Ei skam dersom vi ikkje ropar ut mot knebling av tru i Kina

KRONIKK: Konge- og prestestyret på Hans Nielsen Hauges tid har éin ting felles med brutale regime i dag: Dei er livredde huskyrkjer dei ikkje kontrollerer. Det må utfordra norske politikarar i dag.

I 1848 – 24 år etter at Hans Nielsen Hauge døydde – måla Adolph Tiedemann «Haugianerne», plasserte i ei stove han kjende til i Vikøy utanfor Norheimsund i Hardanger, – på den tida han og Hans Gude måla «Brudeferden i Hardanger».

Debattinnlegg

  • Johannes Morken
    Johannes Morken
    Redaktør i Stefanusalliansen
Publisert: Publisert:

Mange vil gjera Hans Nielsen Hauge (1771–1824) til «sin» i jubileumsåret – 250 år etter at han vart fødd. Men knapt noko av det Hauge fekk utretta overgår at han bana vegen for demokrati, forsamlingsfridom og trusfridom.

Svært mange ivrige talarar 17. mai snakkar om grunnlov og fridom. Av grunnar eg ikkje forstår hoppar dei bukk over mellom anna rettssaka mot Hauge. Då grunnlovsfedrane sat på Eidsvoll, hadde Hauge igjen eit drygt halvt år av ein ti år lang rettsprosess som knekte helsa hans.

Vanheilag tospann

Det vanheilage tospannet prest og lensmann hadde – frå Hauge starta verksemda si i 1796 – gong på gong brote opp møta til reisepredikanten og fått han bura inne nokre veker. Så i 1804 vart han arrestert. Medan ein kommisjon undersøkte saka, måtte den reisande forkynnaren og gründeren vansmekta i eit fangehol i årevis utan dom. Det var eit uhyrleg maktovergrep – også etter 1800-standard – og ei undertrykking av trus- og ytringsfridomen.

Først i 1813 vart Hauge dømd – til to års festningsarbeid for å ha halde ulovlege religiøse samlingar og for å ha ærekrenkt presteskapet. Men han vart frifunnen for å ha svindla tilhengjarane. Der fanst det ikkje prov.

Hauge frykta at festningsarbeidet ville ta livet av han og anka. Like før jul i 1814 fall dommen: Han slapp straffarbeidet, men måtte betala sakskostnader og 1000 riksdalar for brot på konventikkelplakaten – for å ha preika utan presteløyve.

Det er store skilnader mellom Noreg for drygt 200 år sidan og regime som i dag straffar kristne som ikkje bøyer seg for politi og presteskap. Men den brutale prosessen mot Hauge lyder likevel i øyro når eg les om regime i Asia og Midtausten som er redde for ukontrollerte forsamlingar.

IS-grunnleggjaren

I 1804 sende biskop Peder Hansen i Kristiansand brev til Det Danske Kanselli. Han åtvara mot «svermeren» Hauge og hans «fanatiske lære». Hauge skapte «mistillit mot Statens øverste autoriteter» – ikkje minst presteskapet. Makta frykta sanneleg predikanten – «det ser ut som Hauge har valgt å ligne muhammedaneren Abdul Vechab», skreiv biskopen.

Vechab heitte eigentleg Muhammad Ibn Abd al-Wahhab og grunnla wahabismen, statsreligionen i Saudi-Arabia. Frode Ulvund har i Historisk Tidsskrift (2–2018) vist at åtvaringane som den osmanske sultanen i Istanbul stod bak mot wahabismen, stod i avisene på tida Hauge verka.

Med bispeaugo likna Hauge altså på mannen som vart ideologisk fundament for ei bestialsk terrorrørsle. At wahabismen skulle enda med IS, kunne sjølvsagt ikkje den redde biskopen vita – 210 år før «kalifatet». Men han brukte likevel det farlegaste dømet på religiøs fanatisme han kom på for å få kongemakta til å stoppa Hauge for godt.

I kinesisk fengsel

Det er langt frå den dansk-norske kongen til president Xi Jinping. Men det er likevel påfallande kort frå skuldingane mot Hauge til ferske kinesiske prosessar. Pastor Wang Yi i den uregistrerte kyrkja Early Rain i Chengdu blei i 2019 dømt til ni års fengsel. Han nekta å innordna seg under den statskontrollerte kyrkja. Pastoren vart fengsla for å ha oppmoda til «undergraving av statsmakta» og for «ulovleg forretningsdrift».

Den kinesiske religionslova frå 1. februar 2018 og konventikkelplakaten som Hauge braut, har noko felles: Religionen skal vera statskontrollert. Hardhendt makt vert brukt mot folk som leier veksande forsamlingar som statsmakta er redd for.

«Parasitt» i Iran

Det er mykje dansk-norske kongen på Hauges tid ikkje har til felles med ayatolla-regimet i Iran. Men også herskarane i Teheran er redde. Kristne som deler trua med muslimar, held gudstenester på persisk og samlar folk, er ille ute. I 2010 omtalte ayatolla Khamenei huskyrkjene som eit «kritisk trugsmål», guvernøren i Teheran kalla dei «parasittar».

Makta er redd for den organisatoriske krafta i huskyrkjene. Fleire pastorar er dømde til 10 eller 15 års fengsel, som trugsmål mot «nasjonal tryggleik». På toppen har fleire fått to års indre eksil – der Hauge fekk to års festningsarbeid. Vår eigen skamplett av makt og tru i tospann bør læra oss å stå opp for dei som vert forsøkt knekte med psykisk tortur i einecelle i Evin-fengselet i Teheran.

Forventar meir

Difor forventar eg at jubileumsåret for Hans Nielsen Hauge vert brukt til av norske politikarar til å stå opp for folk som vert bura inne fordi dei ikkje held seg med ei statskontrollert tru.

Regjeringa har trappa opp innsatsen for religiøse minoritetar. Det er svært gledeleg. Men det var urovekkjande at kampen for internasjonal trusfridom var på veg ut av partiprogramma til både Ap og Høgre då programprosessen starta. Vi i Stefanusalliansen engasjerte oss i dette, og trusfridommen kom heldigvis tilbake.

Det er påfallande at til dømes eit land som Kina kan knebla dei statskontrollerte kyrkjene og andre trussamfunn og hardhendt forfølgja dei kyrkjene som ikkje vil bli innrullerte i dei statskontrollerte – utan at norske politikarar ser ut til å løfta eit einaste augebryn.

Det kan bli ein ny politisk skamplett.

–––

Gi en av norgeshistoriens fremste personligheter den anerkjennelsen han fortjener!

Publisert:
  1. Religionsfrihet
  2. Hans Nielsen Hauge
  3. Historie
  4. Politikk

Mest lest akkurat nå

  1. Her er 22 navn som gjør Vikings akademi-sjef stolt

  2. Gutt sto bak brann i barnehage

  3. Falsk kjæreste lurte åtte menn for 1,5 millioner kroner

  4. Høie ber kommunene bli ferdig med koronavaksinering før influensaen kommer

  5. Det KrF trenger er ikke en partileder som beklager sine vurderinger, det er en skikkelig oppvask

  6. Fylkesledelsen i Rogaland KrF har full tillit til Kjell Ingolf Ropstad