Kryssande omsyn i rusbehandlinga, negative opplevingar er akseptabelt

NARKOTIKAPOLITIKK: Den belgiske psykiateren Marc Reisinger meiner at det det ikkje er bevis for at medisinane hans har blitt vidareselde. Dette er naiv optimisme.

Publisert: Publisert:

«Urinprøver og inntak av medisinar under observasjon blir forståeleg nok opplevd ugreitt og nedverdigande av enkelte, men dette er ein kostnad ein aksepterer for å unngå at medisinane går inn i illegal omsetning med påfølgjande skader og overdosar», skriv Reidar Stokke. Foto: Pål Christensen (illustrasjonsfoto)

Debattinnlegg

Reidar Stokke
Spesialist i rus- og avhengighetsmedisin

Den belgiske psykiateren Marc Reisinger fyrer av ei breiside mot norsk ruspolitikk og rusbehandling i kronikken sin i Aftenbladet, publisert på nettet 17. august. Reisinger er oppgitt over ei norsk forskriftsendring som fører til at norske opioidavhengige med hans reseptar ikkje lenger får lov til å ta med substitusjonsmedisinar for meir enn ei vekes forbruk, mot tidlegare ein månad.

Det er fleire kryssande omsyn ein må ta stilling til når rusbehandling og politikk blir utforma, og kva som er rette tiltak kan variere avhengig av dei lokale forholda. Det som kan vere rette tiltak i Brussel, er ikkje nødvendigvis rett i Stavanger.

Kostnader ein må akseptere

Både norske og internasjonale retningslinjer for legemiddelassistert behandling (LAR) gir råd om redusere risikoen for vidaresal og illegal omsetning av LAR-medikament (Metadon eller Subutex) ved hjelp av kontrollert utlevering. Urinprøver og inntak av medisinar under observasjon blir forståeleg nok opplevd ugreitt og nedverdigande av enkelte, men dette er ein kostnad ein aksepterer for å unngå at medisinane går inn i illegal omsetning med påfølgjande skader og overdosar.

Marc Reisinger.

Marc Reisinger har gitt norske pasientar fleire vekers forbruk av narkotikaklassifiserte medisinar utan denne kontrollen. Han meiner at det det ikkje er bevis for at medisinane hans har blitt vidareselde. Dette er naiv optimisme: LAR Helse Stavanger har kunnskap om at store delar av illegal Subutex i Stavanger-området tidlegare kom frå legar på kontinentet.

Forundra over regjeringa

Reisinger har likevel rett i at norsk rusbehandling har manglar. Rusfeltet arbeider med å få avgrensa ressursar til å strekke så langt som mogleg. Det er derfor fleire enn Reisinger som er forundra over det siste tiltaket til helsestyresmaktene – heroinassistert behandling – eit dyrt tiltak med relativt lav nytteverdi.

Les også

Marc Reisinger: «De narkomanes tapte verdighet»


Publisert: