KrF vi vil jobbe for kvinnehelse
DEBATT: KrF vil styrke forskinga på kvinnesjukdomar for å sikre kvinner riktig diagnose og behandling så raskt som mogleg.
- Anne Kristin BrunsLeiar, Rogaland KrF og 4.kandidat til Stortingsvalet


I tillegg vil vi auke kompetansen blant fastlegane på kvinner sitt sjukdomsbilete. Rogaland KrF vil ikkje ha et helsevesen der lidingar som i stor grad ramme kvinner, blir nedprioritert. Difor er auka innsats for å bidra til å sikre likeverdig tilgang til helsetenester viktig.
Tida er overmoden for målretta satsing på kvinnehelse! Ann Kristin Thorkelsen og Grete Herlofson frå Norske kvinners Sanitetsforening løfte eit viktig aspekt i samfunnet i Aftenbladet 25. august, nemleg at det ikkje er likestilling innan helse i Noreg.
Forskarane meiner at ein nettportal som samlar og formidlar norsk forsking på kvinner si helse, kan vere eit godt verkemiddel for å bidra til eit meir likeverdig helsetilbod til kvinner og menn. Dette vil vi utfordre og halde i framover.
Dette vil vere viktige steg mot ein likeverdig helseteneste og dessutan bidra til at frivillige organisasjonar, fagmiljø og det offentlege saman kan jobbe for like moglegheiter for alle.
For mange kvinner er den psykiske valden og truslar like grufull som den fysiske smerta.
Kvinnehelseportal
Difor vil Rogaland KrF og KrF kvinner at forsking på kvinnehelse må prioriterast kraftig. Kvinnehelseportal må opprettast for å gjere kunnskap om kvinnehelse lett tilgjengeleg. Ein av sjukdomane som det heldigvis er sett søkelys på i den seinare tid, er endometriose. Vi meiner at vi gjennom både forsking og økonomisk støtte, må jobbe for både anerkjenning av denne sjukdomen, og meir kunnskap slik at det er lettare å få den rette hjelpa ein treng.
Ein måte å gjere det på er å opprette kompetansesenter ulike stader i landet slik sanitetskvinnene foreslår, og KrF kvinner foreslår å opprette vulvaklinikkar ved alle helseføretaka. De kan rekne med KrF i denne saka, og vi har også teke til orde for situasjonen som mange kvinner opplever, nemleg vald i nære relasjonar. Det skje i alle samfunnslag, uavhengig av nasjonalitet eller religion. Det er diverre mykje mørketal rundt psykisk og fysisk vald i nære relasjonar.
Blir ikkje trudd
Mange kvinner opplever at dei ikkje blir trudde eller får saka si behandla hjå politiet pga. bevisets stilling. For mange kvinner er den psykiske valden og truslar like grufull som den fysiske smerta. Dette må vi som samfunn ta på alvor før det skjer endå fleire dødsfall.
Valdtekt og seksuelle overgrep er eit av dei mest traumatiske overgrep eit menneske kan bli utsett for. KrF kvinner meiner at sex utan samtykke, er valdtekt og dette må lovfestast snarleg.
Økonomisk fridom
Økonomisk sjølvstende er ein føresetnad for kvinna si valmoglegheit både i arbeidslivet og familiesituasjonen er reelle. Det er viktig at den økonomiske fridomen er realistisk både i dei yrkesaktive åra og ved oppnådd pensjonsalder.
Vi vil jobbe for:
- Krevje at forsking på kvinnehelse skal prioriterast kraftig, og at resultata er tilgjengeleg i ein kvinneportal, og dessutan at vulvaklinikkar skal etablerast ved alle helseføretaka.
- Jobbe for å gje lettare tilgang til valdsalarmar, og dessutan å gjere desse sikrare og meir brukarvenlege. Vi ønske også omvendt valdsalarm.
- Lovfeste krav til samtykke i valdtektslovgjevinga snarast.
- Jobbe for at pensjonsreforma blir justert ute frå eit kjønnsperspektiv.
Valg 2021 - helse
- DEBATT
Hvilket parti er villig til å satse på fastlegeordningen?
- DEBATT
– Ingen eldre skal sitte alene
- DEBATT
Hva slags helsevesen vil vi egentlig ha? Neppe et der jordmødrene på SUS jobber fjorten nattevakter på rad
- DEBATT
Jeg ønsker at en politiker kan ta en vakt sammen med meg på sykehjemmet for å se hvor travelt det er
- DEBATT
– Ønsker mer forskning på kvinnehelse
- DEBATT
Jeg finner ingenting om kvinnehelse og barselomsorg i partiprogrammene