Fylket går imot seg sjølve i raseringa av hurtigbåtrutene

Når me nå får Kolumbus’ notat frå november om kutt i tilskot til hurtigbåt i hende, går ein heilt vekk ifrå det som er nedfelt i planane som skal utvikla heile Rogaland til ein særs god plass å bu og arbeida i.

Og kva med ytre Ryfylke som har fått både Finnfast og Ryfast på plass. Kvifor er nesten ikkje rutene her lagde om? Dei er omtrent intakte, medan rutene i indre Ryfylke er heilt raserte, undrar innsendaren. Foto: Jan Inge Haga

Debattinnlegg

  • Ivar Andersen
    Ivar Andersen
    Nedstrand
Publisert: Publisert:

På Rogaland fylke sine heimesider kan me lesa fleire stader, men og under «Regionalplan for samordna arealbruk og transport i Ryfylke 2017-2030»:
1)«Hurtigbåtnettet blir vidareført som sjølvstendig kollektivtilbod som særleg blir retta mot arbeids- og servicereiser frå øyar og tettstader i indre del av regionen».

Kolumbus klemmer til

2)«Hurtigbåt er eit sjølvstendig kollektivtilbod som gir rask reiseveg til, frå og mellom øyane i Ryfylke, og gjer det mogleg for innbyggarane å ta del i ein større arbeidsmarknad på Nord-Jæren. Nye vegprosjekt som Ryfast, Finnfast og Sandsfjordbrua gir likevel endringar i reisestraumane, og dette kan vera utfordrande for hurtigbåten».

3)«Når Ryfast står ferdig, må delar av rutetilbodet i ytre Ryfylke bli lagt om. Avhengig av etterspurnad kan dette gi rom for meir effektive bussruter mellom ytre del av Ryfylke og Stavanger/Nord-Jæren. Ei eventuell forlenging av pendlingsruter innover i Ryfylke og kopling mot E 134 og Haugesund, må bli sett i samanheng med framtidige hurtigbåtruter og stader for anløp. Etter opninga av Sandsfjordbrua er det og enkelte ruter til/frå Suldal og Sand som må bli forlenga til Ropeid».

Kolumbus har fått ei oppgåve frå samferdsleutvalet: om å vurdera måtar å spara pengar, blant anna gjennom å leggja større delar av kollektivtrafikken over frå hurtigbåt til buss, der det er gunstig av miljøomsyn og med tanke på å spare pengar.

Notatet er svar på dette, og meir til.

Ytre Ryfylke får alt

Fylket skriv at den indre del av regionen, altså Nedstrand, Suldal, Sauda og Vindafjord skal ha hurtigbåt. Vidare at hurtigbåt gjer rask reiseveg, som er korrekt, men kvifor då konsentrera seg om miljø og kostnader, og ikkje reisetid og reisekomfort? Og kva med ytre Ryfylke som har fått både Finnfast og Ryfast på plass. Kvifor er nesten ikkje rutene her lagde om? Dei er omtrent intakte, medan rutene i indre Ryfylke er heilt raserte.

Punkta ovanfor gjeld altså ikkje i praksis. Her går fylket rett i mot det dei sjølve skriv, og seie ved rette høve. Ryfylke er ikkje landfast med Stavanger, namnet Ryfast er misvisande. Reisande frå indre Ryfylke må i båt for å komma seg til Stavanger, og då er hurtigbåt best.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Ellevill Viking-jubel i Bjarne Berntsens nest siste hjemmekamp

  2. «Du har opplevd nok i livet ditt. Nå skal alt blir bra», sa Mats til Elisabeth. Så døde han på utenkelig vis.

  3. Bygger du på huset, får du nå en telefon fra skatteetaten

  4. Hvor mange kan vi være i jule­selskapet? Regnes hjem­vendte studenter som del av hus­standen?

  5. «2. omgang har vært meget solid - defensiv struktur så det holder»

  6. Farevarsel i Sirdal – kan komme en halv meter snø på ett døgn