Foreldre for framtida!

DEBATT: Ein gong foreldre alltid foreldre. Vi er dei viktigaste personane for våre barn og ungdom. Å investere i barna er ein av dei beste og tryggaste investeringane vi kan gjere for å skape eit godt samfunn i framtida.

«For KrF og meg handlar ein moderne familiepolitikk om å ta foreldre og familien sine behov og utfordringar på alvor», skriv Anne Kristin Bruns.

Debattinnlegg

  • Anne Kristin Bruns
    Anne Kristin Bruns
    Stavanger KrF
Publisert: Publisert:
  • 4.-kandidat Rogaland KrF.

Trygge foreldre gjev trygge barn seier ein gjerne, og det er mykje sant i det. Vi som foreldre må minne oss sjølve på kor viktige vi er og vere den vaksne i relasjonen. Samtidig vil det vere situasjonar der ein treng å spørje andre til råd og få hjelp når vi treng det.

Familien er ein naturleg og grunnleggande del av samfunnet vårt, og eit av dei aller viktigaste fellesskapa for oss menneske. Vi som foreldre er viktige samfunnsbyggjarar. Kor ofte har du som mor eller far blitt klappa på skuldra og blitt fortalt: «Godt jobba, du har oppdratt x antall barn som i dag bidreg på ulike måtar i samfunnet». Eg har ikkje opplevd det, for å seie det slik.

Eg er så takksam for at eg har fått lov til å vere forelder, vere mor. Det har vore og er framleis mi viktigaste oppgåve.

Grunnpilaren i samfunnet

Eg ønsker å snakke fram foreldra og den viktige oppgåva vi har og samtidig vise til at familiar er grunnpilaren i samfunnet. Nettopp difor meiner eg at vi i større grad må styrke familiane i Noreg. Det må vere ein av våre fremste samfunnsoppgåver dei neste åra. Over lang tid har det vore ført ein politikk som gjev foreldre og familiane mindre ansvar og handlingsrom. Dette vil KrF endre på!

Vi ønsker å fjerne tredelinga av foreldrepermisjonen. Det er ikkje sjeldan at eg får meldingar og høyrer om foreldre som er fortvila over at dei må tilbake i jobb før både mor/far og barnet er klar for det. Dessverre har det ført til at mange har teke ut ulønt permisjon for å få det slik dei vil ha det. Fjerning av tredelinga av foreldrepermisjonen vil gi småbarnsfamiliane meir fridom og fleksibilitet til å organisere kvardagen etter eigne behov og ønsken, framfor å måtte tilpassa seg ein statleg mal, som for mange opplevast som rigid og upraktisk.

Ein annan måte å styrke foreldre- og familieøkonomien på er gjennom ei auke av både barnetrygda og eingongsstønaden. Dette vil også bidra til å auke handlingsrommet til foreldra, og på same tid gjere det enklare for fleire å få barn tidlegare.

Tilbod om samlivskurs

KrF vil vi ha ei sterkare satsing på foreldrerettleiing og familievern. Mellom anna ønsker vi at alle førstegongsforeldre skal få tilbod om samlivskurs. Eg hugse svært godt då eg vart mor for fyrste gong. Det var svært overveldande. Ville eg klare dette, korleis skulle eg gjere dette og korleis skulle vi som foreldre få dette til? Då var det godt å få ulike verktøy for å kunne vareta samlivet i den nye situasjonen.

På samfunnsnivå handlar god familiepolitikk difor også om å legge til rette for god rettleiing og hjelp til alle foreldre og familiar, slik at ein mellom anna kan styrke foreldresamarbeidet og førebygge samlivsbrot.

No er eg mor til fire vaksne barn. Dei er bidragsytarar i samfunnet på ulike måtar, og eg kan sjå tilbake på 30 år med oppdragaransvar. Dagane var hektiske, og eg visste ikkje alltid om eg ville få veka til å henge saman. På same tid er det det mest berikande eg har gjort. For ei gåve!

Då handla det mellom anna om å ta gode val, både for meg sjølv og familien. Eg er så takksam for at eg har fått lov til å vere forelder, vere mor. Det har vore og er framleis mi viktigaste oppgåve.

Meir fridom

For KrF og meg handlar ein moderne familiepolitikk om å ta foreldre og familien sine behov og utfordringar på alvor. Dei bør få meir fridom over eigen kvardag, større økonomisk handlingsrom og fleire verktøy for å bygge trygge og gode strukturar for barna våre. For KrF er det å bygge foreldre og familiar for framtida noko av det viktigaste vi kan gjere dei neste åra.

Les også

  1. – Partiene på venstresiden mangler tillit og ambisjoner for familiene

  2. – Vi ønsker flere barnefødsler og øke status for foreldrerollen

Publisert:

Valg 2021 - diverse

  1. Hvem er fri i sine truser?

  2. – Mer skatter og avgifter med Solberg-regjeringen

  3. – Vil vi ha Forskjells-Norge?

  4. – Feil om unges representasjon og stemmegivning

  5. – Ønsker du endring, må du stemme på noe nytt

  6. – Satser på å utvikle gode lokalsamfunn over hele landet

  1. Valg 2021 - diverse
  2. Debatt
  3. Foreldrepermisjon
  4. Familiepolitikk
  5. Anne Kristin Bruns