Kampen om Ryfylke-ferjene

DEBATT: Eg vil oppmoda Fylkestinget, som skal møtast den 12. og 13. juni, om å utsetta sak «60/18 Anbud – Finnøy ferjesamband». Det er inga hastesak, og så kan me i mellomtida laga høvelege ruter for øyane i Ryfylke.

Publisert: Publisert:

«Vårt utkast til rutestruktur, som Suldal og Tysvær og går inn for, er ei effektivisering som gjer fleire turar med 60 prosent kapasitetsauke, utan at ruta vert rasert», skriv Ivar Andersen. Her frå MF «Foldøy». Foto: Pål Christensen

Debattinnlegg

Ivar Andersen
Nedstrand

Eg hadde eit lesarbrev i Aftenblad den 25. mai som kommenteres av seks karar frå Heng, Sør-Hidle, Brimse, Helgøy, Sør-Bokn og Byre den 29. mai. Grunna reise svarar eg nå: I sum trur eg ikkje me er så ueinige, at øyane i Ryfylke må ha ein høvelege båt er eit minimum.

Total feilslutning

Men skulda meg for at desse seks øyane har dårlege ruter, er total feilslutning. Vårt utkast til rutestruktur, som Suldal og Tysvær og går inn for, er ei effektivisering som gjer fleire turar med 60 prosent kapasitetsauke, utan at ruta vert rasert. Denne gevinsten kan nyttast slik at dei seks øyane, i politikken kalla Fisterøyane, får lastebåt sju dagar i veka mot i dag tre dagar. Om det er «Rygerfjell» (ex «Høgsfjord»), «Gallivarre» (ex «Solbakk»), eller ein annan båt som skal brukas, er så langt i det blå, men ein bilførande katamaran («Lysefjord») har ingenting i ruta å gjera, korkje på Nedstrandsfjorden eller mellom øyane.

Alle ti plassane i eksisterande ferjerute og dei seks øyane har dagleg hurtigbåtrute(r), så det er ikkje slik at dei er isolerte fire dagar i veka, som me kan få inntrykk av i brevet frå dei seks.

At me eggar til kamp mellom nord og sør er og tatt fullstendig ut av samanhengen. Me har peika på kor mykje meir ein kan få for dei same pengane med vårt ruteframlegg. At fylket går inn for noko som er dyrare og dårlegare, er for meg ei gåte, men konsulentbruken skal vel forsvaras?

Som dei seks øyane «sør» i Ryfylke er Foldøy og ei øy, berre litt «feil» plassert for byråkratane. Dei er i Suldal, men har mesteparten av sine tjenester dekka frå Nedstrand, men og ein del frå næringslivet i Finnøy. Derfor er den eksisterande ruta viktig å ha som i dag. Det er ikkje dei to turane til nordre delen som tar kapasitet frå dei i sør, det er ringrutene i Finnøy som gjer at det kan vera kapasitetsproblemer. To store ferjer gåande i Finnøy vil vera ein dyr fornøyelse, og beleggsprosenten vil gå ned frå dei 30 prosent han er i dag.

Utsett saka

Eg vil derfor oppmoda Fylkestinget, som skal møtast den 12. og 13. juni, om å utsetta sak «60/18 Anbud – Finnøy ferjesamband». Det er inga hastesak, og så kan me i mellomtida laga høvelege ruter for øyane i Ryfylke. Her har fylkespolitikarane ein ypparleg sak å visa ryfylkingane at det går an å retta opp tidlegare feiltrinn.

«Limet i Ryfylke», som dagens rute vert kalla, er med på å halda samfunnsmaskineriet i gang på ein framifrå måte. Rasering av ruta vil berre auka politikarforakta.

Publisert: