Fellesskolen byggjer tillit

DEBATT: Noreg er på verdstoppen i tillit, kan vi lese i avisene denne våren. Vi har høg tillit til kvarandre, til styresmaktene, til politiet, til leiarane våre på jobben, til fagforeningane og til media.

«Hovudarenaen for tillitsbygginga er fellesskolen», skriv Sølvi Ona Gjul. Foto: Shutterstock

Debattinnlegg

  • Sølvi Ona Gjul
    Sølvi Ona Gjul
    Stavanger Ap
Publisert: Publisert:

Denne tilliten har gjort at vi har slutta opp om dei inngripande tiltaka gjennom koronakrisa, denne tilliten vil lose oss gjennom krevjande forhandlingar og meklingar og konfliktar i arbeidslivet denne våren. Den første hovudavtalen, arbeidslivet si grunnlov frå mars 1935, burde feirast kvart år! Høg tillit er kanskje den viktigaste konkurransefordelen vår, høg tillit gir høg produktivitet!

OECD er uroleg

Hovudarenaen for tillitsbygginga er fellesskolen: Ein skole for alle heilt frå 1739, har medverka til at vi har små forskjellar mellom folk og høg deltaking i demokratisk styring. I fellesskolen byggjer vi borgarar!

Samanlikna med dei aller fleste land i verda, har Noreg små forskjellar mellom folk. Men no aukar forskjellane, og dei aukar så mykje at til og med OECD er uroleg på våre vegne. Og når forskjellane aukar, minkar tilliten. Så må det seiast med styrke at fellesskolen har hatt svært stor utjamningskraft! Eg fekk sjølv tilgang til høgre utdanning på grunn av denne utjamningskrafta, døtrer til fiskarar var den siste gruppa i Noreg som fekk ta artium. Og krafta er der framleis – sjå berre på innvandrarbefolkninga vår, mange opplever ei klassereise utan sidestykke. Alt for meir enn ti år sidan tok ikkje berre jentene, men også norskfødde gutar med innvandrarforeldre høgre utdanning i større grad enn befolkninga elles.

Pedagogikkfaget er redusert gjennom alle reformene dei siste tiåra.

Solid pedagogisk kompetanse

Men vi greier likevel ikkje å utjamne godt når det gjeld kognitiv ballast, og vi har ei utfordring når det gjeld kjønn. No er det gutane som treng merksemd, jf. utgreiinga frå Stoltenberg-utvalet i 2019. Slik utjamning krev solid pedagogisk kompetanse – då held det ikkje med mastergrad i eit undervisningsfag.

Det er bra at lærarutdanninga er blitt femårig, og god kompetanse i undervisningsfaga i skolen må sjølvsagt vere på plass. Men vi har mist noko av det som gjer lærarutdanninga til ei profesjonsutdanning: Pedagogikkfaget er redusert gjennom alle reformene dei siste tiåra. Eg meiner denne utviklinga er svært uheldig - etter mitt syn er solid pedagogisk og spesialpedagogisk kompetanse kjernen i lærarutdanninga, og det er den kompetansen som må til for å gi enno betre utjamningskraft. Ei ekspertgruppe oppnemnt av Kunnskapsdepartementet leverte rapport i 2014 og konkluderte bl.a. med at meir spesialpedagogikk må takast inn i pedagogikkfaget. Men rapporten er så langt ikkje følgt opp på skikkeleg vis.

Små skular

Kanskje må vi få tilbake allmennlæraren? Eit initiativ i Nordland er interessant – laksemilliardæren Aino Olaisen på Lovund har tatt initiativ til ei lærarutdanning for dei små skulane. Ei styringsgruppe med forankring i lærarutdanninga på Nesna er i arbeid med å utvikle prosjektet, ifølgje ein artikkel i Khrono. Spesialiseringa i lærarutdanninga og kompetansekrava i opplæringslova passar for store kommunar og store skular og er sentraliserande. Men i eit land som vårt har vi mange små skular, og dei har ikkje rom for å tilsetje lærarar med spesialutdanning i kvart fag. I denne samanhengen er det greitt å minne om at «smått kan vere godt» - elevane i tidlegare Sogn og Fjordane har gjennom mange, mange år hevda seg svært godt i alle slags målingar, og denne regionen utmerkjer seg med små kommunar og små skular.

I løpet av sommaren vil Kunnskapsdepartementet leggje fram forslag til ny opplæringslov. Då må vi vere vakne for alt som kan fremje fellesskolen, og på vakt mot alt som kan svekkje!

Les også

  1. – Vi må vere på vakt for fellesskolen kvar dag!

  2. – Ønsker vi en grunn­skole som må rek­lamere for å få elever?

Publisert:
  1. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. Eldre mann i Sola funnet i god behold

  2. Aftenbladets web-kamera viser en person som går vekk etter at bobil havnet i sjøen ved Tunge­nes fyr

  3. Fem nye smittede i Hå, alle knyttet til Beverly

  4. Halvparten av lærer­studentene ved UiS strøk på eksamen: – Vi har klaget på under­visningen gjennom hele skole­året

  5. Stavanger-firma kan ha løsningen på problemet med gummi­granulat

  6. Trosset pensjonist­til­værelsen for å vaksi­nere: – De er helter