Frå tradisjonelt liv og jordbruk til det kompostmoderne
KRONIKK: Ei historie i fire akter om menneske, jordbruk og natur.
- Dag Jørund LønningProfessor og rektor, Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling


Kva kjem etter postmoderniteten? I den nye boka mi, «Jordboka II», gir eg svaret med å introdusera eit nyord: Me må inn i den kompostmoderne framtida. Tida då ressursar må sirkulera, då det meste må setjast saman på nytt. Ikkje minst vårt forhold til naturen. Me må gå frå å øydeleggja til det å byggja natur.
Historia om komposten er ei historie både om landbruket og mennesket sitt forhold til naturen dei siste hundreåra. I denne finn me sentrale forklaringar på kvifor me har hamna i dagens kritiske miljøsituasjon, men den gir oss også svar på korleis me eventuelt kan koma oss vidare. Det er ei historie i fire akter:
Første akt
I det tradisjonelle bondesamfunnet komposterte me det meste av organisk materiell. Me hadde ikkje anna val om ein skulle overleva. I fleire av dei gamle landbruksbøkene eg har ståande i hylla, er det å kompostera nærast som eit moralsk imperativ å rekna. Den som ikkje komposterte biorestar, sløste med ressursar så vel som med pengar. Å leggja organiske restar til sides for etter kvart å leggja i kompost, er som å leggja pengar på ei sparebøsse, les eg i ei av dei. Den som sparar litt kvar dag, får til slutt ei formue.
Andre akt
Med det såkalla «store hamskiftet», overgangen frå tradisjonssamfunn til modernitet, tok dette slutt. No skulle ein «brenna den gamle driten». Lokale skilnader skulle utraderast. Standardisering og samlebandproduksjon rådde grunnen. Enkeltmennesket blei redusert til «tannhjul i samfunnsmaskineriet». Vekstideologi og framtidsoptimisme dominerte. Maskinar og kjemi skulle redda verda. «Framsteg» skulle målast i pengar, ikkje i innsikt og visdom. Industrialiseringa fekk fart i landbruket. Og med den effektiviseringstanken, den som har rådd næringa som mareritt og arvesynd i ettertida: Ideen om at større og færre einingar alltid er betre, ideen om at du aldri er stor eller effektiv nok.
Natur vart utbyttingsobjekt nummer ein. Me brukte etter kvart langt meir ressursar enn det naturen evna å fornya. Resultatet vart katastrofale tap av matjord og rasering av det biologiske mangfaldet. Til og med klimaet på planeten klarte me etter kvart å påverka.
Tredje akt
Det postmoderne var eit nytt hamskifte, ein reaksjon på moderniteten sin reduksjon av enkeltmennesket. Samlebandet blei no pensjonert. I staden fekk me «identitet» og skulle bli «spesielle» og «unike». Det lokale vart «eksotisk». Tradisjonsmat vart trendy. Kulturarv blei storindustri.
«Plikta» var utgått på dato. Lysta og interessa kom i staden. Ein tok ikkje lenger over garden fordi det vart forventa av ein, men fordi det var gardsdrift ein «interesserte seg for». Livsstilslandbruk og livsstilsflyttar vart nye omgrep i det offentlege rom. «Småbruk» vart det mest populære søkeordet på Finn. Ein skulle leva det livet ein drøymde om, og busetja seg der ein kunne leva ut draumane og interessene sine.
Gift- og kunstgjødselfrie driftsformer kom på ny i fokus i landbruket, og landet fekk økologiske arealmål. Komposten fekk og ein slags renessanse, ikkje minst ved veksande interesse for hagedyrking og heimeproduksjon av grønsaker.
Samtidig skulle den «frie marknader» og den «frie forbrukaren» styra utviklinga. Forbrukaren blei hovudaktøren i det postmoderne landskapet. Han har eit tilsynelatande endelaust sett av rettar. Plikter har han derimot ikkje. Konsekvensen vart «bruk-og-kast-samfunnet»: At forbrukaren aldri er nøgd, men alltid krev større, nyare, billegare, fleire, er den sentrale motoren i økonomien i dag.
Forbrukarrolla er rett nok årsaka til at «økomat» og «lokalmat» har hatt stor vekst. Det finst definitivt ei veksande kundegruppe for slike tilbod. Men diverre utgjer denne gruppa eit mindretal. For forbrukarane, og då det store fleirtalet av dei, er også hovudårsaka til at det modernistiske, miljøøydande industrilandbruket framleis held landbrukspolitikken og bonden i eit iskaldt jarngrep. Dette landbruket gir jo forbrukaren det forbrukaren verkar å ønskja seg aller mest: «billeg mat»!
Postmoderniteten var i si tidlege fase eit opprør for miljøet. Tidsalderen enda likevel opp i å gjera det meste verre.
Fjerde akt
Så kva no? Vel, eit tredje hamskifte ligg føre oss. FN sitt klimapanel fortel at me må gjera større endringar på kort tid enn menneska nokosinne har gjort.
Komposten kan stå som symbol på det forhold me må utvikla til den levande matjorda og den ikkje-menneskelege verda. Den som komposterer, legg til rette for naturen sine aller mest skapande prosessar, trillionar av mikroorganismar si omdanninga av det visna og utbrukte til nytt liv.
Å kompostera kjem av det latinske componere, og betyr å setja saman på nytt. Det må me no. Legg merke til uthevinga. Me måtte mindre og mindre i postmoderniteten. Det frie valet rådde. No må fridomen til å øydeleggja natur setjast til side. I staden må me sirkulera og kompostera, bygga opp att det me har rive ned.
I den kompostmoderne framtida må mennesket finna si produktive rolle i naturen. Me må skapa utan å øyda. I «Jordboka II» skriv eg om regenerativt jordbruk. Å regenerera er å fornya. Dette er eit jordbruk som legg aktivt til rette for at naturen får fornya seg sjølv. Dit må me. Og den som lærer seg å kompostera, er på god veg.
Bård Vegar Solhjell: «Det store sjansespelet med naturen»
Sveinung Svebestad: «Kalver og biler er ikke det samme!»
Eirik Magnus Fuglestad: «Meir kjøt og mjølk, pluss kraftige kutt i klimagass-utsleppa – går det?»
Forsker tar til orde for å endre klimaregnskapet i landbruket
Dag Jørund Lønning: «Demokratiet i krise: Stadig mindre rom for å involvera befolkninga»
Hobbyfotograf Falke Omdal liker aller best å gå på tur om vinteren.