Forskar: Innvandring og internasjonale koplingar opnar for eksport frå verksemder i distrikta

KRONIKK: Utanlandsk arbeidskraft og internasjonale partnarar har viktig kunnskap og kontaktar som kan medverke til å lansere varer og tenester på internasjonale marknader.

Forskinga til Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim ved UiS syner at det var ein positiv samanheng mellom utanlandsk arbeidskraft og det å lansere varer og tenester på internasjonale marknader også i mindre verksemder utanom storbyområda.

Debattinnlegg

  • Marte C. W. Solheim
    Marte C. W. Solheim
    Postdoktor, Senter for innovasjonsforskning, Handelshøgskolen ved UiS
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Noreg er ein liten, open økonomi som er avhengig av eit aktivt nærvær på internasjonale marknader. I løpet av dei siste femti åra har globale strømmingar av internasjonal migrasjon meir enn dobla seg (Kemeny & Cooke, 2015). Som følgje av globalisering i verdsøkonomien har det blitt ei auke i samhandling mellom aktørar på ulike stadar i verda.

Fleire studiar, som til dømes denne, peikar på viktigheita av personlege kontaktar for å kome inn på nye marknader, og at utanlandsk arbeidskraft kan legge til rette for det. Dette vert ofte forklart med at utanlandsk arbeidskraft har kunnskap av kulturell, juridisk og språkleg art om sine heimemarknader, i tillegg til at dei har eit internasjonalt kontaktnett. Forsking syner også at utanlandsk arbeidskraft kan legge til rette for å finne distributørar og nye samarbeidspartnarar, og at dei har kompetanse om lover og reglar som er viktige å ha kjennskap til når varer og tenester skal lanserast i internasjonale marknader.

Trass i at om lag 16,3 prosent av innbyggarane i Noreg er innvandrarar eller norskfødde av innvandrarar, så har omtrent ingen undersøkt på kva måtar utanlandsk arbeidskraft kan medverke til eksport.

Internasjonale marknader viktige

Utanlandskfødde bryt ikkje nødvendigvis absolutt med sine fødeland, men opprettheld ofte relasjonar til sine heimland, noko som kan føre til auka tillit i desse relasjonane, samt kunnskap om kva som kan fungere eller ikkje fungere i høve sal i desse marknadane. Det er eit tankekors at trass i at om lag 16,3 prosent av innbyggarane i Noreg (tal frå Statistisk sentralbyrå) er innvandrarar eller norskfødde av innvandrarar, så er omtrent ingen undersøkt på kva måtar utanlandsk arbeidskraft kan medverke til eksport. Særleg tankevekkande er det ettersom Noreg er avhengig av å selje varer og tenester på internasjonale marknader, og at tidlegare internasjonal forsking har synleggjort ei sterk kopling mellom migrasjon og eksport.

Det var ein positiv samanheng særleg mellom utanlandsk arbeidskraft frå EU15-land og det å lansere varer og tenester på internasjonale marknader.

Internasjonale partnarar

I ein ny studie, publisert i tidsskriftet Regional Studies, Regional Science, som baserer seg på kvantitative analysar av fleire tusen norske verksemder, finn eg at det er ein positiv samanheng mellom utanlandsk arbeidskraft og det å vere til stades på europeiske marknadar. I tillegg syner resultata at det er ein positiv samanheng mellom samarbeid med internasjonale partnarar og nærvær på europeiske og andre internasjonale marknadar.

For å finne ut om det var slik at utanlandsk arbeidskraft frå ulike land og internasjonale partnarar i ulike land påverka lansering av varer og tenester ulikt, vart dei delte inn i grupper. Resultata her synte at det var ein positiv samanheng særleg mellom utanlandsk arbeidskraft frå EU15-land og det å lansere varer og tenester på internasjonale marknader.

Resultata syner at verksemder som er lokaliserte i mindre og meir perifere regionar med mindre enn 50.000 innbyggjarar, evnar å «kople seg på» den globale økonomien, og at samarbeid med internasjonale partnarar medverkar til dette.

Regionale skilnadar

Tidlegare har forsking som har sett på viktigheita av mangfald og nærvær i internasjonale marknad og innovasjon, utelukkande sett på verksemder i større regionar, eller ikkje tatt høgde for kvar dei er lokalisert i det heile. Mykje av litteraturen på dette området peikar på at det er positivt å vere lokalisert i større, meir mangfaldige områder, ofte referert til som «globale byar» med ein mangfaldig næringsstruktur som gjer det meir attraktivt for internasjonale aktørar å samarbeide med.

Dermed dreg verksemder i desse globale by-regionane ikkje berre nytte av å vere lokalisert i ei klynge saman med andre verksemder (med typiske positive klynge-effektar som kunnskapsoverføringar, eit større marknad å hente kvalifisert arbeidskraft i frå, informasjon om kva som rører seg og så bortetter), men at dei også har nytte i høve til å ta del i eit globalt nettverk.

Dermed kan ein seie at det er regionale karakteristikkar som påverkar kva moglegheiter ein har for å vere til stades på internasjonale marknader. Tidlegare studiar har også peika på at det er ei sterk kopling mellom ei verksemd si lokalisering/kunnskapsbase og internasjonalisering. Mindre og meir perifere regionar har ein tendens til ofte å operere i meir smale og spesialiserte økonomiske sektorar, noko som ytterlegare kan føre til ein trussel for å bli «låst ute» frå verda «der ute».

Les også

Hvorfor er ikke vi innvandrere integrerte?

Regionale likskapar

Dreg verksemder i meir perifere regionar også nytte av å tilsette utanlandsk arbeidskraft og samarbeide med internasjonale partnarar i høve å eksportere til internasjonale marknadar? Resultata syner at verksemder som er lokaliserte i mindre og meir perifere regionar med mindre enn 50.000 innbyggjarar, evnar å «kople seg på» den globale økonomien, og at samarbeid med internasjonale partnarar medverkar til dette.

Særleg ser ein at verksemder i perifere regioner dreg nytte av samarbeid med nordiske partnarar når dei skal lansere varer eller tenester utanlands, medan verksemder i storby-regionane ser ut til å dra nytte av samarbeid med partnarar i land som er lengre vekke, geografisk sett. Dette kan ha stor verdi for vidareutvikling av verksemder i norske regionar, og for avgjerder knytt til lokalisering av verksemder.

Les også

  1. Professor: «Det er rett og slett ikke tilfelle at innvandrere tar jobbene fra dem som allerede bor i landet.»

  2. Mindre byer i globaliseringens tid

  3. Egersund: Utvikler teknologi for førerløse skip

  4. Vil eksportere norsk arbeidsmiljø

  5. Verden produserer mer olje enn verden trenger, eksport av norsk oljeteknologi vil bli viktigere enn eksport av norsk olje

Publisert:
  1. Innvandring
  2. Økonomi
  3. Eksport
  4. Globalisering

Mest lest akkurat nå

  1. Ber om tips etter trafikkuhell i Hillevåg

  2. 106 nye er smittet i Stavanger

  3. Økonomer: Vinteren blir trolig rådyr – du bør stramme inn nå

  4. Helseministeren: – At Nord-Jæren nå innfører munnbindpåbud viser at de tar situasjonen på alvor. Et eksempel til etterfølgelse

  5. Usikker tilstand på Folken-bygget

  6. Ned i vekt? Bli kvitt mage­fett? Her er årets mest populære kost­holds­råd