Er lærarnorma ein skivebom?

DEBATT: Utan tiltak som styrkar kvaliteten av læringsaktiviteten i klasseromet, kan lærarnomen verte ein gedigen skivebom og ein dyrekjøpt politisk hestehandel.

Publisert: Publisert:

«Ein skuletime er ein skuletime, men kva læring som skjer i timen, og skulen elles, er neppe avhengig av om det er 15 eller 20 elevar pr. lærar», skriv Sigrun K. Ertesvåg. Foto: Shutterstock

Debattinnlegg

  • Sigrun K. Ertesvåg
    Professor, Læringsmiljøsenteret ved UiS
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Jonas Andersen Sayed, fylkesleiar i Rogaland KrFU, går i Aftenbladet 1.12. til angrep på kritikarane av lærarnorma som KrF fekk gjennom i budsjettforliket. Det er mange gode argument i innlegget, men diverre er premissa som vert lagt til grunn og konklusjonane som vert trekt i bestefall misvisande.

Ein føresetnad for at lærarnorma kan lykkast, er at ein parallelt set i verk tiltak som målretta arbeider med å auka kvaliteten i undervisningsarbeidet.
Les også

6 spørsmål og svar om lærernormen

Manglar forsking av høg kvalitet

Ein skuletime er ein skuletime, men kva læring som skjer i timen, og skulen elles, er neppe avhengig av om det er 15 eller 20 elevar pr. lærar. Eg skriv neppe, fordi vi enno ikkje har norsk forsking av høg kvalitet som seier noko om dette. Derimot veit vi at kvaliteten av undervisninga, forstått som den støtte og oppfølging læraren gir elevane i læringsarbeidet, varierer svært mykje mellom klasserom i norske skular. Dette er dokumentert mellom anna av forsking gjennomført ved Læringsmiljøsenteret, og resultata vert støtta av forskingsfronten internasjonalt. Det er såleis ingen grunn til å tru at lærarnorma i seg sjølv gir betre resultat i form av auka læringsutbytte for elevane.

Sayed har rett i at forsking tyder på at tett oppfølging av elevane er avgjerande for å skape god skule og godt læringsmiljø. Den tette oppfølginga skjer nettopp i form av høg kvalitet i undervisninga og kvaliteten er ikkje avhengig av klassestorleik. Tett oppfølging er såleis eit kvalitetstrekk, og ikkje eit strukturtrekk, og kan ikkje løysast ved strukturelle tiltak som lærarnorma. Ein føresetnad for at lærarnorma kan lykkast, er at ein parallelt set i verk tiltak som målretta arbeider med å auka kvaliteten i undervisningsarbeidet. Det er heller ikkje usannsynleg at tiltak som styrkar kvaliteten i seg sjølv, vil vere tilstrekkeleg og at lærarnorma er eit feilslag.

Overlate til seg sjølv

Å gi undervisning av høg kvalitet må lærast på lik line med fagleg kunnskap. Sett på spissen har norske lærarar etter lærarautdanninga tradisjonelt kunne meir om døde filosofar enn om korleis ein mest effektivt og med høgst kvalitet leiar grupper på 20-30 elevar. Lærarar har såleis i stor grad vore overlate til seg sjølv når ein skal utvikle kunnskap som gir høg undervisningskvalitet. Dei nye fem-årige lærarutdanningane gir håp om at dette vil endre seg. Det vil likevel vere behov for å målrette tiltak i skulen mot å auke kvaliteten, ikkje starte med strukturelle tiltak. Det er å starte i feil ende.

Vilkår og kunnskap

Eg heier også på norske lærarar. Ikkje minst har eg stor respekt for dei komplekse oppgåvene dei er sett til å løyse og som dei gjer sitt beste for å handtere, kvar einaste dag. Få yrkesgrupper, om nokon, strekker seg så langt som mange lærarar gjer. Vi treng absolutt fleire lærarar, men då må vi gi dei vilkår og kunnskap som gjer det mogleg å gi undervisning av høg kvalitet. Lærarnorma er ikkje svaret på det.

Utan tiltak som styrkar kvaliteten av læringsaktiviteten i klasseromet, kan lærarnomen verte ein gedigen skivebom og ein dyrekjøpt politisk hestehandel. Det er liten grunn til å tru at norma i seg sjølv gir auka læring hos elevane.  

Publisert:

Les også

  1. Sjekk din skole: Her er oversikten over hvor det er behov for flere lærere med ny norm

  2. Høy lærertetthet gir bedre resultater

Mest lest akkurat nå

  1. Nå er legestreiken i gang – rask opptrapping varsles

  2. Marte (20) sa opp jobben og flyttet hjem for å pleie sin alvorlig syke pappa. Det fraråder Stavanger kommune

  3. – Et overgrep mot barnet

  4. Lervigs nye utestad tar natte­søvnen frå naboar: – Vil sjå på skjenke­reglane

  5. Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

  6. Snart kan batteriet vare lenger enn elbilen

  1. Debatt
  2. Undervisning
  3. Skole og utdanning