Me krev lang tunnel i Rødsliane!

DEBATT: Arbeidet med lang tunnel i Rødsliane på riksveg 13 må starta så snart som mogeleg. Dette viser også det siste raset som kom 3. november der ein skulebuss fekk stein i sida. Heldigvis var det ikkje ungar med i bussen.

Lang tunnel er den beste løysinga, skriv aksjonsgruppa for riksveg 13 gjennom Suldal.
  • Hadle Eide Bakka
    Aksjonsgruppa «Trygg RV13 gjennom Suldal»
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Arbeidsgruppa i folkeaksjonen «Trygg RV13 gjennom Suldal» hadde møte 7.11.2022. Me diskuterte blant anna diskutert om me vil arbeida for kort eller lang tunnel.

Bakgrunnen er at kostnaden vart høg på lang tunnel, og ville utløysa ein KS2 prosess som ville krevja ytterlegare tid. Vegvesenet ville då starta på eit arbeid for å sjå på mogelege innsparingar. Det viser seg no at kostnaden med ein kortare tunnel også har eit prisestimat på over ein milliard kroner. Denne tunnelen må difor også inn i ein ekstern kvalitetssikringsprosess (KS2).

Den korte tunnelen har for stor stigning etter tunellsikkerhetsforskriften og det vart sendt avviks-søknad på dette. I første omgang vart denne søknaden avslått frå Vegdirektoratet. Ei anke på avslaget er sendt av Statens vegvesen og det vert i desse dagar arbeida med dette.

Fordelane med ein lang tunnel er at den har eit mykje lågare stigningsforhold som ligg innanfor forskrifta. Dette vil gjera at tunnelen vert mykje tryggare å nytta. I tillegg vil miljøgevinsten vera mykje større og reguleringsplanen er alt ferdighandsama. Her er det berre KS2- prosessen som står att. Med nye tunnelar på E 134 vil trafikkauken på riksveg 13 også verta større, difor er det ekstra viktig å få dette på plass.

Publisert: