Politikarane lirer av seg humbug for å letta eige samvit

DEBATT: Av 12 undersøkte område i fylket er datasentertomta ved Kvernaland mest konfliktfylt. Dette burde ført til at planane vart lagde bort.

«Det er påtakeleg kor mange ekspertar på jordbruk det er mellom tilhengarane av planen for datasenter», skriv Sven Åsland.

Debattinnlegg

  • Sven Åsland
    Kvernaland
Publisert: Publisert:

Her i Time er datasenter ingen ny ide. For ein del år sidan var det gode planar om eit senter på Bryne i området nord for stadion. Dette var eit fornuftig prosjekt, ledig bygning der ein kunne ha datamaskinar i fleire høgder og spara areal. Det vart ikkje noko av, i staden fekk me gigantplanane rundt Kvernaland.

Landbruksplan ikkje med

Norconsult fekk oppdraget med konsekvensutgreiing (KU) for den nye planen. Her er det ei lang liste over rammer og premissar for planen i form av lover, forskrifter og planar av ulike slag. Men kommunen sin landbruksplan er ikkje teken med. Ein plan som seier at jorda på Jæren har verdi både for regionen og nasjonen, og at ein derfor ikkje kan omdisponera meir enn 20 dekar landbruksjord i året. Tilsette i kommunen med kompetanse på landbruk har ikkje hatt høve til å uttala seg, og det har heller ikkje ein bibliotekar som ikkje ønskjer datasenter som nabo.

Det vert ikkje bygd ned ein einaste rutemeter mindre jord i desse kommunane grunna byte, det er eit reint spel for galleriet.

KU-en kom med denne oppsummeringa: Stor negativ konsekvens for naturressurser (les landbruk), stor negativ konsekvens for naturmangfold og stor negativ konsekvens for kulturminner. I tillegg til middels negative konsekvensar for landskapsbilde og friluftsliv.

Seinare fekk fylkeskommunen ein rapport frå Asplan Viak. Her vurderer dei konsekvensane som store også for landskapsbilde og friluftsliv. Av 12 undersøkte område i fylket er datasentertomta ved Kvernaland mest konfliktfylt. Dette burde ført til at planane vart lagde bort.

Les også

Byggmestere har helt i det stille blitt klar til å bygge batterifabrikk på Høg-Jæren

Kreativ bruk av rekneark

Administrasjonen har med kreativ bruk av rekneark funne at fulldyrka jord vil auke med 6 da etter tilbakeføringar av tidlegare omdisponerte område. Det som ligg inne i områdeplanar frå før er ikkje juridisk bindande og heller ikkje meldt inn til SSB som omdisponert. Ein kan ikkje tilbakeføra noko som aldri er ført bort. Faktum er at planen vil byggja ned 352 da fulldyrka jord, 100 da overflatedyra og 339 da innmarksbeite. På spørsmålet: Korleis et du ein elefant, er vanleg svar ein bit om gongen. I Time let du administrasjonen køyra han gjennom eit excelark, så kjem han ut som ei toppa teskei.

Det er påtakeleg kor mange ekspertar på jordbruk det er mellom tilhengarane av planen for datasenter. På rad og rekkje står dei fram og snakkar om kor dårleg jorda er. Dei overser heilt kor verdifullt beite er, like eins at mykje av jorda i Time har same kvalitet og brødfør både folk og fe. Innmarksbeite utgjer 46 prosent av jordbruksarealet i Time og er heilt naudsynt for å halda oppe produksjonen av mjølk og kjøt. Det er nokre område innanfor planområdet som ikkje er i god stand av di eigarane ikkje er interessert, men ein kan ikkje verdsetja jord ut frå om eigaren ønskjer å bruka den eller ikkje.

Byte av jord

Det har dukka opp eit nytt omgrep, byte av jord. Andre kommunar skal tilbakeføra jord frå utbygging til LNF for å vega opp for all landbruksjorda som vert omdisponert i Time. Kva tyder det? Jord der det ikkje er nære planar for utbygging vert ført tilbake. Men ved seinare rullering av arealplanen vil andre område verta teke inn for utbygging, det er utenkjeleg at desse kommunane vil blokkera utbygging i eigne kommunar. Det vert ikkje bygd ned ein einaste rutemeter mindre jord i desse kommunane grunna byte, det er eit reint spel for galleriet.

Det politiske leiarskapet i Time kunne også ført tilbake jorda på Re/Svertingstad men lét vera å gjera det.

Les også

  1. Flertall i Time for full Kalberg-utbygging

  2. – Jo, det er helt på jordet å rasere Kalbergområdet

  3. Bjerk­reim, Tysvær og Sviland kan få batteri­fabrikk –Kalberg ute

Publisert:
  1. Datasenter
  2. Time

Mest lest akkurat nå

  1. Vidar Nisja har fått ny jobb

  2. Statsministerens kon­tor kan ha brutt enda flere lover og regler

  3. Her starter Stangeland Maskin arbeidet med ny E39 gjennom Lyngdal

  4. Huset deres har vunnet arki­tektur­pris: – Plan­løsningen fungerer vel­dig bra for oss

  5. Verdensmesteren fra Sandnes gjør som Ingebrigtsen

  6. Mann i 40-årene tiltalt for seksuelt misbruk av om lag 40 hunder