Eldreomsorg handlar om gode bustader og fysisk og psykisk helse

DEBATT: For KrF handlar eldreomsorga om meir enn mat på bordet, medisin i skuffa og tak over hovudet.

«Omsorgsbustadar eller bufellesskap for dei som ikkje kjem innanfor kriteria for langtidsplass på sjukeheim, er eit godt alternativ. Ikkje minst for å førebyggje einsemd», skriv Anne Kristin Bruns i Stavanger KrF.
  • Anne Kristin Bruns
    Anne Kristin Bruns
    Medlem i utval for helse- og velferd, Stavanger KrF
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eldre er ikkje ei einsarta gruppe, men enkeltmenneske som er ein stor ressurs i samfunnet. Når vi snakkar om eldre, kven meiner vi då? Vi snakkar om ei stor gruppe og om enkeltmenneske i mange ulike livssituasjonar. Nokre er framleis i jobb og ønskjer å stå på lenge i arbeidslivet. Andre har lagt yrkeslivet bak seg og engasjerer seg kanskje i frivillig arbeid. Uansett kor ein er i livet må eldre få bruke ressursane sine. Få vere med på å styre samfunnet. Få interessene sine sett og respektert. Og få hjelp når helsa gjer at vi treng meir hjelp. Det er et slikt samfunn vi vil ha.

Heime lengst mogleg

For eit par år sidan pussa vi opp huset vårt heime. På same tid hadde eg ein gjennomgang av «Bolig sosial handlingsplan» i utval for helse og velferd i Stavanger, der eg er medlem. Planen oppfordra oss alle til å planlegge vår eigen alderdom. Det fekk meg til å tenke at no må eg passe på at eg legg til rette for at eg kan bu i bustaden min lengst mogleg. Eg er trass alt berre 59 år, og spørsmålet var om eg kunne svare ja på spørsmålet. Det kan eg. Mannen min og eg er einige om at vi skal gjere det vi kan for at dette skal vere ein god stad å bu i alderdommen.

Slik er det for dei fleste av oss. Vi vil bu heime lengst mogleg, og då må vi legge til rette for det i god tid.

Omsorgsbustader og bufellesskap

Dei neste ti åra vil den store etterkrigsgenerasjonen runde 80 år. Mange eldre har sine siste år på sjukeheim eller i eldrebustader. Desse bustadene bør så langt som mogleg ha eit heimleg preg og sikre at både dei som bur der og personalet har gode bu- og arbeidsforhold. Vi har gode eksempel på det i vår kommune.

Fleire eldre opplever at dei er for friske til å kome på sjukeheim, men samtidig for sjuke til å bu heime. På fleire av våre institusjonar ser vi ein tendens at dei som treng ein mellomstasjon mellom heimen og eventuelt sjukeheim, fortel om einsemd, angst og depresjon. Ein del av dei eldre har også kognitiv svikt og er underernærte. Mange pårørande er slitne og treng eit trygt tilbod til sine kjære. KrF meiner at omsorgsbustader eller bufellesskap for dei som ikkje kjem innanfor kriteria for langtidsplass på sjukeheim, vil vere eit godt alternativ. Ikkje minst for å førebyggje einsemd.

Mange eldre ønske å bu i bustader der dei kan observere og følge med på aktivitetar i nærleiken, framfor å ha utsikt til et relativt statisk naturområde. KrF vil ha søkelys både på butilhøve og psykisk og fysisk helse hos eldre.

Eg er glad for at vi ser utvikling
i det å tilby ideell sektor innpass
i vår kommunale verksemd i Stavanger.

Samlokalisering

For oss i Stavanger KrF er dette viktig, og difor vil vi arbeide for at dei eldre som ønsker det, skal få bu heime lengst mogleg, og at bustaden blir fleksibel slik at den er eigna til å byggast om eller bli tilpassa bebuarane sine behov. Vidare vil vi arbeide for at det blir oppretta omsorgsbustader og bufellesskap med moglegheiter for å få meir hjelp når ein treng det.

Mine svigerforeldre, som budde i USA, hadde eit tilbod i et bufellesskap der dei kunne kjøpe seg meir og meir hjelp ettersom dei trong det. Noko liknande tenkjer eg vil vere verdifullt også hjå oss, og eg er glad for at vi ser utvikling i det å tilby ideell sektor innpass i vår kommunale verksemd i Stavanger.

Det er ikkje tvil om at vi må legge til rette for at ulike grupper på tvers av generasjonar kan dra både nytte og glede av kvarandre, som ved å bygge eldrebustader saman med studentbustader, eller at ein legg barnehage og skule i nærleiken av omsorgsbustader. Her kan vi sjå for oss ulike modellar både for samskaping og fellesskap.

Det handlar om at vi som blir eldre er ulike og har ulike behov, difor vil vi gjennom tilrettelegging og planlegging gjere det vi kan for at vi kan møte det behovet som vi ser framover.

Publisert: