«Eit norgesglass med meir enn tretten humler i»

KRONIKK: Det har ein eigenverdi å kjenne naturen. Og dei som kjenner naturen, vil vere i stand til å spele på lag med han.

Publisert: Publisert:

Naturen har sine eigne insekthotell i dødved. – Det klarer vi ikkje etterlikne, sa naturforvaltar Torborg Berge i Sandnes kommune til Aftenbladet. Foto: Kristian Jacobsen

Debattinnlegg

  • Per Henning Uppstad
    Pedagog

I samtale over boka «Flugfällan», skriven av insektforskaren – entomologen – Fredrik Sjöberg, nemnde ein forskarkollega rundt lunsjbordet at ho på ungdomsskolen hadde laga ei stor insektsamling. Kvifor, spurde eg? Eit par dagar seinare svara ho at ho trudde interessa måtte komme frå då mora til ei venninne på barneskulen tok eit vidareutdanningskurs i biologi og dei fleire ettermiddagar blei sendt ut med håv for å finne insekt.

Barnet si oppleving av å ta inn naturen slik og setje namn på det ein fann, kunne like gjerne vore formulert med den bibelske forteljinga om Adam og Eva som gav namn til alle levande vesen, som med Arnt Birkedal si linje: «[…] et norgesglass med merr enn tretten humler i.»

To-delt utfordring

Nemnde Fredrik Sjöberg har skrive mykje om korleis hindre at me blir ramma av biologisk analfabetisme. Då eg las Aftenblad-artikkelen 28. april om naturforvaltaren Torborg Berge i Sandnes kommune, kom eg til å tenke på to av essaya i boka «Den utbrände kronofogden som fann Lyckan». Naturforvaltar Berge riv seg i håret av strigla hagar, og vil ha «rufsete hagar og høge plenar»: daude trestammar, kratt, uklipte plenar med ustelte kantar.

Resonnementet hennar om biologisk mangfald er lett å følgje og uråd å vere usamd i, men det har likevel liten sjanse å nå fram. Det er synd, fordi biologisk mangfald vert rekna for å vera naudsynt for framtida for menneska. Utfordringa til naturforvaltaren er to-delt: Det eine er at du og eg vil ha det velstelt kring oss. Det andre er at du og eg først og fremst er bekymra for naturen, utan at vi nødvendigvis kjenner han.

Kolonihagar heime

Grunnen til at eg tenkte på Fredrik Sjøberg, er at han i dei to essaya tangerer båe utfordringane. I «Lyckad skövling i ny natur» samlar han insekt på eit nedlagt svensk skytefelt og reflekterer over mangfaldet som finst der. Med andre ord: Insektmangfald i område som ikkje lenger er urørt natur, men langt på veg øydelagt, sundskoten natur. Og når han sit der i skytefeltet, reflekterer han over artsrikdomen av insekt i parkar, kyrkjegardar, søppelhaugar og særleg kolonihagar. Det er få stader som kan måle seg med artsrikdomen i kolonihagar, seier insektforskaren.

Ein viktig grunn til mangfaldet er variasjon. Variasjonen kjem av at hageeigarane ikkje er så opptekne av kva naboen har i sin hage, kva A-magasinet seier at ein bør ha når ein har funkishus, at ein ikkje plent må ha vegg-til-vegg-plen, eller snorbein barlind-hekk. I kolonihagar har hobbygartnarar kvar sine prosjekt ut frå interesse og kunnskap.

Om ein skulle spekulere vidare på Sjöberg sin refleksjon, kunne ein i staden for å gjere hagane lik skogen, arbeide for at hagane i byen fekk større variasjon, som i kolonihagane. Eit slikt ideal er kanskje ambisiøst, men oppnåeleg, fordi kolonihagar ofte også er estetisk vakre. Ein viktig mekanisme i dette er at du og eg vil ha det vakkert kring oss. Ein annan er at den som kan skilje ein plante frå ein annan, får større interesse og bygg kunnskap. Det er mogleg å ha hageestetikk og stort mangfald – midt i byen.

Lèt du plenen vekse, vil engkarsen kunne blomstre og gi mat til pollinerande insekt. Foto: Kristian Jacobsen

Misnøya i miljørørsla

I fleire essay, mellom anna i «Biologisk nationalism på vid gavel», kritiserer Sjöberg miljørørsla si oppfatning av naturen, nemleg som noko som primært må vernast. I Sverige, som i Noreg, heiter det Naturvernforbundet. Sjøberg kallar dette for konstituert misnøye. Han utfordrar med å seie at der idrettsklubbar og musikkorganisasjonar har rekruttert medlemmer på grunnlag av kunnskap og glede, har naturorganisasjonar vore tufta på romantikk og misnøye. Misnøya kjem ved at det romantiske idealet i for liten grad blir oppnådd. Vår tids utfordringar krev kanskje at ein ser annleis på naturen.

For å få sikre biologisk mangfald vil det vere naudsynt med eit supplement til den utbreidde kombinasjonen av romantikk og misnøye. Sjöbergs svar vil vere å vise interesse for naturen der den er å finne – også i byen. Bekymringa vil nemleg alltid vere på etterskot. Som ein raritet viser han til ei avhandling frå midten av 1800-talet, «Flora of the Colosseum of Rome – or illustrations and descriptions of four hundred and twenty plants growing spontaneously upon the ruins of the Colosseum of Rome».

Barne- og ungdomsrørsler som 4H og speidar har interesse for naturen som sitt grunnlag. Speidarlova seier til dømes at «ein speidar kjenner naturen – og vernar om han». Med andre ord: Det å kjenne naturen er ein føresetnad for å kunne ta vare på den.

Kvar enkelt av oss

Alle som eig ein hageflekk, har då moglegheit til å bidra til å sikre biologisk mangfald: Ved å lage ein bognande hage etter eige hovud, og ved å bygge kjennskap til naturen gjennom dette.

Her kunne ein tenkje seg at ein kunnskapsinstitusjon som UiS gjekk føre på dette området. Paradokset er at det er få stader robotklipparane går så hyppig over så store grasflater som der.

Det har ein eigenverdi å kjenne naturen, og dei som kjenner naturen, vil vere i stand til å spele på lag med han. Også i byen, der barnet kan ta naturen inn over seg: Eit norgesglass med meir enn tretten humler i.

Publisert:

Les også

  1. – Hvordan du kan hjelpe insektene

  2. Torborg Berge riv seg i håret over alle dei strigla hagane

Mest lest akkurat nå

  1. – Et slag under beltestedet fra Høie

  2. Etter 19 år med dårlige vaner, har Ole Klemetsen fått nok. Nå starter han på et nytt prosjekt.

  3. Tina Bru sitt nye hus på Stokka må ligne på et uthus

  4. Lye-saken: Politiet tror de vil finne gutten på steinen

  5. Bytyqi-forhandlingene: – Tror og håper vi kan bli enige

  6. Finansministeren: Ja til julebord på gavekort

  1. Natur
  2. Hage
  3. Miljø
  4. Biologi
  5. Naturvern