Kystkultur i forfall på grunn av stivbeinte reglar
DEBATT: Tenk at du eig et naust, eit gammalt naust. Om du har arva det eller nyleg kjøpt det, spelar liten rolle. Men tenk at du eig ein bygning som du ikkje får nytta til eige behov. Nokon har bestemt at du berre får nytta det til det same som dei som ein gong bygde naustet for over 100 år sidan.
- Even HessRoaldsøy

Du får ikkje tenke nytt, du får ikkje innreie det til noko anna enn eit lager. Sjølv om ditt behov absolutt ikkje er å halda på meir skrot og rot.
Kystfiskaren som ein gong bygde naustet er for lengst lagt under torva. Kystfiskarar generelt er eit yrke som er forsvunne. Og att står då dette naustet som du nå eig. Du vil gjerne bruke nokon hundre tusingar på det for å setta det i stand. Men ingen gidd bruka hundrevis av tusen på noko ein ikkje får nytta til eit ønska formål.
Skal ein hiva ut restaurantar?
Tenk om ein skulle sett same føringar på alle naust og pakkhus i Stavanger sentrum. Dei må då tilbakeførast til nettopp pakkhus. Kast ut alle restaurantar, barar og butikkar. For her skal det nå bli pakkhus og lager. Sjølv bur eg på ei øy utanfor Stavanger, et lite lokalsamfunn som har hatt ein enorm transformasjon. Frå å vera ei lita øy og fiskevær med ein butikk og eit postkontor, til å få land-forbindelse og bli ein del av storbyen Stavanger.
Men me som bur her er likevel ein del av dette vesle lokalsamfunnet og ønsker å utvikla dette på våre premissar. Skape noko meir enn berre å vera ein forstad til en større by. Dagens kystkultur er ikkje berre gamle båtar og gamle menneske i islandsgenser, med pussefiller som pussar på gamle båtar og gamle naust.
Det er og nye flotte bygg, nye naust ein kan overnatta i, og som kan leigast ut til turistar, det er havrafting, opplevingsturisme og restaurantar i vasskanten. Du finn også dei som bygger seg heimekontor i vasskanten og jobbar online.
Den nye tida skapar nye moglegheiter. Endringar og næringane i samfunnet er ein naturleg del av ei utvikling. Denne utviklinga må det offentlege ta del i.
Ein må legge til rette for at bygg som ligg langs kysten kan få nye bruksmåtar.
Kva med utleige og matservering?
Me ønsker levande lokalsamfunn, me ønsker at naboen har gjestene sine på brygga og grillar. Me ønskjer at Herr Hansen leiger ut det store naustet til ein kokk som lagar lokal restaurant, me ønsker at Fru Stølen inviterer nye menneske frå alle verdas krinkelkrokar via Airbnb. Eller sønnene til han Gustav som har kjøpt seg stor rask båt og køyrer turistar ut på storhavet. Nye næringar og nye moglegheiter til å skape vekst. Då meiner eg lokal vekst. Ikkje noko nytt Mongstad. Men innovative gode lokale initiativ. Alternativet er ei kystlinje som er daud, folketom og utan vekst.
Endring skjer berre om det offentlege spelar på lag med eigarane, og tillèt dei å definere nye formål og bruk av bygga sine. Først då blir det interessant for eigarane å legge ned tid og ressursar i desse bygga. Dei treng sjølv å få definere den nye bruken og dei nye næringane. Der eg bur, er det nå mange som får pålegg om tilbakeføring av sine bygg.
Då blir me litt matte og oppgitte. Tilbakeføring til kva då? Til eit lagernaust utan vindauge og utan innhald. Berre til lager og oppbevaring. Oppbevaring av kva då? Det er lenge sidan eg kasta mine gamle fiskegarn, seier naboen. Og dei tre krabbeteinene eg framleis brukar, står ute på kaien. Båten har berre ein påhengsmotor, som står på båten.
Ein nabo har laga det så triveleg at han har lagt herlegheita ut på Airbnb og fortel om familien så køyrde heilt frå Nederland til Ormøy, berre for å få oppleve det me tek som ei daglegdags greie, fjord, fjell og solnedgangen frå ei brygge. Men ikkje minst ro til å nyta det heile. Kva skal eg nå seie til familien frå Nederland som så gjerne vil komma tilbake neste sommar?
Mange naust i ny kommune
Stavanger kommune har nyleg lagt på seg, og fått endå fleire øysamfunn i manntalet sitt. Kva tenker varaordføraren som sjølv kjem frå ei av desse øyane om endringane i kystkulturen og korleis kommunen kan legga til rette for denne endringa?
«Eg er einig i at det er viktig å ta vare på kystkulturen vår og å skape nye næringar på øyane og langs kysten. Det er midlertidig slik at alt som er av bruksendringar må søkjast om, og alle må forholda seg til lovverket på dette området også.» Sitatet er frå Dagny Sunnanå Hausken, varaordførar i Stavanger. Så kva er det så som står i vegen for ein meir levande kystkultur? Formelt er det Plan- og bygningslova paragraf 1–8. Forbod mot tiltak mv. langs sjø og vassdrag. Men det er også politikarane si handsaming av lova.