Sparing er ikkje så sexy, men mykje meir realistisk

DEBATT: Når Hilde Øvrebekk 30. april utfordrar oss i Miljøpartiet Dei Grøne til å endre strategi frå oljekritikk til å diskutere sirkulærøkonomi, er det juvelen i MDG programmet ho peikar på.

Allereie har Noreg brukt opp vår del av dei naturressursane som er det maksimale forbruket Jorda kan tole. Svaret – ein sirkulær økonomi med gjenbruk av ressursar – er sentralt i MDG sin politikk, skriv innsendarane. Foto: NTB scanpix/Torgeir Vølstad

Debattinnlegg

  • Alexander Rügert-Raustein
    Gruppeleiar i fylkestingsgruppa, MDG Rogaland
  • Kjell Magne Fagerbakke
    Fungerande styreleiar, MDG Bergen
Publisert: Publisert:

Det er i sirkulærøkonomien løysingar av natur og klimakrisa ligg, og der vegen til eit samfunn innanfor den økologisk tolegrensa finst. Korleis Øvrebekk meiner me kan få til dette samstundes med at flaggskipet i den lineære økonomien skal få segle motstandslaust vidare, er vanskeleg å få til å rime.

Energiproduksjonen må òg kome inn i sirkulære former. Over 90 prosent av olje og gass går til eingongsbruk som energikjelde gjennom forbrenning, og tradisjonelt har anna bruk gitt oss produkt med svært kort levetid. Oljeprodukt vil ha ein naturleg plass i framtida når varer skal bli produserte med kvalitet og lang varigheit.

Inngangen til sirkulærøkonomi er å spørje etter, bruke og produsere produkt med høg kvalitet som har eit design som gjer at reparasjon er enkelt. Kombinert med gjenbruk og ombygging vil produkta få lang levetid. Materiala skal nyttast i mange syklusar, og råmateriala skal inn att i produksjonen.

Overforbruk trugar planeten

Dagleg blir me minna på at naturen forsvinn bit for bit og materialforbruket krev sitt offer i form av minkande naturmangfald og ei akselererande klimakrise. Det er freistande å redusere det ned til ei energikrise, men eigentleg er det ei livsstil krise me må løyse. Fornybar energi og energieffektivisering i den lineære vekstøkonomien har til no berre klart å minke bruken av kol, og den har enno ikkje redusert dei totale CO₂-utsleppa i verda. Om me ønskjer å halde oss innanfor tolegrensene til planeten, vil moglegheitene for å lykkast vere langt større om me ikkje avgrensar oss til produksjonseffektivitet og avfallsgjenvinning, men endrar økonomien i ei radikal sirkulær veg.

Ellen MacArthur Foundation har rekna ut at mindre enn 9 prosent av ressursane blir sirkulert tilbake i produksjon og at forbruk står for 45 prosent av alle CO₂-utslepp. Medan bosshaugane veks, minkar mange ressursar i eit altfor stort tempo. Det er i denne haugen me ser eit stort potensial for reduksjon i CO₂-utsleppa.

Noreg ligg dårleg plassert

MDG er eit parti bygd på fakta og kunnskap. Antropologen Jason Hickel plasserer Noreg på 157.-plass i lista over dei mest berekraftige nasjonane i verda. Dette er noko me tek alvorleg. Skal det vere plass til naturen, kan me ikkje bruke han opp som no.

MDG er glad for at Noreg toppar indeksar baserte på velferdsparameter. Statistisk sett passerte Noreg allereie 18 april (truleg litt seinare i år pga. koronaviruset) grensa for berekraftig forbruka av ressursar. Frå dette livsstil-nivået treng me å redusere forbruket med 70 prosent for å sikre at komande generasjonar får same kår som oss. At dagens definisjon av «det gode liv» baserer seg på eit forbruk langt over tolegrensa til planeten, gjer oss triste. Det er naturen som er premissleverandør og sivilisasjonen sin største kapital.

Velferd – velstand

For å føre debatten vidare må me skilje mellom velferd og velstand. Velferd er tryggleiken fellesskapet gjev oss gjennom eit fungerande helsevesen, utdanning til alle og eit godt økonomisk sikkerheitsnett. Materiell velstand, derimot, er ein tillært livsstil som kan endrast. Det er dei tinga som varer som gjev lykke, ikkje dei ein hiv. Reparasjonar kan ein byrje med i dag, og de vil vere eit kraftig signal til dei som produserer for eingongsbruk. Å auke sirkulariteten i materialbruken er eit godt svar på denne utfordringa. Det må løne seg å leige og reparere. Berre slik kan me nå eit forbruksmønster som liknar den velstanden me har i dag utan å øydeleggje det naturlege grunnlaget for velferda.

Produktdesign som legg vekt på kvalitet, gjenbruk, ombyggingspotensial, deling og eigentleg alt anna enn kasting og avfall, er det me må vere på leit etter. Me kan ikkje ha produksjon av dingsar som ingen har bruk for. Alternativet er ein kamp om ressursane ingen bør ønske å delta i. Det er velferda vår som ligg i potten. Gje ikkje frå deg den i byte med ein illusjon skapt av kreativ reklame og ideen om evig vekst.

Les også

  1. «Resirkulering, ikke oljenedstengning, er svaret, MDG»

  2. Designeren sparte 600.000 på å bygge om med kapp og rester

  3. «Gjenvinning av skip er sirkulær økonomi i praksis»

Publisert:
  1. Bærekraft
  2. MDG
  3. Gjenbruk
  4. Økonomi
  5. Velferd

Mest lest akkurat nå

  1. Stavanger-ordføreren vil forlenge koronatiltak

  2. Europrisgründer og Jæren hotell-eier flytter fra Sola til Norges nye «skatteparadis»

  3. «Det er på tide å skrote pakkekalenderen»

  4. Bil tok fyr under lading i Stavanger

  5. Dropper solcellene etter kommunens siste vedtak: – Panelene ligger i kjelleren og er til salgs

  6. «Hæ, har dere flyttet dit?» spør folk. Nå har hjemmet deres vunnet arkitektur­pris