Fly er dårleg for klima, men bra for studentbudsjettet

KLIMAENGASJERT STUDENT: Fly eller tog, kvifor skal det vera eit vanskeleg val?

Skal det å ta klimasmarte val i kvardagen vere så vanskeleg? Eg blir irritert av at me i 2020 må velje mellom å ta val som er bra for klima, eller val som er bra for lommeboka. Foto: Andrew Boyers / X03813

Debattinnlegg

  • Johan Åsnes
    Ung mann frå Stavanger som studerer ved NTNU i Trondheim.
Publisert: Publisert:

Her om dagen sat eg og skulle bestille billettar heim til jul. Vanlegvis vel eg å ta toget når eg reiser mellom Trondheim og heim til Stavanger. Eg gjer det ikkje fordi det er billegare eller meir komfortabelt, men fordi eg prøver å la vere å fly når det er mogleg. Fly er som kjent ein klimaversting, spesielt samanlikna med tog som går på norsk straum.

Flytur på billegsal

Det eg fann ut er at ungarske Wizz Air opnar ei ny direkterute mellom Trondheim og Stavanger, den 17. desember. Sist eg sjekka, kunne ein vaksen reise direkte mellom Stavanger og Trondheim denne dagen for under hundrelappen. Dersom eg skal ta toget same dag, må eg ut med 858 kr for ein studentbillett.

I tillegg er det verdt å merke seg at ein person som skal reise mellom Trondheim og Stavanger, må ha is i magen. Avgangen med lengst overgangstid på Oslo S, gir deg 35 minutt på å byte tog. Med andre ord er det ikkje store forseinkingane som skal til før eg står igjen på Oslo S, utan å kunne få refusjon av togbilletten. Skal ein kunne få refusjon ved forseinking, må overgangstida vere på meir enn 60 minutt. Dette er ikkje mogleg om ein vil reise mellom Trondheim og Stavanger med tog.

Dobbelt så dyrt

Saka har ikkje blitt noko betre etter at britiske Go Ahead tok over drifta på Sørlandsbanen, og svenske SJ på Dovrebanen. For meg inneber det berre dobbel pris, ettersom eg no må kjøpe to billettar, i staden for ein. Togtilbodet derimot, er det ikkje blitt endra stort på. Med stram studentøkonomi er eg freista til å gi opp, og berre ta fly i staden for. Det er tydelegvis ikkje lagt opp til at ein skal kunne reise lengre strekningar med tog i Norge.

Er det verkeleg slik me vil ha det? Skal det å ta klimasmarte val i kvardagen vere så vanskeleg? Eg blir irritert av at me i 2020 må velje mellom å ta val som er bra for klima, eller val som er bra for lommeboka. Me kan ikkje ha ein miljøpolitikk som gir miljøansvaret til folket. Ein miljøpolitikk som fungerer, er også ein miljøpolitikk som løner seg for folk flest.

No til jul er det mange studentar som skal heim. I valet mellom billigbillett frå Wizz Air, eller ein dyr togbillett, kan eg lett forstå at folk vel å ta fly.

Saka har ikkje blitt noko betre etter at britiske Go Ahead tok over drifta på Sørlandsbanen, og svenske SJ på Dovrebanen. For meg inneber det berre dobbel pris, ettersom eg no må kjøpe to billettar, i staden for ein.
Publisert:
  1. Wizz Air

Mest lest akkurat nå

  1. SISTE: Bjarne Berntsen har fått sparken i Viking

  2. 170.000 bileiere må bytte bombrikke

  3. Sundal: - Tror ikke på normal julefeiring

  4. Mistet lappen for dugg på frontruten

  5. «Mamma, du trenger ikke å ha med mobilen», sa barna. Da skjønte Randi Flesjø (38) alvoret

  6. – Denne plasseringen er en skam