Hatet etter terroren 22. juli

DEBATT: Det må sterkare lut til frå Erna Solberg enn «Jeg ville ha uttrykt meg på en annen måte» om ikkje høgreekstremismen skal bli viltveksande ugras på hennar vakt.

Publisert: Publisert:

Frå A-magasinets reportasje om hatet mot overlevande frå Utøya.

Debattinnlegg

  • Jarl Wåge
    Lærar og skribent
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Søndag mintest vi 22/7-offera. Fredag leste eg A-magasinet sin rystande og hjarteskjærande reportasje om hat og drapstrugsmål mot mange av dei som «var freidige nok» til å overleve Utøya-terroren. Hat og hets frå terrorens onde avkom har florert. Kripos har mottatt 60-70 meldingar om netthat i månaden. Det talet blei meir enn tredobla i mars etter Sylvi Listhaug si famøse fb-melding om at Ap prioriterer terroristar framfor å sikre Noreg sine innbyggjarar. Kripos si nettpatrulje meiner at auken er eit direkte resultat av dette utspelet.

Les også

De overlevde Utøya. Nå lever de med drapstrusler.

Listhaugs medansvar

Utsagnet skapte kolossale bruduljer. Oppegåande politikarar skjønte at dette ville trigge og fyre oppunder høgreekstremt hat mot AUF-arar spesielt og Ap generelt. Dei som ikkje tok dette innover seg, var mellom andre Frp sin Jon Helgheim, som fyrst lanserte ideen, og Sylvi-when-sorry-seems-to-be-the-hardest-word-Listhaug.

Ei spade er ei spade: Listhaug har medansvar for at traumatiserte ungdomar som har kjent terror bokstaveleg talt på kroppen, no får traumene forsterka. Ho har vore med på å legitimere hatet mot dei.

I fleire år har eg drive med djupdykk i høgreekstreme fjesbok-grupper som «Fra folkedypet», «Fedrelandet viktigst» og ikkje fullt så ekstreme «Sylvi Listhaug som statsminister i Norge». Der formeleg gjørmebada eg i rasisme, homohat, muslimhat og eit intenst hat mot Ap og AUF. Ikkje bare hat, forresten. Der finst òg ei nasegrus beundring og idolisering av Sylvi Listhaug. Ho er det blonde, nordiske håpet. Ei Jeanne d`Arc. Frelsaren som skal berge våre kristne, norske verdiar.

Etter djupdykka skreiv eg kronikkar om opplevingane i dei mørke gøymene. Der oppfordra eg òg Listhaug til ein gong for alle å ta endeleg oppgjerd med dei ekstreme disiplane sine. Ho har sagt i frå at høgreekstremisme ikkje vil bli tolerert. Men langt frå kraftig nok, for ho er framleis deira blonde håp. Ein posisjon som bare blei styrka då ho blei «heksejaga av eliten» frå justisministerposten og attende til Stortinget.

Listhaug er sjølvsagt ikkje einaste årsak til auka og meir synleg høgreekstremisme. Det er å tilleggje henne meir påverknadskraft enn ho har. Massiv innvandring over mange år er ein anna viktig grunn. Mange er oppriktig redde for det ukjende som kjem innover grensene våre og søkjer difor tilflukt hos dei som vil jage dei framande på dør.

Les også

Skjebnedag for Solberg-regjeringen 

Frp må ta sin del av ansvaret

Det har heile tida gått ein brun tråd gjennom partiet sin historie. Og nei. Eg seier ikkje at partiet er nazistisk! Historia går tilbake til då Carl I. Hagen i 1987 leste eit falskt Mustafa-brev for partifeller der det blei hevda at muslimar skulle ta over Noreg. Nei, forresten. Det starta lenge før. Med Anders Lange si støtte til apartheid i Sør Afrika. Han meinte at svarte ikkje var i stand til å styre seg sjølve. Det heldt fram med at Frp sin Øystein Hedstrøm deltok på eit hemmeleg møte med høgreekstreme på Godlia Kino. Seinare kom Tybring-Gjedde sin artikkel, «Drøm fra Disneyland», om multikulturalisme der han, som 22/7-terroristen i sitt «Manifest», klaga AP for å ville dolke norsk kultur i ryggen.  

