La oss få samnorsk, så vil alle stilla likt

DEBATT: Etter å ha lese Anne Elise Winterhus sin kronikk 26. mars under tittelen «Rogalandsmålet er nynorsk», synest eg mykje av det ho skriv er interessant. Likevel har eg eit anna syn på mangt av det.

Publisert: Publisert:

Debattinnlegg

  • Reidun Kleiberg
    Stavanger

Eg har sjølv fått opplæring i nynorsk til eg gjekk ut av vidaregåande skole i 1966. Det var då sjølvsagt for meg å bruke nynorsk, og eg synest målet er fint, – ikkje berre i poesi, som mange hevdar, spesielt dei som elles ikkje tykkjer så mykje om målet, men også i andre tekstar.

Likevel synest eg at målformene har blitt så like at det er vanskeleg å halde dei skilde. Nyttar ein sideformer, kan ein langt på veg skrive det same språket med unntak av nokre få ord, då særleg pronomen.

Sjølv om ein er ganske godt trent i begge målformer, må ein gong på gong slå opp i ordboka for å forsikre seg om at det er tillate å skrive ordet.

Nasjonsbygginga er over

Eg syntest det var eit stort tilbakesteg då ein på 1980-talet gjekk bort frå «ei tilnærming på norsk folkemåls grunn». Dette hadde vore norsk språkpolitikk heilt frå 1885, då dei to målformene landsmål (nynorsk) og riksmål (bokmål) blei jamstilte.

Når ein nå er ferdig med nasjonsbygginga, tykkjer eg tanken om samnorsk kan bli vekt til liv igjen. Eg trur det for alle parter ville vore bra med eitt norsk skriftspråk.

Nynorsk i Stavanger ein utopi

At nynorsken ligg nærmare rogalandsmålet, har eg høyrt i alle år, spesielt talemålet. Til det vil eg seie at skriftmål og talemål er to ulike ting. Dei fleste taler ein eller annan dialekt, og også derfor trur eg det ville vore bra med eitt skriftspråk.

Winterhus skriv at Eirik Faret Sakariassen frå SV foreslo at Nye Stavanger skulle bli nynorsk-kommune. Dette trur eg er ein rein utopi. Eg meiner heller at ein skulle nytte høvet til å bli ein ny samnorsk-kommune.

Det stemmer, som Winterhus skriv, at mange har røtene sine i Ryfylke eller Jæren, og at dei som har nynorsk som hovedmål har blitt meir tospråklege, og at bokmålsfolket har liten sjanse til å bli det. Det er ikkje så rart når ein heile tida møter tekstar på bokmål i alle medium. La oss i staden få samnorsk, så vil alle stilla likt, uansett kvar ein kjem frå!

Publisert:

Les også

  1. – Rogalandsmålet er nynorsk

  2. Der det er vilje, der er det veg!

Mest lest akkurat nå

  1. Silje fikk toppkarakterer og er ingeniør. Nå jobber hun i klesbutikk.

  2. Han skal gi Sandnes 400 nye kontorplasser

  3. To nye smittetilfeller i Sandnes onsdag

  4. Viking raste etter nederlaget: – Sjokkerende

  5. FULL OVERSIKT: 5 døde, 832 påvist smittede i Roga­land – sjekk din kommune

  6. Fant smitte på 344 fly i Norge. De fleste tilfel­lene kommer fra ett land

  1. Debatt
  2. Nynorsk
  3. Bokmål
  4. Språk