Takk til lærarutdanninga ved UiS, de har fantastiske forelesarar!

DEBATT: Sara Dragesæt Knudsen gjekk hardt ut mot lærarutdanninga ved UiS i ein kronikk. Ho målar eit så dystert bilete av tilstanden på fakultetet, med så sterke uttrykk, at det fortener eit motsvar.

Det er ikkje lett å konkurrera med underhaldning på tv eller korte snuttar på sosiale medium. Samstundes har det vorte vanleg å hevda sin rett, utan å gjera si plikt. Det er i dette klimaet læraren prøver å stå støtt.
  • Runar Haarr
    Vigrestad
Publisert: Publisert:

iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eg gløymer ikkje tida eg hadde på lærarutdanninga ved UiS. Me hadde fantastiske forelesarar. Dei viste oss kva det ville seia å vera i utdanning. Me var undervegs på mange vis, uferdige, men på god veg med ei lys framtid. Eg møtte dyktige forelesarar innanfor alle dei faga eg tok.

I pedagogikk fekk me livleg undervisning om Piaget, Vygotsky og andre uvurderlege teoretikarar på den greina. Pedagogikk vart sett ut i praksis, med gode døme og førebilete i forelesarane våre. I KRL hadde me framifrå førebilete på alle vis. Bibelhistoria vart levande fortalt. Eg tullar ikkje når eg påstår at alle var oppslukt av Israels historie så levande fortalt, med fargekopierte kart som eigentleg var attarhaldt dei tilsette.

Matematikken blei levande

Eg gløymer heller ikkje då me reiste på Israel-tur, der dei to studentane med kurdisk bakgrunn måtte kjempa seg gjennom grensa, så å seie. Dei hadde med lite sannsyn klart å sleppa inn i landet utan kunnig hjelp og styring av vår eminente lærar med si kunne i hebraisk kultur og språk som trumfkort. I norsk var det, sjølv for ein realist som meg, enormt inspirerande å læra om tilsynelatande keisame tema som setningsanalyse og retorikk.

Lærarane våre var verkeleg ekspertar på fagfeltet, og kunne rett nok synast noko sære. Samstundes var dette noko av styrken, då denne ekspertisen og det brennande engasjementet, var det som gav faget sitt eige særpreg. Til slutt må eg sjølvsagt nemne matematikken. No er det over ti år sidan eg forlét utdanninga sjølve, men fleire av mine lærarar er att enno.

Aldri har eg hatt lærarar som har ofra så mykje tid og krefter, som har gjort seg så mykje flid med faget, for at eg skulle få eit best mogleg utbytte. Aldri før har eg hatt lærarar som klarte å gjera matematikken så levande. Til dømes då læraren nytta sjølvlaga innretningar i tre for å konstruera ellipsar, eller andre produkt frå sløydsalen, for å visa at formelen til volumet av pyramidar kan kjennast igjen i puslespelet når tre slike vert eit perfekt firkanta rett prisme.

Kan ikkje tevla med tv-show

Visst kjenner eg til at kjemien kunne vera annleis frå lærar til lærar, men var det ringt, fekk me kompensera med betre eigenstudie. Det var for så vidt ikkje alltid læraren sin feil at det gjekk litt trått. Som regel har eg sjølv meir skuld, då eg har vike unna det eg skulle ha lært mykje tidlegare. Eg vil retta ein stor takk til desse lærarane som eg sjølve har hatt og erfart. Desse som står på, år etter år, til liks med lærarar elles.

Det er ikkje lett å konkurrera med finpussa underhaldning og show på tv, eller korte snuttar på sosiale medium. Samstundes har det vorte vanleg å hevda sin rett, utan å gjera si plikt. Det er i dette klimaet læraren prøver å stå støtt, med å halda oppe normer og fag. Me treng slike førebilete.

Publisert: