• I det som synest å ha vore eit oppheta møte på kontoret til kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (t.v.) fredag 19. januar 2018 møtte fylkesordførarane i dei fire fylke på Vestlandet. To av dei ville ha Vestlandet-namnet heilt for seg sjølve. Seinare kom det fram at statsråden fall ned på namnet Vestland for dei samanslåtte Hordaland og Sogn og Fjordane. Bak frå venstre: Marianne Chesak, varaordførar i Rogaland (Ap), Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane (Sp), og Anne Gine Hestetun fylkesordførar i Hordaland (Ap). Torsdag 7. juni vedtok Stortinget at dei to fylka midt på Vestlandet frå 1. januar 2020 skal heite Vestland fylke. Geir Søndeland
    Galleri

Namnet «Vestland»: Ein siger for lokaldemokratiet?

KRONIKK: Om fylkesnamnet «Vestland» er ein siger for lokaldemokratiet, er det i alle høve ein siger med ein bitter bismak. Det lokaldemokratiet som har sigra, står som ein motsetnad til, og ikkje som ein føresetnad for, kvalitet.