Ikkje rør båtrutene!

HURTIGBÅTANE: Kjære rogalending, eg har fått mange bekymra e-postar med oppfordring til å ikkje røre båtrutene. Nå ber eg om at alle berørte blir med i ein felles idedugnad for å sy saman eit framtidsretta rutetilbod.

MDG-politikar Alexander Rügert- Raustein vil ha innspel til korleis ein kan skapa eit framtidsretta hurtigbåttilbod i Ryfylke. Foto: Carina Johansen

Debattinnlegg

  • Alexander Rügert- Raustein
    Leiar av arbeidsgruppa ny rutestruktur hurtigbåt, MDG
Publisert: Publisert:

Nåtidas forventningar til å kunne forflytte seg, gjer at rutetilbodet blir opplevd som eit minimumstilbod. For mange lokalsamfunn er hurtigbåten livsnerva. Varsel om så store innsparingar gjer folk fortvila. Men ei tradisjonell kuttrunde der ein fjernar så mange avgangar og ruter til innsparingskravet er møtt, vil rasere kollektivtilbodet. Eg vil difor be om å tenkje kreativt, strukturelt og heilskapeleg. Tenk på ein ny fellesstruktur som tek vare på heile fylket.

Ei svært lei sak

Endringar og kutt i hurtigbåttilbodet i Rogaland er ei lei sak. Det er tverrpolitisk semje i Rogaland om å oppretthalde tilbodet så langt det let seg gjere. Realiteten er at finansieringa er grunnleggjande endra og kraftig svekka.

Dagens hurtigbåttilbod har ein årleg kostnad på rundt 185 millionar kroner. Regjeringa har i kommuneproposisjonen 2018 endra finansieringa. Ei refusjonsordning der me fekk tilbake årlege driftskostnader, er blitt til ein kostnadsnøkkel etter dei såkalla kystlinjekriteria som gir fylkeskommunen berre halvparten, kr 92 millionar årleg.

Ryfylkebassenget krev ein rutestruktur som kystlinjekriteria ikkje tek innover seg og som heilt tydeleg slår feil ut. Fylkeskommune har i fleire år finansiert underskotet frå fond, i trua på at det vil vere mogleg å reversere iallfall delar av inntektsbortfallet. Verken politisk eller administrativ innsats ga resultat.

Det går ikkje i hop

Nå blir det brukt over 50 millionar av andre frie pengar til å dekke delar av finansieringsbortfallet, medan 40 millionar må sparast inn på sjølve drifta. Med dette som bakgrunn har fylkestinget fatta vedtak om at ei tverrpolitisk arbeidsgruppe skal få til innsparingar gjennom strukturelle endringar ved utlysing av nye kontraktar som startar 1.1.2023.

Men alt før det blir det reduserte avgangar ifølge Kolumbus’ notat. Ikkje alle kutt som er føreslått i notatet skal bli gjennomført i påvente av arbeidet til arbeidsgruppa.

Kolumbus har sett i gong prosessen med dei fyrste kutta. Hurtigbåt-kontraktane opnar for justeringar med varselfristar på mellom 3 og 12 månadar. Før iverksetting skal fylkestinget få desse endringane tilbake til endeleg vedtak. Det vil skje i sommartinget 15. juni 2021, og vil då bli iverksett avhengig av varselfristar, men tidlegast 1.juli. Poenget er å hindre kutt i noko som vil vise seg liv laga i det lange løp etter 2023.

Gi oss idear og innspel

Merksemda er retta mot den nye rutestrukturen frå 1.1.2023. For å kunne halde fristar til utlysing, må også dette arbeidet vere i mål før sommaren 2021. Det betyr at begge prosessane går parallelt.

Eg oppfordrar grendelag og interessegrupper som Ryfylkeaksjonen 2020 å komma med direkte innspel til arbeidsgruppa ved underteikna, eller via dei respektive kommunane ved ordførar.

Arbeidsgruppa skal gå i dialog med dei kommunane og interessegrupper det gjeld. Prosessen skal få fram potensialet i ein endra rutestruktur. Det kan vere betre samspel med buss og ferjer der det er mogleg, mindre båtar og meir som kjem fram etter innspel. Målet med den nye strukturen er i størst mogleg grad å oppretthalde kollektivtilbodet som heilskap. Ordførarane si oppgåve vil vere å koordinere og prioritere innspel kommunevis.

Buss kontra båt

Rogaland har auka busstilbodet samstundes som det er varsla kutt i hurtigbåttilbodet. Det skurrar for mange. Det skjer fordi auke i busstilbodet er finansiert med påskjøningspengar som kjem Rogaland til gode innanfor ramma til bymiljøpakka. Den er geografisk avgrensa til Stavanger og Sandnes, samt Sola og Randaberg. Desse pengane skal brukast til eit løft av kollektivtilbodet i Rogaland og ikkje som ein del av grunnfinansieringa. Det er dermed utelukka å bruke desse til å finansiere hurtigbåttilbodet i Ryfylkebassenget.

Publisert:
  1. Rogaland
  2. Kolumbus
  3. Ryfylke

Mest lest akkurat nå

  1. Over natten ble denne grusbanen til en perfekt isflate. Hvem som har laget den er et mysterium

  2. Folkehelse­instituttet bommet kraftig på smitte­tall i julen

  3. Ber folk slutte med «smitte-shaming»: - Gapestokken ble faktisk avskaffet for mange år siden i Norge

  4. Fine skiforhold i Sirdal, men ekstrem­kulde ødelegger idyllen

  5. Går inn for å forlenge smitte­vern­tiltakene i Stavanger til 8. februar: - Situasjonen er fortsatt svært alvorlig

  6. Han blir leder for FNB Rogaland