Fisken må i hovudsak tilbake til kystfiskeflåten

DEBATT: Jo, fiskeripolitisk talsmann for Høgre, Tom-Christer Nilsen (Aftenbladet 13. januar), vår kystkultur er i fritt fall.

Publisert: Publisert:

«Fisken utafor stovedøra, spesielt til folket i nord, er teken frå dei», skriver Knut Vadla. Foto: Sxanpix

Debattinnlegg

  • Knut Vadla
    Hjelmeland

Den verkeleg store katastrofen i norske fiskerier er fritt omsetjelege fiskekvotar, innført av trålreiarane som hadde store verdfulle kvotar til låns av staten.

Ingen rett til å selja

Alle veit at det me har lånt, har me ingen rett til å selja. Trålfisket blei forbode i Norge i 1936 fordi det var (og er) eit rovfiske. Men det blei gjeninnført av regjeringa i 1951, utelukkande for å skaffa råstoff til heilårsdrift i fiskeindustrien på land. Og så betalte staten nærast både båt og bruk for dei som ville starta med trål. Men det var landkrabber som vedtok dette, og dessutan kunne dei nok ikkje forutsjå at dette skulle bera mot privatisering med omsetjelege fiskekvotar.

I utgangspunktet var det nøgda av fisk. Men då det blei overfiske , blei det regulert med fangstkvotar. Ein trålreiar som etter ei tid ville slutta, fann så på å selja den store verdfulle kvoten han hadde til låns, og blei mangemillionær over natta. Då myndigheitene ikkje tok fatt i dette, spreidde det seg som ein ildebrann.

Større og større kvotar blei samla på færre og færre hender, på større og større båtar. Såleis blei fiskerinæringa ei kapitalkrevjande næring, som stengjer ute all ubemidla ungdom. Etter dette «genial/kriminelle»-trikset sit nå trålnæringa, som eigentleg berre var tenkt som eit supplement til kystfiskeflåten, som ein privilegert og beskytta adel med kjempestor del av den norske fisken; og i realiteten styrer heile premissene i norsk fiskerinæring.

Ein rapport frå FN-organisasjonen UNEP (United Nations Environment Programme) i 2008, beskriv botntrålfisket som den mest destruktive fiskemetoden som finst. Tråling blir karakterisert av forskarar som den største trusselen mot det biologiske mangfaldet i havet. Rapporten tilrår overfor FNs generalforsamling eit globalt forbod mot tråling.

Kvoten er knapp

Det er rett nok framleis ein restkvote/samlekvote for dei minste båtane å fiska på, men denne kvoten er knapp for dei små, og for dei fleste ikkje til å leva av. Fisken utafor stovedøra, spesielt til folket i nord, er teken frå dei.

Nilsen skriv: «Vi har rundt 10.000 registrerte yrkesfiskere. …. De siste årene har det ikke blitt færre fiskere. Det har blitt flere.»

Nei, det har nok ikkje blitt fleire. Til dømes deltok 32.200 fiskarar berre i Lofoten i 1894. For hundre år sidan landa flåten fire gonger meir fisk i Norge enn den gjer i dag. I 1938 var landingane i Norge 5,4 gonger høgare enn i dag.

Det er god grunn til å tru at med eit meir miljøvennleg fiske, vil me kunna ta på land fleire gonger så mykje fisk enn me gjer i dag. Og det av ein fiskeflåte som vil gi «lys i husan» langs vår langstrakte kyst. Det gjeld om å ta teknikken i bruk for folket, ikkje for kapitalen.

Publisert:

Les også

  1. – Den frie retten til fisken i havet blir teken frå deg og meg

  2. – Feil at noen få redere sitter på all fisken

Mest lest akkurat nå

  1. Kvinne fra Stavanger omkom i fallulykke i Sirdal - navnet er frigitt

  2. Tusenvis av skadde og mange døde i Beirut-eksplosjoner

  3. Kjempetabbe i «milliardkampen»: – Han kommer til å ha mareritt i ukevis

  4. Bergingsbil rykket, men ble bedt om å snu – i mellomtiden vokste køene

  5. Mange fulgte klassisk flyperle hjem

  6. Par fra Jørpeland var på Hurtigruten: – Smittevernet ble tatt på største alvor

  1. Debatt
  2. Fisk
  3. Fiskeri
  4. Båt