Bøndene er ikkje i vegen, dei er framtida

DEBATT: Kampen om matjorda på Jæren kunne gjerne sett annleis ut om bøndene hadde fått ny status og blei verdsette for den viktige beredskapen dei representerer.

Vagle var eit jordbuksområde med 6-8 aktive bønder fram til rundt 2014.

Debattinnlegg

  • Karen Fosså Handeland
    Sandnes
Publisert: Publisert:

To gardsbruk på Vagle i Sandnes skal snart vika plassen for å gi plass til COOP sitt nye gigantiske hovudlager. REMA sitt nye distribusjonslager blei plassert på ein annan gard like ved, og den nye postterminalen vart bygd på jorda til ein fjerde gard på Vagle. Datalagring vil Time kommune ha på eit gardsbruk, og batterifabrikk er berre ein av endå fleire planlagde utbyggingar som også kan bli lagt på landbruksareal.

Pris for å bygga på fjell

Då ASKO skulle bygga nytt regionlager i Buskerud/Vestfoldregionen, var ein av premissane for val av tomt at dei ikkje ville bygga på dyrka mark. ASKO fekk seinare ein jordvernpris fordi dei valde å bygga på fjell.

På Jæren har vi mange dyktige bønder, men evna til å ta vare på dei, er svak. Det synest som om utbyggjarar meiner dei har rett til å bruke landbruksjord til det dei meiner er viktigare enn å produsere mat. For desse kan det synast som om bøndene si bruk av jorda er eit hinder for utviklinga. Når bøndene kjenner seg lite verde og at dei er i vegen, kan dei lett la seg freista til å byta bort ku og eng mot pengar nok til eit liv utan slit og strev.

Kor er logikken i at lagring av til dømes instagrambilete, facebookprofilar, e-postmeldingar og kontoutskrifter skal skje på jordbruksjord?

Ingenting er sjølvsagt

Sjølvforsyningsgraden av matvarer i landet vårt, er om lag 40 prosent. Med cirka 38.000 bønder og over fem millionar innbyggjarar, er det ein bonde for kvar 140 innbyggjarar. I 2018 var sommaren så tørr at det blei matmangel for husdyra både her i landet og i store delar av Europa. Mange bønder opplevde vakenetter og måtte ty til tidleg nedslakting av dyr medan folk flest gledde seg over finvêret. Sidan mars i fjor har vi alle fått merke at ingenting er sjølvsagt. Dei færraste av oss frykta for pandemi, men den kom likevel.

Kven av dei folkevalde vil stå til ansvar dersom vi får ein matvarekrise i framtida? På Nord-Jæren og i jærkommunane er 23.000 dekar matjord planlagt til utbygging. Dette inneber at om lag 100 bønder etter kvart vil bli bedne om å slutta å produsere mat og akseptera at jorda vert erstatta med asfalt og betong. Desse 100 bøndene har potensial og kunnskap til å forsyna 12.000 personar med norske matvarer kvart år i generasjonar fram i tid.

Det er ikkje berre her i landet at mykje jordbruksjord vert bygd ned. Det skjer i heile verda. Dersom det vert for lite mat om 20 år, kan vi ikkje reversere den utbygginga som skjer nå.

Kor er logikken?

Kva slags politikarar har vi som meiner det er greitt å bygge matvarelager der det kunne vore produsert mat? Kor er logikken i at lagring av til dømes instagrambilete, facebookprofilar, e-postmeldingar og kontoutskrifter skal skje på jordbruksjord?

Kva er grunnen til at Statsforvaltaren ikkje set foten ned? Vi treng politikarar som tenkjer mattryggleik. Bevaring av jorda er viktig, og nå må også løna til bonden bli så god at dei aldri vil selja jorda til utbygging.

Les også

  1. – Stopp prosessen, sier bygda som samlet inn 300.000 kroner og laget ny rapport om data­senter

  2. – Å skape arbeidsplasser er ikke helt på jordet

Les også

NHO og LO helt enige om datasenter på Kalberg: – En historisk sjanse

Les også

Kalberg: – Ynkelig, sier Ingrid Fiskaa (SV) etter at tre partier i Time signerte «hemmelig avtale på bakrommet»

Les også

Sivilombudsmannen: – Forståelig at biblioteksjefen reagerte da ha hun ble kalt inn på teppet i kommunen

Les også

Tom Tvedt er på banen igjen, skal røyne seg på jordvernere

Publisert:
  1. Debatt
  2. Utbygging
  3. Datalagring

Mest lest akkurat nå

  1. Ventetid på inntil ett år på SUS: – Fører til stor frustrasjon

  2. Arild Østbø med klar beskjed etter ny praktkamp: - Jeg har fortalt at jeg vil stå

  3. Oversvømmelser og store vannmengder langs E39

  4. Gjør du også disse lysfeilene? Så mye kan det koste deg i bot

  5. Blandet mottakelse for «Nordsjøen» – fra treere til «en oppvisning»

  6. Oilers snudde kampen mot erkerivalen: - Vi fikk høre det i pausen