Korleis kan ein kjønnsteori det ikkje kan stillast spørsmål ved, bli pensum på barneskulen?

DEBATT: Finst det ei fasit for korleis ein skal vere som person på grunnlag av kjønn?

Eg trur ikkje det barna lærer om kjønn på skulen i dag legg til rette for meir aksept, eller ein enklare kvardag for transpersonar eller personar med kjønnsinkongruens. Kanskje heller tvert om.
  • Brynhild Grødeland Winther
    Billedkunstnar, kritiker og skribent
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Som vaksen har eg forstått at mi oppvekst var temmeleg kjønnsnøytral. Eg har ikkje fått med meg at det skal vere ulike krav eller forventingar til ein person med utgangspunkt i kjønn. Kanskje lærer barn slike ting i barnehagen. Eg har aldri gått i barnehage.

Kanskje ser ein det på tv. Eg vaks opp utan tv. Mi erfaring er at både gutar og jenter har periodar kor ein er opptekne av kjolar. Det er heilt naturleg og ikkje noko som skal føre til at vaksne bør revurdere barnet sitt kjønn. Kjolar er ikkje kjønn, på same måte som at eg ikkje var mann dei åra eg jobba i oljeindustrien.

Kritiske spørsmål blir blokkerte

Det blir sagt at alle har kjønnsidentitet. Eg har ikkje. Eg har aldri «følt meg som ei kvinne» og forstår ikkje på kva måte mitt kjønn skulle påverke min identitet. Av kroppsdelar er det hjernen og hendene som i størst grad definerer identiteten min. Men eg har heller ingen «hand-identitet» eller «hjerne-identitet». På sosiale media blir ein blokkert for å stille spørsmål ved til dømes kva det vil sei å «føle, tenkje og oppføre seg som ei jente», eller ved å prøve å finne ut korleis folk opplever å ha «kjønnsidentitet». Å lure på slike ting blir
vrangtolka til å vere eit slags hat mot transpersonar. Korleis skal barn kunne reflektere fritt kring kjønn med utgangspunkt i det som står i lærebøkene, når vaksne blir møtt med aggresjon om ein prøver å forstå andre perspektiv?

Skulepensum og vitskapen om kjønn er i endring. «Idéen om» to biologiske kjønn blir sett som trekk ved konservativ religiøs tru og ei slags ikkje-vitskapleg kjønnsforståing.
I naturfagboka Solaris 3.–4. klasse frå Ascehoug lærer barna om kjønnsidentitet og at legen bestemmer kva kjønn ein baby har og at det er opp til barnet å føle seg fram til kor vidt legen delte ut riktig kjønn. Er du jente skal du like «jenteting» og gutar skal like «guteting». Viss ikkje stemmer ein ikkje overeins med kjønnet legen tildelte. Denne logikken vil føre til at ein kan konkludere med at både valkyrjer og forhistoriske kvinner som jakta må ha identifisert seg som menn sidan dei avvik frå dagens rigide kjønnsnorm.

Mindre aksept

Så kan ein lure på korleis ein teori som ikkje toler å diskuterast, eller stillast spørsmål ved, kunne bli pensum på barneskulen? Om kjønn ikkje skal henge saman med biologi kan det vere vanskeleg å forsvare hormonbehandling og kjønnsoperasjon for personar med kjønnsinkongruens, og kanskje
vanskelegare for barna som opplever det å forklare det dei føler. Eg trur ikkje det barna lærer om kjønn på skulen i dag legg til rette for meir aksept, eller ein enklare kvardag for transpersonar eller personar med kjønnsinkongruens. Kanskje heller tvert om. Særleg med tanke på at transaktivistar i tillegg kallar alle andre perspektiv «hatprat» og «transfobisk».

I tillegg trur eg dette skulepensumet vil føre til at langt fleire lesbiske, homofile, aspergere og autistar vil oppleve seg som «ikkje i samsvar med kjønnet legen
tildelte ved fødsel» fordi me oppfører oss på måtar som avvik frå ei stereotypisk og rigid kjønnsnorm. Finst det eigentleg ei fasit for korleis ein skal vere som person på grunnlag av kjønnet ein har? Kunne ein ikkje heller lært barna å akseptere skilnadar og at det er greitt at nokre få opplever kjønnsdysfori, eller kjønn som emosjonelt basert?

Publisert: