I Mar Mattai-klosteret i Nord-Irak fryktar dei at IS slår til på nytt

KRONIKK: Skal vi berre la Irak bli tømt for kristne? Eller skal vi ta eit krafttak for å unngå at håpløysa rammar dei som enno trur på ei framtid der?

Publisert: Publisert:

Broren til fader Yusuf i Mar Mattei-klosteret blei drepen då IS tok seg fram i Ninive-området nord i Irak. Då tenkte han sjølv òg at han godt kunne sjå for seg å bli ein martyr for Kristus. Foto: Pål Brenne, Stefanusalliansen

Debattinnlegg

Denne artikkelen er over ett år gammel

I ei fjellside over Ninive-sletta aust for elva Tigris i Nord-Irak har Mar Mattai-klosteret klora seg fast i over 1600 år, heilt sidan år 361. Sankt Matteus (Mar Mattai) grunnla det 30 år etter at han måtte flykta frå romersk forfølging av kristne i eit område søraust i dagens Tyrkia.

Klosteret har overlevd både mongolske, britiske og muslimske herskarar. Det har vore skadd og bygd opp att slik at bønene har kunna halda fram, hundreår etter hundreår. Men no fryktar fader Yusuf at det kan nærma seg slutten.

Ninive var ein viktig by i Midtausten i oldtida. Hit sende Gud den motviljuge profeten Jona for å åtvara mot undergangen dersom folket ikkje omvende seg. Folket angra. Gud sparte byen. Men angeren gjekk over. Profeten Nahum drog med ny åtvaring. No vart Ninive øydelagd. Ruinbyen ligg like ved Mosul, den nest største byen i dagens Irak.

Det syrisk-ortodokse Mar Mattei-klosteret i fjellsida på Alfaf-fjellet i Nord-Irak er eit av dei eldste klostera i verda som framleis er i bruk. I periodar var det sete for den øveste geistlege i den syrisk-ortodokse kyrkja, og abbeden i klosteret er framleis ein av denne kyrkja sine tre erkebiskopar i Irak. Foto: Wikimedia Commons

Broren drepen

Fader Yusuf kom som munk til Mar Mattai frå Mosul tidleg i 2006. Like etterpå blei broren drepen av islamske terroristar. Familien flykta til den sjølvstyrte regionen Kurdistan i Nord-Irak, aust for klosteret.

Ekstremistdrap og angrep i 2006 og 2007 både i Mosul og hovudstaden Bagdad førte til at skarar av kristne flykta frå landet eller la på flukt i eige land. I 2007 og 2008 bygde klosteret tre nye landsbyar på sletta nedanfor for kristne flyktningar frå Mosul.

Hadde IS klart å passera, ville vegen opp til klosteret ligge vid open.

Barbariet i Mosul

I kveldsmørket på Mar Mattai ser vi mot sørvest lysa frå den delen av Mosul som ligg aust for Tigris. Bydelen vest for elva er øydelagt. Etter at 300 svartkledde IS-krigarar i juni 2014 overtok Mosul, kom turen til Ninive-sletta. Kristne fekk valet mellom å flykta, bli drepne eller konvertera til islam. I Sinjar-området vest for Mosul ble 12.000 yezidiar drepne.

På vegen nedanfor klosteret prøvde IS-krigarar å kjempa seg forbi dei kurdiske peshmerga-styrkane, men også her stod dei kurdiske soldatane imot IS. Hadde IS klart å passera, ville vegen opp til klosteret ligge vid open.

Martyr

Fader Yusuf, ein av munkane som blei verande, kunne sjå IS-angrepa. Han var klar til å døy dersom IS kom. Då broren vart drepen i 2006, ville også Yusuf gjerne bli martyr: «Det største for kristne er å bli martyrar, slik apostlane blei det.»

