Ikkje før hadde me drege opp covidbåten, så kom streiken …

DEBATT: Er konsekvensane av elevane sin manglande skulegang annleis under streik enn under covid?

Ein journalist spurde meg om ikkje lærarane burde ta ansvar for å halde lønsnivået nede no når prisstiginga var så høg. Det spørsmålet forstod eg lite av. Lærarar har også rekningar.
  • Ingunn Folgerø
    Ingunn Folgerø
    Rektor, Bryne vidaregåande skule
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Lærarane på Bryne vidaregåande skule er tekne ut i streik. Dei streikar fordi dei som alle andre vanlege folk, treng å følgje lønsutviklinga i landet. Ein nyleg publisert rapport frå Kunnskapssenteret om rekruttering og fråfall av lærarar, viser at dei fleste lærarar søkjer seg til læraryrket fordi dei vil gjere livet betre for medmenneske.

Dei vil gjere ein innsats for at samfunnet skal bli enda betre å leve og arbeide i. Det er ingen som har vald læraryrket fordi dei trudde det vanka ei millionløn i andre enden. Men, lærarane hadde ikkje rekna med at det å bety noko for andre også skulle innebere å gi frå seg løna si 6 år på rad. Ein journalist spurde meg om ikkje lærarane burde ta ansvar for å halde lønsnivået nede no når prisstiginga var så høg.

Lærarar har også rekningar

Det spørsmålet forstod eg lite av. Lærarar handlar også mat og må betale kontingent for ungane i korps og fotball. Skal lærarar i tillegg til å meistre prisstiginga i eiga hushaldning, også gi frå seg løn ved å akseptere 2,3 i stigning, versus 3,7? Men, eg vakna altså i natt og var redd. Det har vore nydeleg å starte opp nytt skuleår. Me har nett drege covidbåten på land etter lang ferd.

I formålsparagrafen står det at lærarar skal opne elevane sine dører mot verda. Eg kan ikkje tenkje meg finare stillingsinstruks. Det er eit givande, verdifullt og svært hardt arbeid. Læring er ein livslang prosess og elevane uttrykker det forskinga seier: kontakten med læraren er viktigare enn alt. For tryggleik. Men også for læring. Men, framtida er visst ikkje viktig, les eg samfunnet rundt på rett måte. Her er ingen bekymringar knyt til korleis manglande opplæring vil påverke dugleikar elevane skal ha med seg i industrien, i helsesektor eller i akademia. Under pandemien var det livsviktig at elevane var på skulen. Men, ikkje no.

Ein svært trist situasjon

Utdanningsforbundet har verna dei mest sårbare elevane og dermed er det ikkje fare for liv og helse. Men, kjære samfunnsaktørar; korleis vurderer de konsekvensane av at elevar no i snart tre år ikkje har delteke i læring og fellesskap som skal setje dei i stand til å meistre privatliv og arbeidsliv? Kvifor vert ikkje samfunnsaktørar uroa over elevars manglande skulegang under streik, men særs uroa under covid?

Eg tykkjer situasjonen er frykteleg og trist. Dette skuleåret begynte så fint med fulle klasserom av mange lukkelege elevar og lærarar. Endeleg. Me drog opp covidbåten og starta på verdas finaste tur til dørene som skulle opne seg mot verda. Klasseturar for å sikre godt miljø, bli kjent- aktivitetar og variert og god undervisingskvalitet. Samhald, likeverd og læring. Men, no: for eit tap, for eit sakn, for ein skjebne.

Publisert: