Krenkeparagrafen er problematisk, trugar rettstryggleik og arbeidsmiljø

ARBEIDSMILJØ: Det må vere mogleg å gje krenkeparagrafen ein ordlyd som vernar elevane mot mobbing, og samstundes unngå at ei eventuell grunnlaus skulding gjer at læraren vert liggjande att med brekt rygg.

Publisert: Publisert:

Den nye krenkeparagrafen opnar for falske skuldingar mot lærarar om mobbing. Konsekvensane kan bli store. Foto: NTB Scanpix (illustrasjonsbilde)

Debattinnlegg

  • Åshild Knutzen
    Lektor og tillitvald for Utdanningsforbundet på Bryne vidaregåande skule
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Mykje har blitt sagt og skrive siste året om paragraf 9a-5 i opplæringslova, den såkalla krenkeparagrafen. Etter å ha vore verksam i snart eitt år, byrjar konsekvensane av lovendringa å avspegle seg i Skule-Noreg. Nokre saker kan tyde på at lova er å sjå på som eit tveegga sverd, og stadig fleire varsellamper byrjar å blenke.

Intensjonen med lovparagrafen er å unngå at elevar vert krenka, mobba eller diskriminerte av tilsette i skulen. Paragrafen inneber skjerpa aktivitetsplikt for skulen dersom ein elev vert krenka av ein tilsett. Lova forpliktar, og mange skular, inkludert min eigen, har derfor siste året brukt tid og krefter på å utvikle prosedyrar knytt til handtering av paragrafen. Målsettinga er udiskutabel. Det er uakseptabelt at elevar skal oppleve å bli mobba av læraren sin. Reelle mobbesaker av denne typen må ein sjølvsagt komme til livs. Spørsmålet er om ein har funne rette middelet.

Malkenes-saka eit godt døme

Då lærer Simon Malkenes i Oslo, utan å nemne namn, sa ifrå om korleis nokre elevar oppførte seg i klassen og øydela undervisning for både seg sjølve og resten − og dessutan fortalde om det i Dagsnytt 18 på NRK, vart han anklaga etter krenkeparagrafen, og det vart sett i gang gransking av han. Seinare vart saka lagt vekk, og den modige lektoren fekk ein ytringsfridomspris. Foto: Skjermdump frå NRK

Elevorganisasjonen jublar for denne styrka rettstryggleiken for elevar. Frå lærarhald fryktar derimot stadig fleire at paragrafen kan føre til hekseprosessar der lærarar blir utsette for grunnlause skuldingar av påstått krenka elevar. Desse elevane har nå ein lovfesta rett til at skule og skuleeigar står parat med ein handlingsplan for å gripe inn når ein elev meiner seg krenka av ein lærar, uavhengig av årsak, med dei konsekvensane ei slik grunnlaus skulding måtte ha for den aktuelle læraren.

Den etterkvart så kjende Malkenes-saka har fått mykje merksemd i media, og har for alvor retta fokus mot den boomerang-effekten paragrafen kan ha. Tormod Korpås, leiar for leiarrådet i Utdanningsforbundet, har på bakgrunn av den såkalla Malkenes-saka teke til orde for ei endring av forskrifta.

Lektor Gunnar Aasbø går endå vidare. I Utdanningsnytt.no 27. mai gjer han seg til talsmann for å skrote heile paragrafen. Han hevdar at lovparagrafen gjer læraren rettslaus medan definisjonsmakta er plassert hos elevane: «Mange elever som i dag sitter i klasseromma, kommer til skolen med en forventning om at deres skoleliv skal være behagelig, innenfor hva man kan kalle komfortsona. Hvis de i sitt møte med en lærer kjenner på et ubehag, er veien kort til helsesøster, kontaktlærer, avdelingsleder og rektor. (...) I møte med disse personene blir eleven trodd på sin subjektive opplevelse av at ubehagets årsak ligger i lærerens atferd.»

Les også

Simon Malkenes: «Jeg husket ikke hva jeg skulle si og måtte forklare elevene at jeg var helt utladet»

Oppdikta krenking

Ein kan sjå føre seg mange skrekkscenario der i utgangspunktet meir eller mindre bagatellmessig knirk mellom elev og lærar hamnar på skuleeigar sitt bord etter krenkeparagrafen. Det kan vere ein elev som etter ein munnleg vurderingssituasjon i einerom med faglærar hevdar at han vart diskriminert på grunn av etnisk opphav. Den reelle årsaka til reaksjonen er den dårlege karakteren eleven fekk. Dette veit både eleven og læraren. Men det er eleven si subjektive oppfatning som gjeld, og deretter skal prosedyren følgjast til punkt og prikke. Dersom samtale på lågaste nivå ikkje fører fram, kan saka eskalere til nye høgder med ein lærar i fritt fall.

Eit anna tilfelle kan vere ein elev som hevdar at han vert stigmatisert og forskjellsbehandla i klasserommet på grunn av ei irettesetting. Eller det kan handle om ein elev som vert kalla inn til samtale med kontaktlæraren sin fordi han er delaktig i mobbing av ein medelev. I neste augneblink kan eleven hevde seg krenka, saka er snudd på hovudet, og prosessen er i gang.

Læring kan på mange måtar vere ein smertefull prosess. Det betyr ikkje at eleven i denne prosessen er utsett for krenkande handlingar.

Lærarens ansvar

Og det er det som er kjerna i problemet: Kamuflert av krenkeparagrafen kan ein elev eigentleg påstå seg krenka av kva som helst. Det store fleirtalet av elevar gjer naturlegvis ikkje det. Hovudsakleg handlar nok dette om unnatak og ekstremtilfelle. Men sakene finst, det vert stadig fleire av dei, og prisen er høg for dei lærarane det gjeld. I slike tilfelle er det faktisk læraren som er utsett for krenking.

Læraren har utan tvil det faglege og relasjonelle ansvaret i møtet med elevane sine. Den profesjonelle læraren ser det som ein integrert del av jobben å reflektere over eiga åtferd og eventuelt korrigere denne. Gjennom si undervisning er det læraren si oppgåve å utfordre, rettleie og vurdere eleven, noko som kan vere både krevjande og vanskeleg for eleven. Det kan vere provoserande. Det kan vere kjedeleg. Det kan til og med vere sårande. Læring kan på mange måtar vere ein smertefull prosess. Det betyr ikkje at eleven i denne prosessen er utsett for krenkande handlingar, og at det dermed skal iverksetjast tiltak i tråd med den omtalte paragrafen.

Eit reelt hinder

Det handlar om å ha to tankar i hovudet på ein gong. Ut frå ein slik tankegang må det vere mogleg å gje paragraf 9a-5 ein ordlyd som vernar elevane mot mobbing og samstundes unngå at ei eventuell grunnlaus skulding gjer at læraren vert liggjande att med brekt rygg. Målet må vere å få til ein skule der verken elevar eller lærarar er utsett for krenking. For tillitsvalde er det ei oppgåve å arbeide for at lærarane har ein trygg og god arbeidsplass. Krenkeparagrafen er eit reelt hinder som i si nåverande form kan kome til å stå stadig meir i vegen for det.

Publisert:

Les også

  1. Solveig G. Sandelson: «Ting kan vera større enn deg sjølv»

  2. En lærer av den gamle skolen

  3. Mindre ytringsfrihet enn den som er i oljebransjen, skal du lete lenge etter

  1. Skole
  2. Arbeidsmiljø
  3. Lærere
  4. Diskriminering
  5. Mobbing