Klimatiltak i samarbeid med naturen

DEBATT: Nå håpar me klimamøtet i Glasgow vil medføre viktige globale klimatiltak!

«Når tømmer erstattar byggjematerial av stål, aluminium, betong med meir, sparer ein både elektrisk kraft, mineralressursar og natur», skriv Eirik J. Varhaug.

Debattinnlegg

  • Eirik J. Varhaug, Varhaug
    Pensjonert bonde og landbrukslærar
Publisert: Publisert:

Fotosyntese produserer organisk stoff frå uorganisk CO₂ + H₂O + Lysenergi (solskin). Denne prosessen er grunnlaget for alt liv på jorda. Klorofyll (bladgrønt) i planter og plankton er som små fabrikkar, som altså produserer til dømes mat. Samtidig reduserast CO₂ i lufta, medan fritt O₂ aukar. Dessverre har mellom anna fossilt brensel auka CO₂-mengda i det naturlege kretsløpet. Dermed aukar solfangereffekten og globalt klima blir varmare.

Atmosfærisk CO₂ har etter siste krigen auka frå ca. 0,03 prosent til ca. 0,04 prosent, altså med ca. 30 prosent. Denne auken er stort sett menneskeskapt og difor mogleg å reversere. Men einsidige norske tiltak vil neppe gi registrerbart utslag på globalt klima. – Likevel bør vi i rike Norge både vere pådrivarar og i forkant når internasjonale tiltak blir drøfta/iverksette. For klimaendringane er alvorlege!

Vi er mange som heller ikkje ønskjer fleire naturskjemmande vindmøller på norsk territorium. Dei verste møllene bør takast bort, etter mi meining.

Tiltak med full tyngde

Men smeltande permafrost, redusert lysreduksjon frå polare strøk, varmare og surare hav, er døme på prosessar som er vanskeleg å stanse. I tillegg kjem den naturlege delen av klimaendringane. Konklusjonen er at tilpassing til endringane er nødvendig.
Likevel bør globale tiltak setjast i verk med full tyngde så raskt som råd for å redusere/stanse global temperaturstigning med tilhøyrande skadeverknader på planeten vår.

Her vil eg peike på tiltak som utnyttar naturleg fotosyntese. Ved fotosyntese produserast altså organisk stoff (sukker) som kan byggjast vidare opp til matvarer, trevirke med meir. Skog og annan vegetasjon gir byggjemateriale, ved og flis til oppvarming, hindrar erosjon frå vatn og vind, absorberer flaumvatn, gir livd mot vind og brennande sol, og kan medføre positiv klimaendring som gir livsvilkår for både menneske, dyr og plantar i område på kloden som i dag er ørkenaktige og nærast folketomme. Dette gjeld stort sett store område i tropisk og subtropiske klimasoner.

Nyttig kompetanse i Rogaland

I samarbeid med lokalbefolkning bør me i-land stimulera slike tiltak som kan gi livsvilkår og framtidshåp for millionvis av menneske. Alternativt vil mange av desse folka søkje til kaldare strøk på kloden, til dømes Europa, for å overleve. Me rike i-land bør kunne gje økonomisk tilskot til lokalbefolkning i u-land som vil plante skog med meir. I Norge har me hatt god forvaltning av Oljefondet. Fornuftig bruk av dette kan både redusere CO₂ i luft og gi globalt framtidshåp. Nyttig kompetanse for slikt arbeid har me mellom anna i Rogaland.

Organisk stoff vil før eller seinare nedbrytast og då frigjera CO₂. Men på vegen har me både fornybar energi, byggjematerial, mat med meir. Når tømmer erstattar byggjematerial av stål, aluminium, betong med meir, sparer ein både elektrisk kraft, mineralressursar og natur. Dersom organisk stoff på kloden blir varig vesentleg høgare enn i dag, vil dessutan CO₂ i atmosfæren bli redusert.

Nedpumping av CO₂ til langt under havbotnen fryktar eg er misbruk av livsviktig og vekstfremjande CO₂. Netto klimagevinsten kan bli minimal då prosessen krev ressursar.

Ønskjer ikkje vindmøller

Vi er mange som heller ikkje ønskjer fleire naturskjemmande vindmøller på norsk territorium. Dei verste møllene bør takast bort, etter mi meining. Nasjonar som ønskjer vindkraft, bør nytte eige land og hav til dette.

Eit tankekors er at til meir pengar folk flest har, dess større luksusforbruk og altså større negativt miljøavtrykk. Det viktige spørsmålet er: Kva er global gjennomførbar politikk med sikte på overgang til «grøn økonomi» som vi håper vil gje gode livsvilkår for komande generasjonar?

Vi bør alle forvalte kloden vår i samsvar med Pauli ord om at «Gudsfrykt med nøysomhet er ei stor vinning».

Les også

  1. Støre og Barth Eide til klimatoppmøtet i Glasgow

  2. – Takk for innsatsen fram mot klimatoppmøtet i Glasgow

Publisert:
  1. Debatt
  2. CO2
  3. Klima
  4. Permafrost
  5. Vindkraft

Mest lest akkurat nå

  1. – Vi står og stamper mot et stort selskap som ikke vil føre dialog

  2. Vekter ble kuttet med kniv på legevakten

  3. Sola truer med veto i Bymiljøpakken

  4. «Regjeringen er villig til å gjøre hva som helst for å bekjempe strømkrisa – bortsett fra det som virker»

  5. Hun er den nye kommune­direktøren i Randaberg

  6. Kjørte på elsparkesyklist i fotgjengerfelt – får beholde førerkortet