Pikk er den nye olja

HUMOR: Ein tusen meter høg ein på Torget i Stavanger må vel kunna seiast å ha det verkeleg store potensialet.

Kva er vel Trollpikken i Eigersund, den vesle tassen, mot det Stavanger kan få til?

Debattinnlegg

  • Eigil Jansen
    Eigil Jansen
    Adjunkt
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Dei siste åra har me lese mykje om kva som skal vera «den nye olja». Skal me dømma etter den enorme merksemda som Trollpikken i Eigersund har fått i sommar, ser det ut som om pikkar kan vera den nye olja. Ein liten steinformasjon dei har funne i Dalane skal verta grunnlaget for ei ny, strålande tid for reiselivsnæringa i Rogaland.

Eg ofrar meg for fellesskapen og legg fram ein plan.

Ein unik sjanse

Eg har sete og venta på at ein eller annan politikar eller næringslivstopp skal sjå det store potensialet her, men sidan ingen av dei vanlege mediatrynene ser ut til å skjøna kor stort me kan gjera dette, får eg ta tak i saka sjølv, som brura sa. Trollpikken i Dalane er liten. Næringslivet i Stavanger er i ferd med å missa ein unik sjanse. No midt i sommaravspaseringa har eg eigentleg andre ting å ta meg til, men eg ofrar meg for fellesskapen og legg fram ein plan.

Då kan Dalane stå der med den litle trolltassen sin med erektil dysfunskjon, limt fast att i rota.
Skaden på Trollpikken, og ikkje minst redningsaksjonen (biletet), vekte stor interesse – til og med i utlandet.

Genistrek

OK, her kjem geniframlegget: ME BYGGER EIN PIKK! Midt i Stavanger sentrum står eit lite brukt torg, her skal pikken byggast. Sidan torget ikkje er heilt beint, kan me få ein fin, erigert vinkel på bygget. Her i distriktet har me spesialkompetanse på bygging av enorme betongkonstruksjonar. Statfjordplattformane var hundrevis av meter høge; me greier vel å bygga – berre for å seia eit hårete tal – ein tusen meter høg pikk? Då kan Dalane stå der med den litle trolltassen sin med erektil dysfunskjon, limt fast att i rota.

No trur du kan hende at eg ser føre meg berre ein slags skulptur? Men neidå, her skal me få synergieffektar som får meir enn betong til å reisa seg i bystyret sine bukser. Kunst og næringsliv i stiv foreining, miljøaspektet må ikkje gløymast, og kva med regionen sine transportutfordringar? Jo, høyr: innvendig bør det gå ein heis opp, og ut av tuten skal det gå miljøvenlege taubanar til dei andre destinasjonane i fylket. Slik kan bybabben ejakulera transport til Preikestolen og Jærstrendene for turistane, og til flyplass, universitet og sjukehus for oss andre.

  • Tidligere Aftenblad-journalist: For en del av oss er det nok nå
... og for å lokka med KrF kan me bygga inn eit rom i frenum der Kirkens Bymisjon kan driva eit hjelpesenter for utanlandske prostituerte.

Politikarane

Miljøaspektet lyt sørga for at SV, MdG, Venstre og SV er med, Høgre er med på alt som betyr offentlege kroner i entreprenørkassane, og Arbeidarpartiet kan vera for på heile planleggingsstadiet, for så å vera mot til slutt. Eg reknar med at Frp stemmer for, heile bystyregruppa deira er jo pikkar, og for å lokka med KrF kan me bygga inn eit rom i frenum der Kirkens Bymisjon kan driva eit hjelpesenter for utanlandske prostituerte.

Skal me dømma etter kor lukkelege journalistane har vore over å få laga overskrifter med ordet «pikk» i, vil Stavangerstaven vera sikra mediamerksemd til den siste avislesaren er daud. Byen si framtid er redda heilt til kommunestyret i Fitjar innser kva gullgruve dei sit på.

Les også

  1. Hvis tungen til trollet kan være en populær tur, hvorfor kan ikke pikken?

  2. Siste hånd på Trollpikken

Publisert:
  1. Trollpikken
  2. Stavanger
  3. Torget i Stavanger
  4. Preikestolen
  5. Gondolbane

Mest lest akkurat nå

  1. Viking glimrende før pause, mistet seieren på overtid

  2. Nytt slag for Rødne: – Dette kom som lyn fra klar himmel

  3. Han blir sjef i Bjørn Rygg-selskap

  4. De fleste ungene ble skremt og sprang bort, men fire ble med den fremmede mannen

  5. Test av fem elbiler. Og tre ting som bør inn i kjøpekontrakten.

  6. DIREKTE: Her setter Karlsbakk inn sin første Viking-scoring