Fråværsregelen trengst, men må ikkje brukast overnervøst!

DEBATT: Denne veka meldte Tonje Brenna at fråværsregelen i vidaregåande skule skal gjelda på nytt frå hausten. Lærarorganisasjonane pustar letta ut.

Faktisk er fråværsreglane i skulen like rause som IA-avtalen. Kan det vera urimeleg at ein må gå til legen når ein har vore borte nesten ein månad av skuleåret?
  • Helge Kristoffersen
    Hovedtillitsvalgt i Norsk Lektorlag, Sandnes kommune
  • Marianne H. Rødland
    Fylkestillitsvalgt Norsk Lektorlag Rogaland
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Elevorganisasjonen er i harnisk over å måtte dokumentera fråvære over 10 %. Dette er ikkje det same som at det ikkje er rom for å vera borte, av sjukdom eller andre grunnar, men regelen gjer det tydeleg at det skal ikkje vera fritt fram for fråvære i skulen. Faktisk er fråværsreglane i skulen like rause som IA-avtalen. Kan det vera urimeleg at ein må gå til legen når ein har vore borte nesten ein månad av skuleåret?

Lærarorganisasjonane ønsker fråværsregelen, fordi vi veit at han fungerer etter intensjonen. Elevar som møte på skulen, lærer meir, og dei som lærer meir, gjennomfører.

Men sjølv tre omgangar med fem dagars snue, krev ikkje at elevane går til legen, sjølv om den pågåande debatten kan gi inntrykk av noko anna.
Les også

Gjeninnfører fraværsgrensen: – Folk er oppgitte, irriterte og føler seg ført bak lyset

Feil med overnervøs tolking

Etter to år med pandemi veit vi at elevane lærer best i klasserommet, i samhandling med andre. God og rettferdig vurdering føreset òg at eleven er til stades, for å utvikla og visa den faglege kompetansen sin. Som skule skal vi òg førebu elevane på vaksenlivet, der det å møta opp eller gjera reie for kvifor du ikkje gjer det, er ein sjølvsagd del av kvar jobb.

Den normale grensa for fråvær i vidaregåande skule er 10 prosent. Når skuleåret er 190 undervisningsdagar, er 10 prosent 19 dagar, eller nesten fire skuleveker. Det vil vera klokt å ta ein tur til legen ved slikt fråvær, og ikkje berre for å få vitnemål. Unge som kjem til legen med godt over ti sjukedagar, bør møtast med respekt og alvor. Det er faktisk ikkje normalt og legehjelp kan vera viktig. At unge spring til legen med langt under 10 prosent fråvær, er ei overnervøs tolking som ikkje er intensjonen bak reglane. Det er som å køyre i 50 på motorvegen. Det er dumt at somme køyrer for sakte, men det er neppe grunn for å sette opp fartsgrensa.

Fastlegar og skular bør jobba saman for å hindra at elevar går til legen for bagatellar. Uroa til Peter Christersson, som er fastlege og leiar i Rogaland Legeforening, må skulen ta på alvor. Fastlegen skal ikkje fylla dagane sine med bagatellar, men innpå 20 dagar sjukdom for tenåringar er sjeldan bagatellar. Det at dei kjem etter få dagar med snue, er meir problematisk. Men sjølv tre omgangar med fem dagars snue, krev ikkje at elevane går til legen, sjølv om den pågåande debatten kan gi inntrykk av noko anna.

Les også

Elever om fraværsgrensa: – Må betale for å være syk

Kvifor særbehandla?

Elevar som er mot reglar, kan skuldast for alle slag vikarierande motiv. Me som er lærarane deira forstår godt uroa for å måtte stressa med attestar og byråkrati. Vaksne i skulen er lite begeistra for tidstjuvar som tolking av forskrifter og føring av timar. Men at det er ei grense der ein set inn sterkare lut, er klokt. Det er heilt sikkert føresette og elevar og samde i. På 10 prosent fråvær er det ofte gode grunnar til å ta tak. Kvifor skal me vente til arbeidslivet med reglar for oppmøte?

Det finst unge som har skule i arbeidslivet. Lærlingane følgjer reglane i arbeidslivet, trass i at dei eigentleg er elevar. Slik har det alltid vore, og ingen vil endra på dette. Det er ei logisk kortslutning at samfunnet ikkje skal kunne krevja dette av jamnaldringane. Er ikkje skule like viktig? Dei har tatt valet om å halda fram med opplæring på skulen av eigen fri vilje. På vidaregåande skule er det ikkje skuleplikt, men skulerett. For å halde retten til å få karakter, er det logisk at ein faktisk er til stades. For eiga og klassen si læring er det best at så mange som mogeleg deltek. Fråvære er greitt, men vert det for mykje, vil elevane trenga hjelp. Helsevesenet hjelper ved sjukdom, og skulen legg til rette. Slik er det i arbeidslivet. Slik bør det væra på skulen.

Skulen skal førebu elevane på verda og framtida. Regler for frammøte er noko av det mest sentrale i arbeidslivet. Då forskrifta kom, var det fleire år på overtid. Norsk Lektorlag er samd med Aftenbladet. Gjeninnføringa kjem fleire månader på overtid.

Som skule skal vi òg førebu elevane på vaksenlivet, der det å møta opp eller gjera reie for kvifor du ikkje gjer det, er ein sjølvsagd del av kvar jobb.
Publisert: