Aftenbladet legitimerer nye kjønnsnormer
KRONIKK: Aftenblad-artikkelen om mannen som vil vera både mann og kvinne, er for ukritisk.
- Wenche Haugen HavrevollNesflaten, Suldal

Hovudsaka i Aftenbladet Magasin 4. februar handla om Torben Dyhr-Nielsen, som nå endeleg kan vera seg sjølv. Det bur ein mann og ei kvinne i han. Han veit gjerne ikkje kven han skal vera når han vaknar om morgonen, om det er ein Cathrine-dag eller ein Torben-dag.
Torben kom ut som Cathrine gradvis frå 2020. I dag er Torben (Cathrine) talsperson for transpersonar, sit i styret for Forbundet for transpersoner i Norge og vil påverka både politikk og haldningar.
Magasinet-artikkelen: Å være seg selv (for abonnenter)
Vakre vendingar
Eg har venta på oppfølgjar i avisa om denne saka, i form av fagartiklar, kronikkar og lesarbrev. Men det har vore heilt stille. Saka, som tydeleg formidlar det nye synet på kjønn, og som blir drøfta i fleire bøker internasjonalt, burde vore drøfta grundig og godt også i Aftenbladet. Dette nye synet på kjønn har vidfemnande konsekvensar for alle i samfunnet vårt, ikkje minst for kvinner og born.
Aftenbladet framstiller saka som om det berre handlar om personen Dyhr-Nielsen og hans like. Ikkje er han farleg, og ikkje gjer han noko gale. Kvifor skal nokon bry seg?
Å føla seg som både mann og kvinne opplevast som ei gåve av hovudpersonen, og journalisten pakkar det inn i vakre vendingar, sløyfer og band: Cathrine, «den stilsikre elegante kvinnen», «elsker å shoppe. Liker å kjenne på forskjellige stoffer, prøve, feile, se, kjøpe, nyte». Kvinna Cathrine er «lyttende, hjemmekjær».
Men er Cathrine ei verkeleg kvinne? Den fysiske kroppen er ein mann, far til tre born. «Å være transperson handler ikke om klær, men om identitet», seier han i intervjuet. Likevel, dei dagane han er kvinne, tek han på falske neglar, parykk, sminke og andre sko og klede. Det er det ytre. Men han endrar altså også «identitet».
Den nye melodien
Læreverket Solaris, Aschehoug, naturfag 3.–4. kl. (bokmålsutgåva) forklarer kjønnsidentitet slik: «Men klær, hårfrisyre, hva du leker med og hva du gjør, kan vise hvilken kjønnsidentitet du har. Det kan vise om du føler deg som en gutt, en jente, begge deler eller ingen av delene. Hva du viser, kan være likt eller forskjellig fra hvilket kjønn du har.»
Det er dette ungar skal læra på skulen no. Det går tydeleg i retning av tradisjonelle uttrykk og kjønnsroller. Om ei jente t.d. har kort hår og likar dinosaurar, er det då likt eller ulikt det kjønnet ho har? Målet er tydelegvis å finna samsvar mellom det borna leikar og likar og det kjønnet dei har, for det kan visa «kjønnsidentiteten» deira, som no, i den nye tida, er det avgjerande.
For lite, Aftenbladet
Kva er det Torben gjer når han kler seg om? Er det rolleleik? Eit spel? Er det ei form for schizofreni? Eller er det autogynefili, forklart i Store norske leksikon som å tenna (seksuelt) på seg sjølv som kvinne/kvinneleg/feminin?
Dette venta eg at Aftenbladet ville forklara nærare. Slik oppslaget står fram no, utan forklaringar og utfyllande spørsmål, tener det berre som ei legitimering av nye normer i samfunnet. Kom ut, ver deg sjølv! «Min kropp, mitt valg», som Christian Øie uttrykte det i Aftenbladet (7.2.2023): «Jeg oppfordrer alle til å slutte å bry seg om hva andre mennesker gjør med sin egen kropp.»
Men så enkelt er det ikkje. Me lever i relasjonar, sa Merete Almås, pårørande til rusavhengig, i sitt svar (9.2.2023) og forklarte kvifor me ikkje kan snevra handlingar og haldningar inn til meg og mitt. Me veit også at det kan vera svært vanskeleg for familiemedlemer når menn skal leva ut kjenslene sine.
Ungar må no kjenna etter
om dei er komfortable med
kjønnet dei blei tildelt
ved fødselen.
Breier om seg
Men det gjeld jo så få, og det skadar vel ingen om menn meiner dei er kvinner. Slik tenkjer mange, etter det eg høyrer. Men kan kven som helst vera kvinne? Sidan me har fått Lov om endring av juridisk kjønn, der menn som føler for det, kan få same rettar og vilkår som biologiske kvinner, bør det vera eit stort poeng å ikkje alminneleggjera dette tilsynelatande kjønnsskiftet.
Dette gjeld faktisk ikkje så få. Sidan me fekk lova i 2016 og fram til november 2022 har nærare 2000 personar i Noreg sendt melding til Skatteetaten om endring av juridisk kjønn. Der er ingen krav til korkje hormonbehandling eller kirurgi, og ein kan endra tilbake om ein vil det. 84 prosent av dei som endra, var 29 år eller yngre.
Talet vitnar i høg grad om eit nytt syn på kjønn i samfunnet vårt. Dei som vil vera både kvinne og mann, ventar truleg med skifte til det kjem ein tredje kjønnskategori. Den vil inkludera «kjønnsflytande» menneske, ifølgje kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen. (Vårt Land 16.11.2021)
Skadar det nokon?
Dyhr-Nielsen har fått litt ekstra krydder i krydderhylla, seier han. Han piffar opp livet med å kle seg ut som ei kvinne, han skifter ham og blir Cathrine. Men som læreboka viser, og som Aftenbladet frontar, det må ei haldningsendring til for å gje Cathrine full legitimitet ute i samfunnet. Tidleg innsats er tingen. Ungar må kjenna etter om dei er komfortable med å vera det kjønnet dei blei tildelt ved fødselen, som det gjerne heiter.
Spørsmåla i klasserommet leier inn mot rosa og lys blå, inn i små boksar – og passar du ikkje inn, er du kanskje korkje jente eller gut. I ein alder av 8 år kan du identifisera deg som ikkje-binær, og du kan velja dine eigne pronomen (han/ho/hen). Viss ikkje læraren respekterer det, kan ho bli sagt opp. Det har skjedd i Sverige.
Er det så farleg, skadar det nokon? Svaret er opplagt, om me ser det frå barn og kvinner sitt perspektiv.
Les også
Håndballtalentet sto frem som transperson: – Mobilen eksploderte
Sultan (19) fra Sandnes på rød løper i hovedstaden
Nesten 1 av 10 er enig i utsagnet «når jeg tenker på transpersoner, grøsser jeg» – Oliver lurer på hvorfor
Er det lov å kalle transkvinner «perverse mannegriser»? Nå skal Høyesterett avgjøre
Mann dømt for hatefulle Facebook-ytringer mot transperson
– Dramatisk, sier Karoline i Fri Rogaland