No har vi sjansen til å byggja Vestlandet saman
DEBATT: Nasjonalt transportplan (NTP) for 2022–2033 vart vedteken i Stortinget like før sommaren. Den er historisk, ikkje minst for dei av oss som bur på og bryr oss om Vestlandet. No må vi saman hegne om den historiske satsinga på nord-sør aksen i vår landsdel.
- Geir Inge LundeStyreleiar i Initiativ Vest
- Tommy AarethunDagleg leiar, tankesmia Initiativ Vest


Du lurer kanskje på kvifor dette er historisk? Jo, dette er nemleg fyrste gongen ein i Noreg si historie gjer eit reelt forsøk på å byggja saman Vestlandet – frå Kristiansand i sør til Kristiansund i nord. På tvers av fjordar og fylkesgrenser. Det vanlege til no har vore at store debattar og satsingar på samferdsle i vår region i stor grad har handla om korleis vi skal kople landsdelen til Austlandet og Oslo.
Motkraft til Oslo-regionen
Vestlandet er den einaste regionen i Noreg som samla har ein reell moglegheit til å vera ei motkraft til Oslo-regionen. Vi veit også at svara på mange av dei utfordringane samfunnet vårt no står ovanfor, ligg i naturressursane her på Vestlandet, og i havet utanfor kysten vår. Om regionen skal kunne verta ei reell kraft, er det avgjerande at vi på Vestlandet no står saman om å få på plass både infrastruktur og samarbeidsstrukturar som gjer det mogleg å ta denne rolla framover. Gjennom InterCity-prosjektet vert Oslo-regionen ytterlegare bygd saman. I tillegg vert planane om forbindingar til Stockholm og København greia ut som eit neste steg. Dette vil i so fall ytterlegare styrka Oslo-regionen sin posisjon på kostnad av andre regionar i Noreg.
Det vil byggje saman byane og deira omland, og det vil byggje saman dei ulike regionane.
Trygge rammevilkår for næringslivet
Det er ikkje fordi det skal gå fort å køyre mellom Kristiansand og Kristiansund at satsinga som ligg inne i NTP er viktig. Det sentrale er at dette vil knyte saman ei rekkje bu- og arbeidsmarknadsregionar langs heile Vestlandskysten, og sikre ein infrastruktur som gjev gode og trygge rammevilkår for næringslivet i regionen, og som gjer det mogleg for dei som bur her å flytte seg raskt og effektivt innanfor regionen. Slik sikrar vi at det bur og arbeider folk i desse områda som vil verta enno viktigare når ei stadig veksande verdsbefolkning skal ete meir berekraftig sjømat, når vi skal produsere og eksportere fornybar energi, og når vi skal utvinne mineral og utvikle verdsleiande teknologi for CO₂-lagring. For å nemne noko.
Arbeidet med å byggja firefelts motorveg frå Kristiansand til Stavanger er starta. Rogfast-prosjektet vil knyte saman Stavanger-regionen med Haugalandet. Hordfast vil knyte Haugalandet saman Stord og Bergen. Ei utbetring av E16 mellom Voss og Bergen vil sikre at ein viktig trase vert oppgradert og trygga. Ei rekkje mindre prosjekt på E39 nord om Bergen vil knyte saman Bergensregionen og gamle Sogn og Fjordane. Stad skipstunnel er eit banebrytande prosjekt som vil trygge kystleia forbi farlege strekk. I nord vil Møreaksen knyte saman Ålesund med Molde og Kristiansund. Kvar for seg er dette gode prosjekt som vil vera viktige for sitt område, men dersom vi no kan få på plass alle prosjekta, vil det gi heilt andre effektar. Då vil vi verkeleg få på plass ei historisk satsing som bind saman ulike bu- og arbeidsmarknadsregionar langs heile kysten. Slik legg vi grunnlaget for å realisere det store potensialet på Vestlandet.
Fragmentering og omkampar
Samferdsledebatten er stort sett prega av at ulike aktørar kjempar for ulike prosjekt. Det fører til fragmentering og omkampar som går utover heilskapen og viktige satsingar. Mange vil med rette hevde at vi vestlendingar er ekstra gode til dette. Vi meiner at tida no er inne for å løfte seg opp frå desse enkeltkampane, og at vi saman no bør kjempe for å få realisert alle dei prosjekta som ligg inne i denne NTP-en. Det vil vera eit enormt løft om vi får realisert desse prosjekta. Det vil byggje saman byane og deira omland, og det vil byggje saman dei ulike regionane. Det vil igjen opne opp heilt nye dører for samarbeid og samhandling på Vestlandet. Det er vi alle tent med.