Renberg skriv om «nynorskforakt», eg vil skrive om nynorskfrustrasjon

KRONIKK: Med fare for å banne i ei eller anna kyrkje står eg med dette fram som motstandar av obligatorisk sidemålsopplæring.

Publisert: Publisert:

«Som norsklærar har eg ikkje tru på at nynorsken tener på at alle skal tvingast til å lære seg å skilje mellom a-verb og e-verb, og at denne opplæringa på nokon måte fører til gode vekstvilkår for nynorsken», skriv Åshild Knutzen. Foto: Shutterstock/NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Åshild Knutzen
    Norsklektor og aktiv nynorskbrukar
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

I Aftenbladet las eg nyleg Tore Renberg sin tekst om det han kallar «den paradoksale nynorskforakten», opningsforedraget han heldt på årets Kapittelfestival. Dette foredraget skulle eg gjerne ha høyrd i levande live ettersom eg har erfart at Renberg i tillegg til å skrive godt, også er ein dyktig formidlar.

For ein norsklærar er dette foredraget ein fantastisk tekst om ei språkleg oppvakning i særklasse, så å seie eit draumescenario.

Omslaget av Tore Renberg sin første roman på nynorsk, «Du er så lys», som kom i 2016. Aftenbladet sin meldar gav ein 5-ar.

For to år sidan gledde eg meg, saman med dei andre damene i litteraturklubben min, over den første romanen på nynorsk frå Tore Renberg. Romanen «Du er så lys» er skriven med ei nynorsk språkføring så briljant som eit norsklærarhjarte berre kan drøyme om. Etter å ha lese det nemnde foredraget, skjønar eg at nynorsk har blitt ein integrert del av den språklege identiteten hans, mellom anna grunngjeve ut frå nærleiken til talemålet i vår region. No vil han nynorskforakten og gamle overleverte språklege fordommar til livs!

Les også

Nynorsk blei redninga då Tore Renberg stod fast i arbeidet med sin nye roman

Les også

Anmeldelse: «Tankevekkende, høyaktuell roman med alvorstung eksistensiell dybde.»

Nynorsk som sidemål − på Jæren

Det er supert at nynorsken har fått ein ambassadør i Tore Renberg, og eg inviterer han gjerne inn i klasserommet dei næraste dagane for å inspirere idrettselevane mine på VG3 som skal ha skuleårets første vurdering i sidemål. Stemninga står ikkje akkurat i taket. Sjølv om me held til på Bryne, betyr sidemål for det store fleirtalet av elevane i klassen at dei då skal skrive nynorsk.

Som aktiv nynorskbrukar frå Jæren, og etter nærare tjuefem år som norsklærar midt i tjukkaste Garborg-land, unner eg alle elevane mine det same crescendoet som Tore Renberg har erfart i sitt forhold til nynorsk. Diverre har eg ikkje tru på at det er realistisk. Om eg er aldri så glad i nynorsk sjølv, og oppriktig prøver å formidle det, kan eg likevel i stor grad skjøne den frustrasjonen mange elevar føler på, og som nokre av dei med tydeleg røyst gjev uttrykk for. I løpet av åra må eg derfor innrømme at eg har utvikla ei meir dystopisk haldning til sidemålsundervisninga i skulen enn det eg hadde tidlegare i lærarkarriera. Tore Renberg snakkar i foredraget sitt om ein nedarva nynorskforakt. Mellom elevane mine ser eg lite forakt. Derimot ser eg mykje frustrasjon og mykje fortviling. Kall det gjerne ein nynorskfrustrasjon.

Droppar nynorsken

Bryne vidaregåande skule rekrutterer elevar frå typiske nynorskkommunar som Klepp, Time og Hå. Mange av elevane som kjem til oss, har hatt nynorsk som hovudmål i alle sine ti år i grunnskulen. Med det som utgangspunkt skulle ein tru dei var gode og trygge nynorskbrukarar i god tid før vidaregåande. Påfallande mange av dei er ikkje det, utan at eg dermed trur det er opplæringa det skortar på. Når dei kjem på vidaregåande, kan dei sjølv velje om dei vil ha nynorsk eller bokmål som hovudmål. Og kva skjer? Jau, for kvar termin frå og med VG1 til og med VG3 kjem den eine eleven etter den andre og vil bytte hovudmål, og det handlar utelukkande om å bytte frå nynorsk til bokmål. I dei fleste klassane endar det opp med at berre ei ørlita handfull av elevane går ut frå vidaregåande skule med nynorsk som hovudmål.

På spørsmål om kvifor dei ønsker å bytte, hevdar mange elevar at dei karaktermessig tener på å bytte. Det finst ingen statistikk som kan underbygge akkurat det, men det er nok slik at elevane vert mildare vurderte i sidemål enn i hovudmål. Logikken vert då at dei vel å ha som hovudmål den målforma dei meiner å beherske best. Som tidlegare nynorskelevar klarer dei seg samstundes høveleg greitt i sidemål. Etter år med vurdering av norsktekstar på begge målformer, ser eg at språket generelt flyt best for mange elevar når dei skriv på bokmål, uavhengig av kva dei hadde som hovudmål i grunnskulen, og til trass for at talemålet i vårt distrikt ligg langt nærare nynorsk enn bokmål. Kanskje er dette ikkje så rart når ein tenker på at dei fleste i det daglege møter betydeleg meir bokmål enn nynorsk. Stort sett er det berre på skulen elevane møter nynorsk, slik at dei færraste vert sosialiserte inn i nynorsken av seg sjølve.

