– Flytande havvind – eit hav av framtid

FORNYBAR: Denne sommaren har vi starta eit nytt kapittel i norsk energihistorie. Flytande havvind er ei ny næring for landet vårt, og vi er godt posisjonert for å ta aktivt del i den utviklinga som no skyt fart.

Publisert: Publisert:

Flytande havvind vil bli Norges neste store industrieventyr, meiner brevskrivarane. Foto: Fredrik Refvem

Debattinnlegg

  • Liv Kari Eskeland
    Energi - og miljøkomiteen (H)
  • Aase Simonsen
    Energi - og miljøkomiteen (H)
  • Aleksander Stokkebø
    Finanskomiteen (H)

Gjennom heile korona-våren har ein samla region vore tydelege på at regjeringa må opne opp nye område, slik at vi kan bygge ut Utsira Nord og gjere Vestlandet til eit globalt utstillingsvindauge for flytande havvind.

Derfor var det ein viktig dag for regionen vår då olje- og energiminister Tina Bru i sommar valde å kome til Haugesund, for å kunngjere at Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II skal opnast for søknader om fornybar energiproduksjon til havs.

Nytt på skuldrene til olja

Utsira Nord er eit område som vil vere Norges første med flytande havvindmøller. Det strekker seg over 1010 kvadratkilometer, ligg nær land og eignar seg både til demonstrasjonsprosjekt og større prosjekt. Her er svært gode vindressursar. Det blir lagt vekt på at fiskeri og anna pågåande verksemd må takast omsyn til.

Havvind er i rask vekst internasjonalt og har potensial til å bli ei ny stor næring der petroleumsnæringa, med leverandørindustrien sin, kan nytte kompetansen til å skape nye, fornybare arbeidsplassar på skuldrene av det eksisterande.

Vi har mange slike arbeidsplassar i området vårt. Arbeidsplassar som skal gjennom ei omstilling dei neste 30 åra, og der havvind blir peika på som ein framtidsretta veg av leverandørindustrien sjølv.

Les også

Opning for statleg lånegaranti tar havvind-aktørane eitt steg nærare gigantutbygging

Det skjer mykje no

Eksempla er mange både i Rogaland og i Sunnhordland. Aibel har kontraktar på omformar-plattformer til internasjonale havvindprosjekt. Kværner og mange andre bedrifter i regionen vår har alt sikra seg kontraktar på Hywind Tampen, som blir den største flytande havvindparken i verda. Ingeniørar på Rosenberg Verft utviklar nye metodar for å få ned utbyggingskostnadene. Hjå Egersund Energy Hub finn vi verdas mest avanserte, spesialdesigna treningstårn for å trene på tryggleik og vedlikehald. MET -senteret tilbyr nasjonal test-infrastruktur for utvikling av teknologi og tenester, og vi har Norwegian Offshore Wind Cluster som er den raskast veksande klynga.

Statsministeren vitja nyleg NorSea, som dei siste åra har vore involverte i meir enn ein tredel av installerte vindparkar. Desse aktørane har alle ambisjonar om å vere ein føretrekt global leverandør innan flytande havvind.

I regionen vår har vi også møteplassane. Til hausten gler vi oss til Hywind-konferansen i energihovudstaden Stavanger. ONS siktar seg no inn på å bli ein dominerande global aktør også for fornybar industri.

Mange vil ha havvind

Den framtidige marknaden for havvind er stor, og marknaden for flytande havvind kan kome for fullt i 2030. Det har vore jobba godt, både i akademia, i industrien og politisk for å kome hit vi er i dag. Men ikkje minst har regionen vår sjølv klart å jobbe målmedvite og samla bak strategien om å delta i Norges neste store industrieventyr.

Startskotet har gått! No står leverandørindustrien klar til å mobilisere, og rammevilkåra er under utarbeiding. Vi trur det er viktig å ha ei realistisk og nøktern forventing, samstundes som industrien i god dialog med regjeringa må vere tydelege på kva som vil vere avgjerande for å kome i gang.

Flytande havvind byr på spanande utfordringar for norsk næringsliv, energibransjen og for regionen vår. Først og fremst er det likevel viktig å peike på industriperspektivet denne satsinga vil ha. Det er kommersialisering av teknologien som i første omgang vil ha verdi for landet vårt.

Havvind er for oss ei ny næring. Tek vi kloke val, både politisk og i næringsliv, kan vår region ta posisjonen som havvind-regionen i Norge.

Publisert:

Les også

  1. Åpner for havvind i sør, men ikkje i nord: – Det syns eg er trist

  2. Equinor vil bygge verdas største flytande havvindpark

Mest lest akkurat nå

  1. Tre nye smittetilfeller i Stavanger

  2. Viking raste etter nederlaget: – Sjokkerende

  3. Strenge nasjonale retningslinjer innført: Dette betyr det for Halloween og bursdager

  4. Tordnet etter Oilers-ydmykelse: – Det er pinlig

  5. Fant smitte på 344 fly i Norge. De fleste tilfellene kommer fra ett land.

  6. Melania Trump til angrep på Biden og Demokratene

  1. Havvind
  2. Vindkraft
  3. Fornybar energi