Kort- eller langvarig drift over Høgsfjorden?

DEBATT: Ein konkurranse om konsesjon på Høgsfjordsambandet Lauvvik–Oanes bør lysast ut på nytt – med realistiske konsesjonsvilkår.

Publisert: Publisert:

Høgsfjordferja er stengt grunna for stor konkurranse frå den enno bompengefrie Ryfylketunnelen. Når bompengane kjem, vil det framleis ikkje vere økonomisk rom for døgndrift, argumenterer Jostein Ims. Foto: Pål Christensen

Debattinnlegg

  • Jostein Ims
    Hommersåk

Eg har i fleire avisartiklar stilt meg skeptisk til prosessen rundt både søknaden frå reiarlaget Boreal, tufta på halvtimes ferjeavgangar heile døgnet, og den etterfylgjande konsesjonstildelinga. Eg, og mange med meg, meinte det ville vera uråd å driva sambandet anna enn kortare eller lengre tid på dagtid, så marginal innteninga ville bli i konkurranse med det døgnopne tunnelsambandet Ryfast.

Les også

Lauvvik–Oanes starter opp igjen

Lite realistisk

Spørsmålet eg har stilt og framleis stiller er: Kvifor la Boreal, som einaste reiarlag av søkjarane, inn desse sterkt tapsbringande nattseglingane? Dei var jo klar over at dette ville svekka lønsemda radikalt.

På andre sida må ein undrast over at konsesjonstildelaren ikkje i det heile ser ut til å ha lagt vekt på ei tid med sterkt miljøfokus. På sikt blir det vonleg elektrisk driven ferje. Om forureininga då blir redusert, blir desse nattseglingane uansett energisløsing.

Les også

Nå blir det bom­penger i Ryfast

Kalkulert av Boreal?

Eg har tidlegare hevda at Boreal ikkje kalkulerte med langtids drift på Høgsfjorden med døgndrift. At reiarlaget så kjøper ei gamal ferje med lita motorkraft, høgt og vindutsett overbygg og dårlege manøvringseigenskapar, svekker så visst ikkje denne påstanden. Ved planlagd kortare drift ville dei sjølvsagt investera minst mogleg. At ferja straks det blir sterkare vind frå ein retning blir liggjande til kai, ville òg verka i «rett retning» ved å bryta ned regularitet og tiltru til sambandet.

Sjølsagt fann Boreal at det var umogleg å gjennomføra 24-timars segling med lønsemd, som eg spådde. Difor søkte dei om å få kutta ut nokre timar midt på natta ved at dei nytta delar av «avvikspotten» på 15 prosent . Denne potten var vel mynta på bruk ved tilfeldige driftsproblem (motortrøbbel, vind m.m). Boreal ville i staden nytta denne til permanent redusert seglingsomfang.

Eg har tidlegare forsvart slik bruk, men er nå komen til at det ikkje er rett bruk. Etter det eg oppfattar er dei tapande reiarlaga i konkurransen om konsesjonen av same meining. Eit døme illustrerar situasjonen: Ein person søker på heil stilling i 100 prosent. Han blir tilsett i stillinga, men søker straks om redusert stillingsomfang – og får det. Er dette verkeleg kurant?

Les også

Fylket ber om innspill fra de som tapte Høgsfjord-anbudet

Eit godt forslag

Eg er overtydd om at blir Boreal tvinga til 24-timars segling i samsvar med søknaden og tildelinga av konsesjon, ja så blir seglinga på Høgsfjorden kortvarig. Skal det bli von om varig ferjedrift på fjorden, må framlegget til Guro Heggemsnes Fløysvik fra Sandnes KrF i Aftenbladet 15. mai takast på alvor, sitat:

«Guro Heggemsnes Fløysvik tar til orde for en tidsbegrenset reduksjon av rutene, og deretter midlertidig løyve til videre ferjedrift mens det blir kjørt ny runde om tildeling av konsesjon –under samme vilkår som sist.»

Då kan Boreal, tilliks med dei andre reiarlaga, konkurrera med ein realistisk seglingsplan istaden for «eventyrplanen» dei fekk tildelt konsesjon på.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Stavanger-lege dømt for bedrageri og underslag

  2. Nekter å forlenge levetiden for vindturbiner hvis ikke kommunene får mer penger

  3. Seks nye smittetilfeller i Stavanger

  4. Forbrukerrådet mistenker at Lyse driv prisjuks

  5. Dagpengemottakere kan gå glipp av feriepenger neste år

  6. Frykter for jule­stemningen i Stavanger

  1. Boreal
  2. Høgsfjorden
  3. Ferje