Færre karakterar i norsk

For tida går det føre seg ei fagfornying i norsk skule som skal iverksetjast frå hausten 2021. Målet med fagfornyinga er å få til meir av såkalla djupnelæring. Det vil seie at ein i staden for å fare over mange emne med ein harelabb, heller skal fordjupe seg i færre. Norskfaget går for å vere det kanskje mest overfylte skulefaget, med mange og omfattande kompetansemål. I tillegg har norskfaget eit stort press på vurdering, særleg på studieførebuande, der ein kvar termin skal skaffe vurderingsgrunnlag for tre karakterar. Det er stor semje om at noko må gjerast for å redusere presset i norskfaget, både med tanke på måltrengsla og vurderingskøyret elevane er utsette for.

Og kvar gong noko skal gjerast med norskfaget, kjem naturleg nok diskusjonen om sidemål opp. Det er som ein verkebyll ein ikkje heilt får hol på sjølv om det frå tid til annan vert gjort nokre justeringar. I 2009 gjekk ein til dømes vekk frå obligatorisk sidemålseksamen i vidaregåande og gjorde sidemål til eit trekkfag på linje med programfag. Eit forslag nå er å slå saman sidemål og hovudmål til éin karakter i skriftleg for å minske vurderingspresset, ei forsøksordning som dei seinare åra har blitt gjennomført på mange skular.

Frå politikarhald vert det konkludert med at forsøket har vore vellukka. Noregs Mållag ser derimot på forslaget som eit trugsmål mot nynorsken fordi dei fryktar at skulen og lærarar vil legge mindre vekt på sidemål når det ikkje har ein eigen karakter. Det siste er sjølvsagt ikkje heilt utenkeleg.

Eg seier no ja til valfridom

Spørsmålet er om det strengt tatt ville vere ei ulukke om karakteren i sidemål forsvann. Å legge all sidemålsundervisning til VG2 og trekke nokre elevar ut til eksamen etter dette året, er også eit alternativ. Då slepp elevane å arbeide med to målformer parallelt gjennom heile skuleløpet, men kan konsentrere seg om eitt om gongen og legge sidemålet bak seg før innspurten på VG3. Begge dei nemnde forslaga vil etter mi meining representere forbetringar samanlikna med stoda slik ho er no.

Eit endå meir drastisk forslag er å kutte all opplæring i sidemål. Med fare for å banne i ei eller anna kyrkje står eg med dette fram som motstandar av obligatorisk sidemålsopplæring, rett nok ein litt tvilande motstandar. Dette forslaget vil for fleirtalet av elevane våre innebere at det nettopp er nynorsk dei ikkje får opplæring i. Argumentet for dette er alle elevane som slit med sidemålet sitt, og som kunne ha meir utbytte av å fokusere på å skrive éi målform i staden for å bakse med to nesten like.

Som norsklærar har eg heller ikkje tru på at nynorsken tener på at alle skal tvingast til å lære seg å skilje mellom a- og e-verb, og at denne opplæringa på nokon måte fører til gode vekstvilkår for nynorsken. Lite tyder på det, tvert om. Talet på elevar med nynorsk som hovudmål, og følgeleg talet på aktive nynorskbrukarar, er stadig synkande.

Nyttelaust

Om ein nå kutta skriveopplæring og karaktersetting i sidemål, som altså for ca. 94 posent av elevane i vidaregåande skule er nynorsk, betyr ikkje det at ein ikkje skal lese nynorsk litteratur. Nynorske tekstar er sjølvsagt ein viktig del av kulturarven vår, og i så måte ein særs viktig del av litteraturundervisninga. Eg vil gjerne halde fram med å bade elevane mine i nynorsk litteratur, endå meir enn i dag, i alt frå Garborg til Renberg. Her er mykje å ta av. Og dersom dette skulle føre til ei leseglede som gjer at ein og annan elev bestemmer seg for å praktisere nynorsk sjølv, ville det vere ein heilt akseptabel biverknad.

Dagens obligatoriske sidemålsopplæring trur eg diverre er ein nyttelaus redningsaksjon som fører til at mange utviklar ein nynorskirritasjon som er så sterk gjer at dei etter vidaregåande skule verken ønsker å skrive eller lese nynorsk.

Les også

Meir nynorsk i nye kommunar og fylke

Les også

Universitet foreslår mindre nynorsk

Les også

Pionerverk om nynorsklitteraturen − men med mange mistak


  • Les også:

Foto: Anders Minge

Tore Renberg: «Den paradoksale nynorskforakten: Eg kan godt innrømma ærendet mitt. Eg vil nynorskforakten til livs. Eg synest det er på tide å skrota han.»


Publisert:
  1. Nynorsk
  2. Skole og utdanning
  3. Tore Renberg
  4. Språk
  5. Dialekter