Gi ut fripenn-artiklane til Sven Egil Omdal i bokform!

DEBATT: Du skummar aldri artiklane til Omdal, du nyt dei langsamt.

«Ordvalet, spensten, snerten, ironien, den giftige polemikken gjer lesinga til ein svir», skriv Tore Thorsen om Sven Egil Omdal, bilde. Foto: Jarle Aasland

Debattinnlegg

  • Tore Thorsen
    Jelsa
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Eg hugsar første gong eg kom over Sigurd Hoels essays. Eg las langsamt og håpa at dei lange tekstene skulle vara endå lenger. Det same opplever eg når eg les Sven Egil Omdal.

Eg dristar meg til å utnemna Omdal til den kvassaste avispennen i dette land.

Tungt alvor

Det hjelper på leselysta at ein ofte er einig i konklusjonane hans. Men det er ikkje alltid tilfelle, og er ikkje heile forklaringa på at fripennen til Omdal er det den teksten ein ser mest fram til når laurdagsavisa kjem. Ordvalet, spensten, snerten, ironien, den giftige polemikken gjer lesinga til ein svir. Og i botnen ligg det eit tungt alvor som ofte peikar ut over det dagsaktuelle.

Eg har ikkje oversyn over presselandskapet og er dårleg bevandra i norsk pressehistorie. Likevel dristar eg meg til å utnemna Omdal til den kvassaste avispennen i dette land. I pressehistorisk samanheng er det er neppe heller dumdristig å nemna han i same andedrag som ein Sigurd Hoel eller ein Helge Krogh. Me snakkar om den klassen.

Ide til Aftenbladet

Ei avis blir kasta neste dag, eller det blir pakka fisk inn i den, sa Georg Johannesen. M.a. derfor blei artiklar av Hoel, Krogh og - i nyare tid f.eks. Einar Førde - samla i bøker. Så her er ein ide som Aftenbladet - arbeidsgjevaren til Omdal i lange periodar - skal få gratis: Be om Omdals godkjenning og lag bok av fripennane hans!

  • Her finner du Sven Egil Omdals fripenn-kommentarer.

Les også

  1. Fattigunge i Stavanger

Publisert:
  1. Sven Egil Omdal
  2. Fripenn
  3. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. 70 prosent av det medisinske utstyret på SUS må byttes ut

  2. To nye smittetilfeller i Stavanger

  3. Da barna reagerte på mobil­bruken, skjønte Randi (38) alvoret. Her er hjerne­forskerens råd for å logge av.

  4. Leger mener korona­utvalg gjør feil vaksine­prioritering

  5. President Trump benådet Michael Flynn

  6. Skole­barn, barne­hage­barn, bok­klubbens barn og barn av regn­buen regnes som samme kahoot, gitt at disse er nær­kontakter