Konstant mistenkeleggjering av muslimar og asylsøkjarar har òg hatt verknad. Som Siv Jensen sitt snakk om snikislamisering. Og ulike Frp-mantra som svenske tilstandar, lykkejegarar, veldferdsprofitørar, heile verda sitt sosialkontor og sugerør ned i statskassa.

Skal Siv Jensen klare å klippe av den brune tråden som skjemmer partiet, må ho hente fram att morna-jens-stemmen og brøle at høgreekstremisme ikkje på nokon måte harmonerer med Frp.

Sist Siv Jensen verkeleg blei lagt merke til offentleg, var då ho brølte «Morna Jens». Sidan har ho bytta til innestemme og blitt borte i finansdisen. Partileiaren har aldri kritisert Listhaug for stigmatiserande og tendensiøse utspel. Kanskje ho ikkje tør. Ho veit at Listhaug har ei høg stjerne og at kritikk kan boomerange attende på henne sjølv. Men skal Siv Jensen klare å klippe av den brune tråden som skjemmer partiet, må ho hente fram att morna-jens-stemmen og brøle at høgreekstremisme ikkje på nokon måte harmonerer med Frp. Om ho vil. Om ho tør.

Unnvikande Solberg

Erna Solberg slepp heller ikkje unna. Ho lanserte med brask og bram ein kampanje mot netthat som førebels bare har vore fine ord. Hat er som rust. Det blir ikkje borte om ein maler fasadar.

Hat er som rust. Det blir ikkje borte om ein maler fasadar.

Det er Solberg som har invitert Frp inn i regjering. Då Heikki Holmås i SV, i likhet med utanlandsk presse, i 2013 påstod at det nye regjeringspartiet var høgrepopulistisk, blei Solberg brått dronning av hersketeknikk og kalte Holmås ein liten friskus som burde passe munnen sin. Sikkert ekkelt for henne då at Frp-parhestane Christian Tybring-Gjedde og Per-Willy Amundsen nyleg nemnde hyperpopulistiske Sverigedemokraterna som naturleg samarbeidspartnar.

Solberg har vore usedvanleg konturlaus konfrontert med høgrepopulismen. Kvar gong ho har blitt utfordra på kva ho tykkjer om diverse populistiske utspel frå systerpartiet, har ho unnvikande levert ulike versjonar av «Jeg ville ikke ha brukt de ordene.» Ikkje ein gong då Listhaug heldt på å velte regjeringa, forlanga ho at ministeren skulle gå av. Til slutt valde ho sjølv å trekkje seg.

Det må sterkare lut til frå regjeringssjefen enn «Jeg ville ha uttrykt meg på en annen måte» om ikkje høgreekstremismen skal bli viltveksande ugras på hennar vakt. For å unngå det, må ho i det minste våge å ta eit klokkeklart oppgjer med dei som nører opp under hatet.

Av med silkehanskane

Ein twitrar lurte på kvar media har fått tak i silkehanskane dei bruker i møte med Siv Jensen og Erna Solberg. Han kunne tenke seg eit slikt par, han òg. Det er absolutt på tide at også media blir hardare i klypene, kryssar klinge med makta og stiller dei til ansvar for den negative utviklinga vi no ser.

Publisert:

Les også

  1. LEDER: Erna Solbergs taushet

  2. Han sender drapstrusler og hatmeldinger til Utøya-ofre: – Hensikten er at det skal være belastende

  1. 22. juli
  2. Erna Solberg
  3. Sylvi Listhaug
  4. Siv Jensen