Alt er lov for russen, men ikkje for vaksne menn med makt

DEBATT: Ein rektor eg kjenner prøvde seg på ei lita moralsk åtvaring då ho høyrde om russeknuten elevane kan få om dei ligg med ein ny person kvar dag i ei veke. Motbøra ho møtte, gjorde at ho ikkje våga stå ved sine ord.

Det spøkjer ei Monica Lewinsky bak mange menn. Det er forbode å seia det, men alle veit at menn med makt har drag på damene. For russen er alt lov, men ikkje for vaksne menn.

Debattinnlegg

  • Kjell Arild Pollestad
    Bryne
Publisert: Publisert:

Bodskapen frå rektor blei heller ikkje vel motteken av folk som burde ha betre forstand enn russen. Ho hadde nok ikkje skjøna at ei seksualmoralsk rettleiing til ungdomen nærast er som eit overgrep å rekna, eit åtak på den grunnleggjande og etter kvart udiskutable fridomen til å fylgja eigne lyster i eitt og alt. Dei unge horelystne var «krenka».

Det same var ei kvinne som fekk lovord for utsjånaden sin då ein mann uforvarande kom over henne i ein dusjgarderobe – men fyrst etter at ho hadde tenkt over saka i tjue år. Eg trudde knapt korkje augo eller øyro då dette under ein krig i Europa var fyrste saka i Dagsrevyen. Det skuldast sjølvsagt at han som opna garderobedøra, var forsvarsminister Odd Roger Enoksen. Dimed var startskotet gjeve for den journalistbølingjakta som alltid fylgjer slike meldingar – ei jakt som oftast vert krynt med hell, for i dei fleste liv finst det noko som bør få liggja i fred utanfor journalisthorisonten, so sant det ikkje er kriminelt og soknar til politiet.

Alt er ikkje lov for alle

Dei fann ikkje noko kriminelt på statsrådens rulleblad. Han har i sitt lange politiske liv aldri vist seg som noko anna enn ein heidersmann. Men han hadde for tjue år sidan hatt eit «forhold» til ei jente på atten år, ei som var jamaldra med dei som no vil ha sju sexpartnarar på ei veke for å få ein ekstra knute i russelua. Det er dette som har vorte den verkelege standarden for seksualmoralen i samfunnet, etter at rektoren måtte gå på gummisolar etter ein freistnad på litt moralsk oppseding. Alt er lov, men det gjeld ikkje vaksne menn, og slett ikkje menn med makt.

Det spøkjer ei Monica Lewinsky bak mange menn. Det har det alltid gjort, og det vil det alltid gjera. Mot mannenaturen nyttar det lite å koma med umenneskelege omgrep som «nulltoleranse». Dei fleste menn opplever stunder der dei ikkje let seg styra av det hovudet som sit på halsen. I land som held fråstand til den angloamerikanske puritanismen – og det gjer gudskjelov dei fleste – er dette noko sjølvsagt. I Frankrike gjekk både kona og elskarinna bak kista då den sosialistiske president Mitterand vart førd til grava, og «alle» visste at president Hollande køyrde motorsykkel til elskarinna si i Paris. Frå kristen synsstad synda dei begge, men dei gjorde ikkje noko straffbart. I den sekulære moralen finst det inga synd, men heller inga tilgjeving. Det er ein umenneskeleg moral, som ikkje eingong har plass til Prøysens sosialdemokratiske variant av evangeliet: «Du ska få en dag i mårå.»

Maktmenn dreg damer

Ei jente på atten år har vore over den seksuelle lågalderen i to år, ho er myndig og kan gjera som ho vil. Ingen tvinga henne til sex med politikaren, og korkje han elle ho gjorde noko ulovleg. Det er forbode å seia det, men alle veit at menn med makt har drag på damene. At ho so etter tjue år kjenner trong til å tinglysa gamal elskhug, vert som ein illustrasjon til den italienske operaarien: La donna è mobile. (Kvinna er flyktig red.anm.) Det tragiske er at denne «mobiliteten» no har all makt i det norske samfunnet: Ein mann har ikkje ein gong lov til å forsvara seg, og frå brørne i kjøtet kjem det berre feig togn.

Sumaren 1886 drøfta Bjørnson og Kielland Jægers bok «Fra Kristiania-bohêmen», og sjølv om han ikkje hadde sans for boka, skreiv Kielland: «Det er gavnligt at den uimodståelige drift i mannfolkene bliver klart irettelagt, at ikke kvinnen – idet hun bliver like berettiget – skal tro at hun er like belesset. Ti man må – synes jeg – være ganske uvitende om hannenes vesen i naturen, når man vil likestille driften hos kjønnene. Det forekommer meg også, somom ethvert barn må kunne føle og forstå, at der er mere drift og fart i et brev enn i en brevkasse.»

Men det eitkvart barn skjøna i 1886, har ikkje eingong statsministeren mot til å skjøna i 2022. Han let den dyktige statsråden gå, i staden for å handla som ein mann og setja foten ned.

Dei fann ikkje noko kriminelt på statsrådens rulleblad. Han har i sitt lange politiske liv aldri vist seg som noko anna enn ein heidersmann.
Publisert:
  1. Monica Lewinsky
  2. Odd Roger Enoksen
  3. Krim
  4. Paris
  5. Europa

Mest lest akkurat nå

  1. Trafikkontroll i Stavanger: Fant passasjer i bagasje­rommet

  2. Viking opp i ledelsen på straffespark

  3. UiS angriper Ola Borten Moe: «Mis­visende». «Villedende». «Umulig å ha tillit»

  4. For folk vil koke over fra livet og ned, og fryse seg i hjel fra livet og opp! Genialt konsept!

  5. Ordføreren om Braut Haaland-hyllesten: – Det var denne måten det måtte skje på

  6. Forsker har ikke funnet tegn til planten på fem år