Fyrstikker ved gapestokken

DEBATT: I Aftenbladet 2. februar og Bergens Tidende 4. februar meiner Sven Egil Omdal at eg i boka «Brent ord» set ein del bokbrennarar i gapestokken ved at eg namngir dei og viser kva dei gjorde seinare i livet.

«Dei fleste bokbrennarane står utan namn i dei mange tusen kjeldene eg har vore gjennom», skriv forfattar Ottar Grepstad.

Debattinnlegg

  • Ottar Grepstad
    Forfattar
Publisert: Publisert:

Omdal har hatt mange sentrale roller i norsk avisbransje. Han har vore journalist i fleire store aviser, hatt fleire redaksjonelle leiarstillingar og vore leiar i Pressens faglege utval.

Blir for enkelt

Då eg skreiv boka om bokbål mot språk i Noreg, ville eg rådføre meg med nokon om nettopp dette. Valet stod mellom to. I staden for Sven Egil Omdal spurde eg Trygve Aas Olsen til råds. Olsen står framleis dagleg midt oppi slike skriveetiske spørsmål. Han var også med og laga ei etisk sjekkliste for sakprosaforfattarar i 2020. Eg fekk klare råd og svarar sjølv for konklusjonane. Vurderingane gjer eg greie for i boka, men det nemner ikkje Omdal. Han slår berre fast kva som gjeld, som om han sit med fasiten. Det blir for enkelt, for i slike spørsmål er det fleire omsyn å ta.

I kortform: Dei fleste bokbrennarane står utan namn i dei mange tusen kjeldene eg har vore gjennom. Nokre veit eg kven er utan at eg namngir dei. Namna står der eg har meint dei har offentleg interesse, særleg når det handlar om personane i kraft av profilerte posisjonar eller leiande stillingar. Eg tok også meir omsyn til det som skjedde i nær fortid enn før 1970-åra. Difor anonymiserte eg fleire av dei bokbrennarane kring 2000 som Kjartan Fløgstad identifiserte i pamfletten «Brennbart» (2004). Eg har heller ikkje namngitt nokon mot deira vilje. I den drøftande delen av boka avklarer eg dei juridiske sidene av saka og plasserer det etiske ansvaret på dei godt vaksne som forma meiningane, ikkje på dei unge vaksne som brende.

Namna står der eg har meint dei har offentleg interesse, særleg når det handlar om personane i kraft av profilerte posisjonar eller leiande stillingar.

Omdal meiner eg burde ha drøfta djupare om båla var protestar mot det brennarane såg på som undertrykking av deira språk. Kunne det vere at brennarane ikkje var inspirerte av Joseph Goebbels i 1933, men av Martin Luther, som i 1520 brende bannbullen frå paven? Her røyklegg visst samnorskbåla klarsynet til Omdal. Eg har skildra 26 brenningar mellom 1912 og 2005, og berre ved tre samnorskbål i åra 1956–63 viste brennarane til Luther. Dei mange som brende nynorskbøker før 1933, visste ikkje eingong kven Goebbels var.

Lèt alle kome til orde

Som oftast var grunngivingane frå brennarane knappe, eller dei mangla heilt. I boka lèt eg alle kome til orde med det dei hadde av argument for og mot då det brann. Med ei slik open framstilling kan lesarane sjølve gjere seg opp ei meining om dei vil, slik også Omdal gjer. Det ville bli moralistisk historieskriving om eg i ettertid skulle drøfte og vurdere tyngda og truverdet i ulike argument. I staden er «Brent ord» ei bok om det brennarane gjorde, og eg viser at dei brende seg inn i ein tradisjon som var der lenge før 1933.

For meg handlar dette om hegemoni og liberalitet. Det kan illustrerast med ein annan type bokbål i mai 1945. Då brende folk ymse nazibøker i Birkeland sentrum. Der var også 14 år gamle Øyvind Bjorvatn, seinare stortingsrepresentant, fortalde han til kulturprofilen Jan Kløvstad. Faren Aslak var nett komen heim frå to år i konsentrasjonsleir. Brått såg Øyvind faren springe bort til bålet og plukke ut «Mein Kampf». Han ville lese kva slags tankegods som låg til grunn for det han og så mange andre var blitt utsette for.

Jubla og applauderte

Rundt dei fleste av dei norske språkbåla før og etter 1945 stod vaksne menneske. Dei jubla og applauderte. I nesten hundre år var det ingen som sprang fram for å berge bøkene eller sløkkje flammane. Kva alt dette gjorde med dei som såg språka sine bli utsette for sjikane og gjerningar fylte av dødssymbol, skulle eg ønskje eg kunne svare på.

Les også

  1. Hvorfor provoserte slike bøker så mye at nord­menn laget bokbål?

Publisert:
  1. Debatt
  2. Kjartan Fløgstad
  3. Litteratur
  4. Språk
  5. Martin Luther

Mest lest akkurat nå

  1. Hommersåk samles i sorg – igjen

  2. Marte (19) og Tor Martin (19) omkom i MC-ulykken i Gjesdal: – Dette er ufattelig og grusomt

  3. Det trengs et forbud mot bruk av robot­klippere om natten og strenge reguler­inger for bruk om dagen

  4. Før visste bare lokal­kjente om stølen. Så kom en «tur­fluenser»

  5. Da han såg det gamle bildet, forstod Espen at ryktet om beste­foreldra si hytte på Høle var sant

  6. Dansk avis: Tidligere etter­retnings­sjef skal ha lekket stats­hem­melig­heter til sin mor