UiS er ikkje eit politisk parti og skal utvide ytringsrommet

Innlegget til Karoline Holmboe Høibo, fakultetsdirektør ved Universitetet i Stavanger (UiS) om biletet på Hadia Tajiks nye bok, handla om eit interessant tema – iscenesetting i offentlegheita. No veit vi litt meir om det, og om kor lett debattar kan ta fyr og spore av.

Eit slikt krav til debattdeltaking som Hard Olav Bastiansen set fram ville ført til det som ytringsfridomskommisjonen kalla for ei «nedkjøling» av ytringsklimaet. Då ville terskelen for å våge å meine noko bli heva.

Debattinnlegg

  • Svein Tuastad
    Statsvitar, UiS-tilsett og styremedlem UiS
Publisert: Publisert:

I Aftenbladet 29. oktober vert eg sjølv trekt inn i den etterfølgjande debatten av statsvitar og Høyre-politikar Hard Olav Bastiansen. Det er bra, for Bastiansen reiser viktige spørsmål.

Bastiansen er kritisk ikkje berre til Høibo, men til UiS-rektor Klaus Mohn og underteikna også. Det siste gjeld at eg sjølv sa til Aftenbladet nøyaktig det same som eg sa i eit ope, strøyma styremøte ved UiS 11. juni, 2020. Det står eg naturlegvis for. Noko anna vil eg oppfatte som absurd – som om ein skulle prøve å skjule det ein stod for offentleg og alt hadde sagt.

Kva er fornuftig titulering?

Det kan godt vere Bastiansen har rett i at vi på UiS burde ta ein grundig intern gjennomgang av kva som er fornuftig titulering. Men eg meiner likevel konklusjonen er mindre opplagt enn Bastiansen vil ha det til. Jamfør: Viss ein fakultetsdirektør uttaler seg om ein studentklage, skjønar alle at ho uttaler seg på vegner av institusjonen. Gjeld ytringa Hadia sitt nyføna hår, skjønar alle, eller nesten alle, at ho ikkje uttaler seg på vegner av fakultetet, men som frittståande meiningsberar.

Det er sjølvinnlysande at institusjonstilhøyrsle bør med når ein uttaler seg på vegner av institusjonen. Men stundom bør kanskje titulering også kunne vere med som ei grei lesaropplysning å ha med om bakgrunnen til ein skribent. «Åja, så ho jobbar der, ja.» Eller: «Stemmer, det er han som er med i det partiet, ja».

Politikar og privatperson

Apropos det siste poenget, titulerer Bastiansen seg som «statsvitar». Mange lesarar veit ikkje at han også er ein svært aktiv Høyre-politikar og varamedlem til kommunestyret. Slik eg forstår det, er det fordi Bastiansen meiner dette ikkje er noko han meiner som politikar, men som statsvitar. Samstundes har meiningane hans ei klår politisk interesse. Han avdekker ei haldning til universitetspolitikk eg meiner er temmeleg utdatert. Til dømes hevdar han at uavhengige ytringar frå UiS-tilsette gjer at UiS ikkje «står fram som enhetlig og omforent», og at det svekker omdømet til UiS, til kulturbyen og forankringa til UiS i regionen.

Eit slikt krav til debattdeltaking ville ført til det som ytringsfridomskommisjonen kalla for ei «nedkjøling» av ytringsklimaet. Då ville terskelen for å våge å meine noko bli heva. Mange stemmer ville bli ekskluderte. Universitetet lyt gå i motsett retning av eit slikt autoritært og utdatert ideal.

Det er jo heller ikkje slik som Bastianssen ser ut til å tru, at hans meiningar er heilt fråkopla hans rolle som Høyre-politikar. Som medborgar vil eg jo ved neste val vite at Bastiansen, same om han kallar seg statsvitar eller Høyre-politikar, har dei meiningane han har. Det bør jo med i vurderinga av kor godt han passar i kommunestyret.

Rektor går føre

Eg trur i det store og heile det er viktig å ikkje forveksle UiS med eit politisk parti, eller UiS-styret med eit tradisjonelt bedriftsstyre. UiS rommar og må reflektere mangfald. Universitetet sitt samfunnsansvar inkluderer å verne om fagleg fridom og å vie ut ytringsrommet. Det står i universitetslova at universiteta skal «legge til rette for at institusjonens tilsette og studentar kan delta i samfunnsdebatten» (§ 1.3, f)». På dette punktet meiner eg UiS-rektor Klaus Mohn er mellom dei beste rektorane i landet.

Mange ulike stemmer i ordskiftet gjer demokratiet vårt betre. Dessutan har jo frisk debatt ein viss underhaldningsverdi. Nokon vil vel seie at på UiS tar vi ansvar for begge deler, og det bør vi i så fall kunne leve fint med.

Les også

  1. Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

Publisert:
  1. Universitetet i Stavanger (UiS)
  2. Klaus Mohn

Mest lest akkurat nå

  1. Boligbrann på Stokka

  2. Startet tilbud de savnet selv: – Kjemperespons

  3. Stavanger-ordfører Kari Nessa Nordtun er gravid

  4. Lager butikk av plasten i havet

  5. Oljepolitikken glipper for Rogaland: – Sterkt beklagelig

  6. Sto uten spillere i januar - rykket opp: – Stolt og rørt