Sjå sørover, til Dalane!

DEBATT: Skal det utviklast nye næringareal i Rogaland, bør næringslivet venda augene sørover, mot Dalane. Her er det betre plass og mindre konflikt med dyrka jord.

Debattinnlegg

  • Knut Vassbø
    19. plass på stortingslista til Rogaland KrF
Publisert: Publisert:

Fornybar energi, raske fiberlinjer til utlandet og store areal er nødvendig for mange av dei viktige etableringane. Alt dette er på plass i den sørlege delen av Rogaland, og kommunane er godt i gang med planlegginga. Nye næringsklynger, for eksempel datasenter og batterifabrikk i Bjerkreim, vil gi arbeidsplassar og aktivitet på tvers av kommunegrensene, i ein region som kan ta imot fleire innbyggarar.

Rogaland må prioriterast

Det trengst målretta arbeid for å sikra gode rammevilkår for ny industri. Eit robust forsyningssystem for elektrisitet er viktig. Rogaland må difor prioriterast når straumnettet skal byggast ut framover. Det trengst også kapital for å løfta store investeringar, anten det gjeld gruvedrift eller kraftkrevjande industri. Her bør norsk kapital delta aktivt. Kva er meir naturleg enn at norske pensjonsfond plasserer våre felles sparepengar i langsiktig forvalting av norske naturressursar?

Fylket vårt er i endring. Fleire store samferdsleprosjekt er undervegs i Rogaland. Regjeringa har nyleg fastsett plan for ny E39 frå Ålgård til Lyngdal. Det betyr ei halvering av reisetidene på strekninga. Bedrifter langs Sør-Vestlandet vil få store innsparingar. I staden for ein tur til Kristiansand med varer og gods, blir det no mogleg å ta to turar på same tida, på ein langt tryggare og meir framkomeleg veg. Dette betyr mykje for næringslivet.

Rom for fleire

Ein ny veg vil også gi eit løft for pendling og kollektivtrafikk, i ein del av fylket som ikkje har vore bortskjemt med hyppige bussavgangar. På eit av samferdsleminister Knut Arild Hareide sine besøk i Rogaland tok han opp dei store muligheitene som blir skapt med ny teknologi når kollektivtilbodet skal utviklast. Det er difor viktig å tenka framover: Med både jernbane og ny E39 gjennom regionen får Sør-Rogaland to viktige kollektivtrasear. Det må utnyttast godt. Fornuftig samvirkning mellom bane og veg vil kunne løfta Dalane opp i kollektivtransportens eliteserie. Gode tilførslevegar og eit effektivt og samordna kollektivsystem må difor vera på plass samtidig med ny europaveg til Sørlandet. Dette er god distriktspolitikk, god miljøpolitikk, god samferdslepolitikk og god arbeids- og utdanningspolitikk.

Om få år vil Rogaland og Agder få ein stor spennande bu- og arbeidsregion som strekker seg frå Stavanger til Lyngdal. Midt i denne regionen ligg Dalane. Her er det rom for både landbruk, nye næringar og fleire innbyggarar.

Publisert:
  1. Debatt
  2. Norsk
  3. E39
  4. Lyngdal
  5. Dalane

Mest lest akkurat nå

  1. Norge er åpnet opp – festen godt i gang i Fargegata

  2. Oilers taper for VIF. Etter et voldsomt Oilers-press i de to siste periodene. Men Oilers fikk aldri pucken i mål

  3. I over 30 år har Egil Tveit jobbet nattevakt på Shell-en i Løkkeveien. Nå rives stasjonen – uten at det stopper Egil

  4. – Det må jo bli litt mer byturer fremover. Vi har savnet å kunne samles

  5. De mener bildet er verdt millioner, og har kjempet i flere år for å få det slått fast. Til nå har de bare møtt mot­stand

  6. Berntsen: – Vi ga klar beskjed i pausen og fikk respons