1. Vil Nye Stavanger bli noko heilt nytt? 2. Kva med Stavanger sitt «likeverd» med Rennesøy og Finnøy?

KRONIKK: Ordførarane i Finnøy, Rennesøy og Stavanger vil skapa noko heilt nytt, ikkje berre innlemma dei to minste kommunane i den store. Men får Christine Sagen Helgø resten av bystyret med på å omstilla seg til Ryfylke-modus og tenkja by, øy og distrikt på same tid?

Publisert: Publisert:

Vil Stavanger og ordførar Christine Sagen Helgø (t.h.) koma Finnøy og ordførar Henrik Halleland og Rennesøy og ordførar Dagny Sunnanå Hausken i møte på likeverdig vis når samanslåinga av de tre kommunane no skyt fart? Foto: Fredrik Refvem

Debattinnlegg

  • Svein Helgesen
    Konsulent, Rennesøy
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Kommunereformprosjektet Nye Stavanger er på skinnene. Naboane på øyane i Ryfylke nord for byen har gitt Christine Sagen Helgø den tilliten ho aldri fekk frå naboane i sør. Så langt blir det meldt om god stemning rundt bordet, slik det bør vera blant gode naboar. Størst diskusjon har det visst så langt vore om kor raskt dei kan inngå giftarmål offisielt.

«Nå skal vi bygge en ny kommune hvor alle tre kommunene er likeverdige.»

Låge skuldrer i Stavanger

Spenningane vil nok bli tydelegare etter kvart. Det skulle berre mangla. Nye Stavanger blir nemleg ein heilt annan kommune enn Stavanger 2017. Dei to minste er forståeleg nok usikre på om det sig inn hos folkevalde og administrasjon i Stavanger kva det vil krevja av endring å skifta til Ryfylke-briller. Rennesøy-ordføraren peikar på at den nye kommunen med tredobla areal vil bli ein tung distriktspolitisk aktør, og kollegaen i Finnøy poengterer at alle tre må øva seg i å tenkja nytt om både tenester, lokaldemokrati og samfunnsutvikling.

Men Sagen Helgø synest å ta ting med ro. Ikkje minst har ferieliv på Sjernarøy lært henne mykje om det å vera ryfylking og øybu. Ho veit godt at den som skal styra Nye Stavanger etter 2020, vil bli ordførar i landets største tomat- og nest største eggkommune. Skuldrene er likevel låge, ho lovar at Stavanger er klar for omstillinga som ventar: «Det har skjedd en endring blant politikerne. Nå skal vi bygge en ny kommune hvor alle tre kommunene er likeverdige.»

Omgrep som «likeverdig partnarskap» kan fort skapa urealistisk høge forventningar og gi dei folkevalde farleg stor fallhøgde.

Likeverdig partnarskap?

Evalueringsforskarar fortel oss at utfordringane ved kommunesamanslåing heng mykje saman med ambisjonar og perspektiv: «Her kan det være ulike utfordringer alt etter som om man velger å bygge «en helt ny kommune», eller om man innlemmer én eller flere kommuner i en annen kommunes organisasjon» (side 31).

Stavanger-ordføraren gjekk tidleg høgt på banen. Ho snakkar visjonært om å byggja nytt og skapa ein vinn-vinn-situasjon mellom likeverdige partnarar. Det står respekt av ein slik ambisjon. Samtidig kan omgrep som «likeverdig partnarskap» fort skapa urealistisk høge forventningar og gi dei folkevalde farleg stor fallhøgde. Danske forskarar meiner det er å kasta blår i auga på folk å innbilla dei at små kommunar med få innbyggjarar i praksis er likeverdige med dei store dei slår seg saman med. Uansett korleis vi snur og vender på det, vil enkelte parforhold vera assymetriske.

Slik er det også med Nye Stavanger. Regionhovudstaden og øykommunane i Ryfylke går inn i den nye tida med ulike utgangspunkt og varierande medgift. Dagens Stavanger må i kraft av storleik og «muskelstyrke» bli motoren i prosessen, og Nye Stavanger vil bli bygd på det administrative, faglege og politiske fundamentet som byen har i dag. Slik er det – og må det vera.

Det kan handla om nærdemokrati med langt meir delegert ansvar enn det som ligg i dagens bydelsordning.

