Kvifor kan vi ikkje la vere å eksportere straum?

DEBATT: Vi set stadig nye prisrekordar på straum i sør-Noreg og det ser ut til at vi må leve med høge prisar gjennom vinteren.

Her frå Kvilldal i Suldal der Statnett har bygd ein stor likeretterstasjon som går inn i prosjektet North Sea Link, ein 720 kilometer lang kraftkabel til England.

Debattinnlegg

  • Rolf Schei
    Rolf Schei
    Sivilingeniør og siviløkonom, Stavanger
Publisert: Publisert:

Dette har fleire årsaker: Bl.a. manglande tilsig til norske vassmagasin, redusert tilgang på kraft frå utlandet og høge prisar på gass og kol. Kraftprisane synest og å vere sterkt påverka av marknader som vi har knytta oss opp mot gjennom utanlandskablar.

Korleis havna vi her, og kvifor kan vi ikkje la vere å eksportere straum for å sikre nok rimeleg kraft til kalde vinterdagar?

For å forstå dette betre meiner eg at vi må sjå på kva som er målet med EU sin energi union og meir spesifikt effekten av EU sitt elmarknadsdirektiv.

Elmarknadsdirektivet gjev ikkje Noreg moglegheit til å la vere å eksportere straum fordi vi ynskjer å halde prisar nede til norske forbrukarar.

Solidarisk samarbeide

EU sin energiunion bygger på «Five dimensions of the energy union». Medlemslanda skal bl.a. solidarisk samarbeide for å utvikle eit fullt integrert energisystem utan regulatoriske og tekniske barrierar. Dette skal bidra til auka energieffektivitet og dekarbonisering. EU sitt elmarknadsdirektiv er ei viktig brikke i å skape EU sin energiunion. Dette direktivet er innlemma i EØS-avtalen, og dermed har Norge forplikta seg til å knytte seg opp mot og utvikle EU sin indre marknad for straum. Ein oppdatering av dette direktivet (EU direktiv 2018/1999) ligg no til saksbehandling hjå regjeringa og vil med tid bli innlemma i EØS-avtalen.

Elmarknadsdirektivet gjev ikkje Noreg moglegheit til å la vere å eksportere straum fordi vi ynskjer å halde prisar nede til norske forbrukarar. Vi er forplikta til å levere straum til utanlandske kundar så lenge vi har ledig produksjons- og overføringskapasitet. Det einaste lovlege verkemiddel for å handtere høgare prisar er å kompensere særskilt sårbare grupper for høge straumrekningar gjennom målretta tiltak. Difor har SV saman med Høgre i Stortinget 21. oktober fremma forslag om dette for regjeringa. Vi som ikkje har rett på slik støtte, kan jo sjølvsagt håpe på at dei ekstrainntektene som staten no mottar som eigar i Statnett/kraftselskap og gjennom auka momsinntekter, blir betalt tilbake gjennom skattelette, men det sit nok langt inne.

Større merksemd

Det positive med dagens prisnivå er at vi har fått ein større merksemd rundt bruk av straum. Med moderne smartmålarar (også eit krav i EU direktiv 2018/1999) i husa våre, kan vi betale prisen som er den timen som vi forbruker. Normalt er prisen lågast midt på natta. Det kan vere vanskeleg å overtale tenåringane i huset til å dusje kl. 03.00, men ein har moglegheit til å lade bil eller sette på vaskemaskin når prisen er lågast. Dette i seg sjølv reduserer ikkje totalforbruk, men sørger for ei meir effektiv utnytting av energisystemet. Høgare prisar gjev oss i tillegg insentiv til å investere i tiltak for å spare straum t.d. varmepumper og etterisolering. Nokon endrar så vel åtferd for å redusere forbruk.

Det negative er større svingingar i pris og dessutan ei tettare tilknyting mot europeiske kraftprisar.

Vi kan like eller ikkje like dette, men Stortinget har vedtatt å knytte oss opp mot EU sin indre energimarknad gjennom å innlemme EU sitt elmarknadsdirektiv i EØS-avtalen. Dette medfører forpliktingar vi ikkje utan vidare kan fråvike. Tiltak for å «isolere» Noreg i eit forsøk på å halde straumprisar nede vil vere i strid med EØS-avtalen. Slikt vil neppe bli vel mottatt i Brussel og kan bli møtt med mottiltak.

I tråd med måla

Eg trur difor vi må akseptere at straumprisen framover blir meir lik den som er på kontinentet og Storbritannia for dei deler av landet som ha mest overføringskapasitet til utlandet. Noreg risikerer imidlertid at på sikt vil konkurransefordelen vi har p.g.a tilgang til rimeleg og rein vasskraft, bli integrert vekk. Dette er i tråd med måla for EU sin energiunion – å skape ein felles Europeisk kraftmarknad.

Les også

  1. Strømprisen holder seg stabil torsdag

  2. NVE spår at kraft­prisene vil gå opp i årene fremover. Dette bildet er en del av for­klaringen

  3. – Skal vi subsidiere Facebook gjennom høye strømpriser?

Publisert:
  1. Debatt
  2. Strøm
  3. Energipolitikk
  4. EØS

Mest lest akkurat nå

  1. Dette er de nye omikron-tiltakene

  2. Vikings keeper dagen der­på: – Det så ikke bra ut. Jeg burde holdt meg på beina

  3. Er det penger å spare på å senke tempe­raturen om natten? Ikke gjør denne varme­pumpe-tabben

  4. Aslak tjener 450 millioner på salg av mølle

  5. Vaksineringen tilbake til Forum Expo

  6. 10 grunner til at strømprisen vil være skyhøy i mange år