Folk bur som mink i bur i prosjekt med jålete herregardsnamn

NAMNEVALG: Jørgen Risdal har ei god påpeiking om det smått patetiske i korleis gardsutsal vert til «X, Y og Z Gård», på same vis som det florerer med bustadprosjekt på god, jærsk matjord med flau-fjonge namn som «Æ Gaard», «Ø Park» og «Aa Allé».

Innsendaren meiner mange utbyggarar pyntar seg med misvisande namn, og nemner dei som reklamerer med «bu i skogen». Bildet viser bustadprosjektet «Husene i skogen» på Jåttå.

Debattinnlegg

  • Fredrik Hultman Bjørgo
Publisert: Publisert:

Litt «cringe» og «pute», som den yngste og ikkje fullt så unge ungdommen ville sagt. Det dei eigentleg kommuniserer er, morosamt nok: Bu som mink i bur med eit påklistra herregardsnamn, på det som faktisk var velstandsgardar etter norske forhold, med landets beste matjord, som nå forsvinn for alltid. Likeins er det med dei som reklamerer med «bu i skogen» og meiner «bu der skogen var når me har hogd han ned for å bygga bustad til deg».

«Grevinne» Karen av Møllebukta

I same utgåve av Aftenbladet les eg ikkje berre meldinga om at Norge heller ikkje i år nådde jordvernmålet, men og ein annonse for Madlavest, den famøse nedbygginga av noko av Norges beste og mest historiske matjord. Overskrifta «En eventyrleg leilegheit» er krona med ei lita krone, og eit augneblikk undrast eg på om det er ei grevekrone, og om seljar og utbyggar faktisk nyttar Jens Zetlitz sitt lite kjente dikt «Grevskabet Karenslyst» i merkevarebygginga. I diktet frå 1788, fritt tilgjengeleg for alle på www.nb.no, freistar Zetlitz, nett som dagens bustadmerkevarebyggarar, å gje ein eigedom ein dåm av aristokratisk herlegdom.

Som eg lærte av lokalhistorikar Gunnar Skadberg under ein tur med Madla historielag, var Karenslyst eit hageanlegg tilhøyrande familien Anckermann Smith på garden Nedre Madla («Malde Gård Øst» på utbyggarsk) beleggande nett der badeplassen i Møllebukta ligg i dag. Eller som diktaren seier det: «Hvor Malle-Elvens Guder parre sig med Havsfjords ynderige Nereider, der er en Öe, det danske Fyen lig, og intet Fjeld vansirer Öens Sider.» Denne holmen på 50 ganger 15 skritt heilt i utløpet av Møllebekken var det at Zetlitz på skjemt opphøya til «du yngste blant mit Norges Grevesæder», til ære for frøken Karen Anckermann Smith på Nedre Madla, sjølv om regelen i Danmark-Norge var at ein eigedom fyrst kunne verta grevskap om han var på 2500 tønner hartkorn, det vil seia produserte 250 tonn matkorn i året. Det utelukka alle norske eigedommar, men Larvik og Sem / Jarlsberg fekk unntak. I diktet hyllar Zetlitz eigedommen med ein haug med arkaiske og antikke mytologiske referansar.

Kva ville trollet i Lifjell sagt?

Det var likevel ikkje denne grævleg grevelege idyllen heilt i austenden av Madlavest krona i annonsen refererte til innsåg eg då eg gjekk inn på nettstaden til denne sjølverklærte «bydelen østenfor sol og vestenfor sentrum». Der hadde eit kommunikasjonsbyrå laga ein reklamekampanje med utgangspunkt i eventyra om Oskeladden (på Zetlitz si tid og kjent som Oskefisen). Frå Lifjell speidar han utover Nord-Jæren og ser Madlavest skinna som eit Soria Moria slott og så vidare. Det heile verka krampaktig innlandsk og reint ut sagt komisk, som ein omvendt parodi på den kjende segna om at trollet i Lifjellet kasta stein då Domkyrkja vart bygd.

Kvifor skulle ikkje trollet kasta stein på Madlavest når matjord som har vorte dyrka sidan bronselurane vart ofra i Revheimsmyra i heidensk tid vert nedbygd? Burde ikkje folk heller ha budd i steinrøysa i Sandnes aust, der Oskeladden står i reklamefilmen, i staden for på Vestlandet si beste matjord?

Meir eventyrromantikk som at bukkane Bruse ikkje ville ha reist til seters om dei kunne ha budd på Madlavest, får ein til å spørja seg humrande om dei som har laga dette faktisk er klar over at dei nyttar ein banalisert versjon av den norske kulturarven? Og det til å produsera propaganda som skal dekka over grisk og storstilt nedbygging av ein del av det norske kulturlandskapet som faktisk er det nærmaste me kjem ein grøderikdom som er «det danske Fyen lig», med Zetlitz sine ord.

Burde ikkje folk heller ha budd i steinrøysa i Sandnes aust, der Oskeladden står i reklamefilmen, i staden for på Vestlandet si beste matjord?
Publisert:
  1. Byutvikling

Mest lest akkurat nå

  1. – Trygve Slagsvold Vedum bør vente i to år

  2. Bruker du en av disse medisinene? Da skal du ha en tredje vaksinedose

  3. – Ikke vant til dette på Østlandet

  4. Fem tigerunger er født i Dyreparken. En av dem døde

  5. – Politiet hadde ikke tid til å komme

  6. Ingve Bøe i ekstase - ekstra fornøyd med én spiller