Rogaland og ytre Ryfylke, blant desse Hjelmeland kommune. Dette har vore ein stor fordel for busetjing ute i distrikta med ein sikker straumtilførsel til alle kundar, i by og bygd i Sør-Rogaland og ytre Ryfylke.

Mange i fiberkø

Ei stor fiberutbygging i dei mest folketette områda i Rogaland har halde på ei stund, og her har Lyse vore særs sentrale. I Hjelmeland har Lyse bygd ut fiber i dei tre sentra i kommunen: Hjelmeland, Fister og Årdal . Men det er framleis mange kundar att i dei meir grisgrendte bygdene i Hjelmeland som ikkje har fiber, som til dømes Randøy, Vormedalen, Steinsland, Hauskje, Byrkja og Vadla.

Desse ventar nå på at Telenor skal byggja ut fiber til dei. Denne utbygginga skal skje i samarbeid med Hjelmeland kommune og har fått pengar frå staten til dette, gjennom Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom).

Eg har fått med meg at Lyse skal leggja fiberkabel til Sør-Bokn. Eg unner alle på øyane i Stavanger fiber, men kva er forskjellen på Sør- Bokn i Stavanger og bygder i Hjelmeland kommune?

Kvifor seier Lyse frå seg alt ansvar når det gjeld fiberutbygging i dei grisgrendte bygdene?

Rart og uforståeleg

Fungerande administrerande direktør i Lyse fiber, Kenneth Asheim forklarte i lokalsendinga NRK nyleg at dei legg fiber til Sør-Bokn og andre øyar i von om at flest mogleg kunder hiv seg på , for å få ned kostnadane for Lyse.

I dei fiberlause bygdene i Hjelmeland ville ikkje Lyse gjera denne jobben utan at Hjelmeland kommune gjekk inn med pengar for vidare fiberutbygging.
Hjelmeland sette videre fiberutbygging i kommunen ut på anbod, der Lyse og Telenor leverte inn tilbod.

Telenor blei vald av kommunen, grunna både pris og tekniske løysingar. Men dette er dyrt for ein kommune som Hjelmeland og vil diverre ta tid .

At det kan vera områder i Hjelmeland som er vanskelege å byggja ut med fiber, kan eg forstå, men at så mange av desse bygdene utan fiber i dag er uinteressante for Lyse si fibersating det verkar både rart og uforståeleg.

Kvifor seier Lyse frå seg alt ansvar når det gjeld fiberutbygging i dei grisgrendte bygdene?
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Fjellklatrere hentet opp av redningshelikopter

  2. Politinatten: Beboere våknet av tyv som ville inn

  3. Mamma Ingebrigtsen ble forferdet over Jakobs løp: – Han er tross alt 20 år i dag og må få bestemme selv

  4. I november kan du ta selvkjørende buss i Stavanger sentrum

  5. – Hurtigruten er selve symbolet på det nye Norge: Luksus på øvre dekk, fattigdom og frykt hos de som driver maskineriet

  6. Hadde politiet i Sandnes fått viljen, ville de flyttet «Benken» ut av bykjernen

  1. Fiber