Assymetri som utfordring

Assymetrien vil truleg representera dei største utfordringane når Nye Stavanger for alvor skal ta form. Fram til mai 2016 var naboane i sør Stavangers føretrekte partnarar. Prinsippdokumentet utarbeidd av Stavanger, Sandnes og Sola blei av praktiske årsaker lagt til grunn i arbeidet med intensjonsavtale med Finnøy og Rennesøy. Det seier seg sjølv at det gjorde det vanskeleg å setja søkelys på, drøfta og gi klare signal i mange spørsmål som spesielt finnøy- og rennesøybuar lurer på, ikkje minst om sentrum og periferi, by og land:

  • Det kan handla om framtida for barnehage, skule og anna velferd der slitsame båtreiser og gjerne buss i tillegg pregar kvardagen.
  • Om prioritering av samferdsel og andre nøklar til utvikling der fjorden er einaste veg til omverda.
  • Om framtidsutsikter for primærnæringane og arbeid for å skapa nye arbeidsplassar i heile kommunen.
  • Om nærdemokrati med langt meir delegert ansvar enn det som ligg i dagens bydelsordning.
Dersom Nye Stavanger blir ei suksessfortelling, kan kanskje også Strand og eventuelle andre bli motiverte til å henga seg på.

Stavanger som raus «storebror»?

2020 kan synast langt fram. Men køen av oppgåver og spørsmål som ventar på å bli tatt tak i, er lang. For å oppfylla ordførarane sin ambisjon om å skapa noko heilt nytt saman, i eit likeverdig partnarskap, må både folkevalde og administrasjon bruka nok tid og visa fram flust med evne og vilje til å læra av «beste praksis» hos kvarandre.

Mange er spente på korleis Stavanger, når det kjem til stykket, vil forvalta den tilliten kommunen har fått frå øyfolket nord for byen. Dersom Nye Stavanger blir ei suksessfortelling, kan kanskje også Strand og eventuelle andre bli motiverte til å henga seg på. Det vil gi den nye kommunen endå skarpara Ryfylke-profil.

Kjøtvekt og matematikk får tidsnok det siste ordet.

Den første testen kjem når styringsgruppa i eit møte onsdag 22. februar skal utpeika ei fellesnemnd som skal stå for gjennomføringsarbeidet vidare. Å krevja Stavanger-fleirtal i nemnda vil av mange bli tolka som brot med Sagen Helgøs likeverdsambisjon (her er saksframlegget, red.mrk.). Det vil derimot bli lagt merke til, og gi positiv signaleffekt, dersom «storebror» i denne fasen tar seg råd til å framstå skikkeleg raust. Kjøtvekt og matematikk får tidsnok det siste ordet.

  • Svein Helgesen er tidlegare fylkesvaraordførar for KrF, tidlegare statssekretær i dåverande Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og tidlegare ordførar i Rennesøy. Han har òg vore utdanningsdirektør i Rogaland fylkeskommune. No er Helgesen konsulent og har arbeidd med lokal utgreiing i samband med kommunereforma. Red.mrk.

Svein Helgesen før Rennesøy og Finnøy sa ja takk til Stavanger: «Nynn om 'Berit, så får du 'a Brita.»

Publisert:

Les også

  1. Rennesøy vil ikke framskynde Nye Stavanger

  2. Det er på tide å samle Stor-Rogaland til et rike

  3. Hvorfor har Rogaland Høyre noe imot nye Sandnes?

  4. Rogaland består: Hemmelig toppmøte om kommune- og regionkart

Mest lest akkurat nå

  1. Et nytt smittetilfelle i Sola, tre i Stavanger

  2. Korona-virus knakk eventbyrået hennes

  3. Minimalt med innsyn, maksimal utsikt: Da vennene skulle selge huset sitt, slo familien til

  4. Hver 10. bil er borte: Koronapandemien har påvirket trafikken.

  5. Haaland byttet ut etter mål og assist. Så vant Bayern supercupen: – Kjenner meg paff

  6. Eigersund: Omstridt rådmann går av

  1. Stavanger kommune
  2. Finnøy kommune
  3. Rennesøy kommune
  4. Christine Sagen Helgø
  5. Kommunereform