Til klosteret kjem menneske som vil be eller få hjelp, også medisinsk. I eit rom ved sidan av kyrkjerommet kan dei som ber om eit mirakel, leggja seg med ein jernkrage rundt halsen, slik menneske har gjort gjennom hundrevis av år. «Mirakel skjer», seier munken.

Sidan kristne ikkje svarar med vald, er flukta utvegen, for dei som ikkje vel martyriet.

Kjenner seg svikta

Men når tek bønene på Mar Mattai slutt for godt? Fader Yusuf er djupt pessimistisk. Han kjenner seg svikta av Vesten og trur ikkje det er internasjonal vilje til å verna minoritetane.

Yusuf trur ikkje IS er borte. Han er redd for at IS-ideologien lever, og at dei svartkledde kjem til organisera seg til nye angrep. Sidan kristne ikkje svarar med vald, er flukta utvegen, for dei som ikkje vel martyriet.

Gjennom hundreåra er klosteret halde oppe av gåver frå kristne. Men dei som flykta, mista alt dei hadde. No er det kyrkjefolket som treng hjelp frå kyrkja og klosteret, mellom anna til å byggja opp att heimane i raserte landsbyar. Nokre har våga dra heim, mange har ikkje våga.

Mange av dei som framleis er i Irak, vil helst flytta til eit vestleg land der andre har reist i førevegen. Fader Yusuf forstår: «Dei fleste klandrar foreldra sine fordi dei ikkje drog frå Irak tidlegare. Dei er sjølve redde for at deira barn i neste omgang skal klandra dei.»

På slutten av 1950-talet var 3 prosent av folket i Irak kristne. I dag er dei mindre enn 0,1 prosent.

Usemje

Fleire kristne parti har kravd eit sjølvstyrt område for minoritetar på Ninive-sletta. Fader Yusuf tryglar om ein FN-garanti. Andre vi møter meiner det er ein illusjon å tru at noko vestleg land stiller med soldatar for å garantera ei «trygg hamn». Desse røystene vil heller ha dei kristne landsbyar på Ninive-sletta, område som kurdarane og Bagdad-regjeringa kranglar om kontrollen over, innlemma i den sjølvstyrte kurdiske regionen. Der har det trass alt vore langt tryggare for kristne enn i både sunni- og sjia-styrte område i resten av Irak.

Tida er knapp. På slutten av 1950-talet var 3 prosent av folket i Irak kristne. På 1990-talet var det over halvannan million kristne. I dag er dei mindre enn 0,1 prosent. Fader Yusuf er redd for at det no berre er 150.000 kristne igjen – andre trur det er mellom 200.000 og 250.000. Yusuf fryktar at landet kan vera tømt for kristne innan fem år.

Les også

Aftenbladet mener: «Kristne drepes, og kristne er på flukt. Det rammer også landene de forlater.»

Mistru – og håp

Det er ikkje berre heimar, skular, vegar og straumrett som skal byggjast opp att. Ein avgrunn av mistillit til muslimar må overvinnast. Mange opplevde at naboar vende seg mot dei under IS-barbariet. Minoritetar må dessutan sikrast status som likeverdige borgarar, ikkje som andre- eller tredjerangs.

Kristne trengst i eit land som kan bli riven sund av sekteriske kampar. Skal vi berre la Irak bli tømt for kristne? Eller skal vi ta eit krafttak for å unngå at håpløysa rammar dei som enno trur på ei framtid der?

Stefanusalliansen, starta som Misjon bak Jernteppet i 1967, er ein misjons- og menneskerettsorganisasjon med særskilt vekt på trusfridom.

Les også

Midtøsten: Kristne blir forfulgt

Les også

Arild Inge Olsson: «Får Israel 70 år til?»

Les også

Derfor kan verdenssamfunnet ikke anerkjenne Jerusalem som Israels hovedstad

Les også: Abraham er åndelig far til både jøder, kristne og muslimer. Men blant Abrahams barn har det vært konflikter fra første stund.

Publisert: