Brør under brynja – Arne Garborg og Peter Hognestad

KRONIKK: Einarane Peter Hognestad og Arne Garborg frå Time var arge motstandarer i kyrkjespørsmål – og stod kvarandre nær i spraksaka og på eit personleg plan. I år er det 150 år sidan presten, prestelæraren, biskopen, salmediktaren/-omsetjaren og språkmannen Peter Hognestad vart fødd.

Publisert:

Peter Hognestad (t.v.) og Arne Garborg var begge frå Time og gode vener og sameinte i språksaka, der dei stod i fremste rekke, kvar på sin post. Men presten/biskopen og forfattaren var òg arge mot kvarandre når dei var usamde, både offentleg og i private brev. (Maleri av Frida Hoeck Rusti; foto av Helland & Co.)

Debattinnlegg

Per Halse
Førstemanuensis, Høgskulen i Volda

Presten, prestelæraren, biskopen, salmediktaren og -omsetjaren og språkmannen Peter Hognestad var ein yngre sambygding av forfattaren og redaktøren Arne Garborg. Familiane var godt kjende med kvarandre. Skarp meiningsutveksling om tru og livssyn sette venskapen på prøve, men presten Hognestad og kyrkjekritikaren Garborg hadde stor respekt for kvarandre.

Arne Garborg (1851–1924) var allereie kjend som bladmann og forfattar då Peter Hognestad (1866–1931) kom til Kristiania som student i 1886. Peter hadde fått med sterke impulsar frå vekkingspresten Lars Oftedal så vel som frå Venstre-politikaren Johannes Steen, som var rektor ved katedralskulen Kongsgård i Stavanger.

Det teologiske fakultetet i hovudstaden var inne i ei sterk brytnings- og omstillingstid. Fredrik Petersen frå Stavanger hadde teke over undervisninga i dogmatikk etter den konservative Gisle Johnson. Petersen opna norsk teologi og kyrkjeliv for moderne vitskap. Men han gjorde det på ein varsam måte, og med sitt milde vesen og inderlege kristenliv vann han tiltru i mange krinsar.

For Peter Hognestad og studiekameratane vart professor Petersen ein kjær lærar og viktig sjelesørgjar. Arne Garborg syntest derimot ikkje at Petersen lukkast i å forsone kristen teologi med verkeleg vitskap. I tekst og tale etterlyste han grundigare drøfting av prinsippa for religiøs erkjenning, og han var sterkt kritisk til den lutherske barnelærdomen.

Begge sette bondekulturen og norsk folkespråk høgt, og dei hadde stor respekt for kvarandre.

Peter Hognestad skreiv den første liturgien og bøneboka for Den norske kyrkja på «landsmaal»/nynorsk (1908), og han stod sentralt i arbeidet med omsetjing av Bibelen til nynorsk (her frå Salmarne, 1904) og utgjevinga av Nynorsk salmebok (1925). Han omsette òg ei rekkje kjende salmar til norsk og nynorsk, som «Det hev ei rosa sprunge», «Fager kveldssol smiler», «Å, ver hjå meg», «Leid, milde ljos» og «Så tak då mine hender».

Språksaka

Garborg og Hognestad vaks opp med dansk språk i kyrkje og skule, i bøker og blad. På Jæren var det tidleg skipa mållag, men både Arne og Peter vart vaksne før dei byrja skrive landsmål – fyrst privat og etter kvart offentleg.

Palmesøndag 1901 heldt Hognestad den fyrste høgmessepreika på nynorsk i Kristiania. «I slike stundir kann ein tru um det var på sjølve æventyre», skreiv Garborg då. Språksaka vart dei to timebuane ståande saman om.

Begge sette bondekulturen og norsk folkespråk høgt, og dei hadde stor respekt for kvarandre. Garborg oppmuntra Hognestad til teneste for bygdeungdomen og nynorsk kyrkjespråk. Hognestad rådførte seg ofte med Garborg – ikkje minst om omsetjing av Bibelen.

Peter Hognestad reagerte raskt: «Eg minnest inkje eg hev lese nokor bok som hev gjort meg so vondt».

Arne Garborg likte Peter Hognestad sin nye liturgien for kyrkja og preikene hans, og den nye, liberale teologien i tida. Men boka hans «Jesus Messias» var so avgrunns langt burte fraa det som etter mi meining er rett, at det skjer meg i hjarta aa sjaa deg vera fyretalsmannen», skreiv Hognestad til Garborg.

Jesus-strid

I 1903 vart Peter Hognestad bygdeungdomsprest i hovudstaden, og ei sentral oppgåve var å halde gudstenester på nynorsk. Dette lokka Arne Garborg til kyrkja att, og han likte seg: «[…] eg kunde vera meir med enn eg hadde tenkt; og kor som var og inkje var: det kjendest utruleg heimslegt i Kyrkja for ‘den burtkomne Sonen’». Garborg opplevde preikene som mindre dogmatiske enn før, men framleis var der nok som vekte protestanten i han, og han vende seg atter til Nytestamentet for å finne ut kven Jesus var.

Til ny-lesing av dei gamle tekstene fekk Garborg hjelp frå utviklinga i protestantisk teologi. Nyare forsking peika på motsetnader i det bibelske materialet, og ei hovudsak for den liberale teologien vart å framheve Jesu «enkle lære» i motsetnad til dogmatikken frå Paulus og kyrkjemøta. Garborg presenterte tolkingane sine i boka «Jesus Messias» hausten 1906, og konklusjonen var slik: «I Staden for aa høyre etter kva Jesus sagde hev Verdi no i snart to tusund Aar trætta med seg sjølv um kven Jesus var. Og i Staden for Jesu Lære hev me fengi Læra um Jesus.»

Hognestad gjer eit poeng av at teoriane i boka er like «utrulege» som den klassiske kristne forståinga.

Peter Hognestad reagerte raskt: «Eg minnest inkje eg hev lese nokor bok som hev gjort meg so vondt». Synsmåtane var «so avgrunns langt burte fraa det som etter mi meining er rett, at det skjer meg i hjarta aa sjaa deg vera fyretalsmannen», skreiv han til Garborg.

Hognestad melde boka samstundes i Stavanger Aftenblad og i Dagbladet. Der slår han fast at Garborg teiknar Jesus berre som lærar og ikkje som frelsar. Alt som gjer mannen frå Nasaret til Gud og sonar for synd, skal vere seinare tillegg eller forfalskingar av evangeliet. Hognestad gjer eit poeng av at teoriane i boka er like «utrulege» som den klassiske kristne forståinga: «Vel skal det tru til aa ganga med paa det som det nye testamente lærer um Jesu uppstoda, men ja menn skal det reint ei kolbrennartru til aa ganga med paa det som Garborg lærer».

Samstundes kjem Hognestad forfattaren i møte på eit par punkt. For det eine sannar han at kyrkja gjennom historia altfor ofte har bunde seg saman med rikdom og makt i verda. Han finn det også godt å sjå kor varmt Garborg trur på Jesu særlege oppgåve til å lære frå seg kjærleik og brorskap.

Barndomsheimen til Peter Hognestad på garden Hognestad i Time. Huset vart seinare bygd om. Foto: Anders B. Wilse, 1913

Etter det grundige studiet som resulterte i Messias-boka, kjende Garborg seg glad og fri.

Feide mellom frendar

Det vart ein hard pressedebatt, og Garborg var redd for at striden gjorde ende på venskapen ikkje berre med Peter, men også med broren Eivind – som var mellom hans viktigaste kontaktar og hjelparar på Jæren. Dess gladare vart «’an Aadne» for venlege helsingar frå begge Hognestad-karane.

Etter det grundige studiet som resulterte i Messias-boka, kjende Garborg seg glad og fri. Det teologiske ordskiftet med Hognestad summerte han opp slik i eit brev til sambygdingen: «Kristne nok til aa vera ‘Brørar’ er me vel enno ikkje, men Du veit at me skal elska vaare Fiendar au. Og so fær me daa vera Fiendar naar me slaast, men Brødrar under Brynja, naar ikkje Djevelen vert altfor sterk.»

Då Peter Hognestad døydde i 1931, som ein populær biskop i Bjørgvin, vart han gravlagt på Solheim gravplass i Bergen, like sør for gravkapellet. Han såg inga motsetning mellom det folkelege og det kristelege: «Kristendomen skal ikkje jaga burt folkelivet, men halda det friskt og laga det um etter si art.» Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Per Halse er teolog og førsteamanuensis i kyrkjehistorie og tidlegare rektor ved Høgskulen i Volda.

Til 150-årsjubileet for Peter Hognestad har han skrive biografien «Språkstrid og heilag fred» (Samlaget 2016). Der er tilhøvet mellom Garborg og Hognestad utdjupa – med mange referansar til både offentleg og privat meiningsutveksling.

Boka blir presentert under Hognestad-jubileet ved Garborgsenteret 12.–13. november.

Publisert: