Smertefulle møte med valdtekne

KRONIKK: Ekstremistar mishandlar og valdtek kvinner for å øydeleggja eit heilt samfunn – av kristne eller andre minoritetar av truande. Det er ein grufull strategi.

Publisert: Publisert:

Systematisk valdtekt for å kasta skam over kvinner, for slik å øydelegge både familiar og lokalsamfunn, er ein mykje brukt krigstaktikk – av soldatar og militsar med ulik religiøs bakgrunn. Dette er handler altså både om kjønn og trusfridom. Foto: Ben Curtis, AP/NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Johannes Morken
    Redaktør i Stefanusalliansen

I mange land blir kvinner dobbelt forfølgde – både på grunn av trua si og kjønnet sitt. I Irak angreip IS jesidiane – mennene vart drepne, kvinner blei tekne som sexslavar og vart handelsvare i kalifatet.

Framleis er 3000 kvinner ikkje sette frie. Dei overlevande vert forsøkt stabla på beina igjen. Men det er ikkje spor av noko rettsoppgjer etter folkemordet.

Det kjem sterke rapportar også frå andre område. Lenge var kristne kvinner først og fremst indirekte offer for forfølging: Dei blei enker då mennene blei drepne, eller dei blei åleine med omsorga for barna då mennene vart sette i fengsel.

Men dei siste åra er kristne kvinner i tillegg blitt direkte angripne av terrorgrupper som IS, og av al-Shabaab og Boko Haram i delar av Afrika (og av den såkalla kristelege terrorgruppa Lord’s Resistance Army òg; red.mrk.).

«Marias» valdtekt

Helene Fisher i Open Doors International har i 12 år studert korleis kvinner blir forfølgde både for trua si og kjønnet sitt. I ein periode var ho sterkt involvert i arbeid i Den sentralafrikanske republikken. Der møtte ho mange valdtekne kvinner, ofte var dei valdtekne av gjengar.

Fisher fortel om «Maria», gift og mor til to. Ei militant, islamistisk gruppe kom til landsbyen. Familien gøymde seg. Då svolten truga, tok «Maria» og mannen sjansen på å gå frå barna for å henta mat ute på åkrane.

Då militsen nærma seg, bad «Maria» mannen rømma. Ho var sikker på at ikkje båe ville klara å komma seg unna. Militsen kravde å få vita kvar mannen var. «Maria» sa ho var åleine. «Då må du betala prisen!» var svaret. Maria vart gjengvaldteken. Blodig og skamslegen vart kvinna liggjande i åkeren.

Mannen hadde gøymt seg – han såg kva som hende, men var utan sjanse til å stoppa ugjerninga. Han tok den skadde og nedbrotne kona heim. Men etter eit par dagar orka mannen ikkje meir. Sidan har «Maria» ikkje sett han. Ho mista mannen. Barna mista faren. «Maria» vart utstøytt frå landsbyen som «urein».

Det er ingen tvil om at militsen angreip henne fordi ho var kristen. Tilbake stod ein øydelagt familie.

Riva opp samfunn

Andre stader går ekstremistar laus på kvinner frå andre grupper som dei vil knusa. Strategien var og er klar. Ved å angripa kvinner vil dei bryta ned fundamentet for samfunna dei angrip.

Den kristne landsbyen til «Maria» kunne brote med den sterkt inngrodde førestillinga om kva som er «ureint». Dei kunne sagt at skamma berre låg på dei som valdtok, ikkje på Maria. Ho hadde sett seg sjølv i alvorleg fare for å berga mannen. Maria var ikkje, kunne landsbyen sagt, den lågaste av dei låge, – ho var, derimot et Kristus-likt førebilete som ville verna familien. Landsbyen kunne sagt til barna at mora var ein helt. Open Doors har, fortel Fisher, sette i gang program for traumebehandling og familieterapi for å hjelp kristne samfunn til å handtera angrep heilt annleis.

Motstand

Det er lite forsking på forfølging på grunn av tru og kjønn. Det kan skuldast at mykje av valden mot kvinner – frå ekstremistgrupper, men også frå familien til kvinnene – skjer i det løynde. Det er ikkje lett å forska på det ein ikkje ser.

Men det er også aktiv motstand mot å sjå samanhengar. Mange som studerer eller kjempar for likestilling for kvinner internasjonalt, godtek ikkje at kvinner blir forfølgde dobbelt – både for kjønnet sitt og trua si. Aktivistar og byråkratar meiner religion er ei viktig årsak til manglande likestilling.

FNs førre spesialrapportør for trusfridom, Heiner Bielefeldt, sette ord på dette i 2013-rapporten om trus- og livssynsfridommen i verda. Han skreiv at det er skapt ei utbreidd førestilling om at trusfridom og likestilling er menneskerettar som står i skarp motsetnad til kvarandre, sjølv om dei er begge lista opp i menneskerettsfråsegner og konvensjonar. Dette feilaktige inntrykket kan, skreiv FNs rapportør, hindra at kvinner blir verna.

Det finst nemleg klare synergiar mellom å kjempa for likestilling og trusfridom, samstundes. Dette går ein glipp av om ein nektar å sjå den doble forfølginga. Å stogga omskjering, tvangsekteskap eller valdtekter gjev kvinnene både likestilling og rett til å tru slik dei vil. Trusfridommen vernar menneske, ikkje religionar, skikkar eller makter.

Ny FN-rapport

Stefanusalliansen står sentralt i eit arbeid for å gje FNs noverande spesialrapportør for trusfridom, Ahmed Shaheed, konkrete innspel til den neste FN-rapporten om trus- og livssynsfridom. Saman med danske kollegaer har vi på oppdrag frå utanriksdepartementa i Noreg og Danmark det siste året leia eit internasjonalt arbeid for å studera trusfridom for kvinner og likestilling i lys av fire av FNs berekraftsmål – om helse, rettsstat, utdanning og klima. Rapporten kjem rundt nyttår. Så kjem FN-rapporten utpå nyåret.

Saman med Open Doors skaper vi mellomtida merksemd rundt kvinner som lid for trua si. Vi gjer det med fakkeltog, i Stavanger 8. november. I Oslo får utanriksminister Ine Eriksen Søreide eit opprop ei veke seinare.

Vi skal ikkje tola at kvinner vert forfølgde for trua si. Og vi må ropa ut mot at kvinner mange stader vert dobbelt forfølgde. Det er ein skamplett.

Publisert:

Les også

  1. Maner til kamp mot voldtekt som krigsvåpen

  2. Fredsprisvinnerne Nadia Murad og Denis Mukwege kjemper en viktig kamp

  3. – Møtet med IS-uhyret

  4. Trusfridom: – Retten til å samlast, vart kjempa fram i ein hard og brutal strid


– Jeg leste mye om sex uten samtykke da jeg planla showet, og på et tidspunkt var det som om alle puslespillbrikkene falt på plass. Jeg innså at jeg hadde noe å melde, sier Veronica Simoné Fjeld. Foto: Carina Johansen

  1. Voldtekt
  2. Terror
  3. Religion
  4. Krig
  5. Kvinner