Kan ein kommune ligga på topp og botn på same tid?

DEBATT: Det er mange kåringar av kommunar om dagen. Klepp har med få dagars mellomrom vore på topp og botn. Nummer 1 på vatn, sist på oppvekstvilkår, nummer 5 på best styring, nummer 84 i kommunebarometeret.

Skal ein samanlikne kommunar må det gjerast ut frå mest mogleg like tilhøve, skriv innsendarane. Bildet er frå Tu skule i 2017.
  • Sigmund Rolfsen
    Ordførar i Klepp kommune
  • Torild Lende Fjermestad
    Kommunedirektør i Klepp kommune
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Ein leiarartikkel i Stavanger Aftenblad 7. september seier at Klepp er gode på næringsliv, men dårlege på barn og unge. Stemmer det? For det er topp og botn som får mest mediemerksemd og vekker engasjement, men er det dei viktigaste rapportane?

Vegen frå topp til botn er kort, spesielt når det nokre tolkar som positivt, av andre tolkast som negativt. Eit eksempel er barnevern. Er det bra å bruke mykje pengar på barnevern, eller er det et teikn på negative forhold i kommunen?

Nokre undersøkingar er forankra i forskingsmiljø og forskingsbasert praksis. Andre er meir prega av å ta vare på einskilde organisasjonar sine interesser. I styring av ei stor og kompleks verksemd som ein kommune, trengst mest mogleg kunnskap.

Å få til mykje med lite

I Klepp har vi tilgang på over 12000 indikatorar. Mange av desse vert brukt i styringa av kommunen. Ein indikator kan vere kor mange som fullfører vidaregåande skule. Ein anna kor mange kroner kommunen brukar per elev.

Skal ein samanlikne kommunar må det gjerast ut frå mest mogleg like tilhøve. I Unicef si undersøking, kor Klepp hamna på botn, var Tokke på topp. Tokke har 52 prosent høgare skatteinntekter enn Klepp, og får 20 % meir i rammetilskot som følgje av at det er dyrare å drive ein distriktskommune. Korrigerer ein ikkje for det når ein samanliknar, vil ein kommune som Klepp bli «tapar» og ein kraftkommune i distrikta «vinn».

I Storebrand/Agenda Kaupang sin rapport frå august 2022 om best styrte kommunar, er eit av funna at høg pengebruk ikkje gir høg kvalitet, heller tvert imot. Det er god styring som er viktigast. Sagt på ein annan måte: Leiing og tilsette i Klepp får til mykje med lite – det er vi stolte av.

Kva veit vi så i Klepp om eigen kommune? Klepp har låge skatteinntekter og overføringar frå staten. Klepp har ikkje eigedomsskatt eller store kraftinntekter. Klepp prioriterer områda skule, barnehage og pleie og omsorg høgare enn inntektene skulle tilseie. Klepp er god på infrastruktur som vatn, avløp og breiband. Klepp har låg gjeld og låge finanskostnader. Klepp har kvalitet over gjennomsnittet sjølv om inntektene er under gjennomsnittet.

Gode og mindre gode

I den mest omfattande undersøkinga, Kommunebarometeret, er Klepp nummer 84 og får desse resultata på enkeltområde:

Grunnskule 155.-plass. Over snittet gode på skule. Barnevern 239.-plass. Her var vi blant dei dårlegaste, men tiltak dei siste åra har gitt resultat. Barnehage 281.-plass. Men no byggjer vi ny barnehage og aukar pedagogtettleiken. Helse 103.-plass. Best i landet på vaksinering av 9-åringar og andel barn med helseundersøkingar før 1. skuleår. Kultur 140.-plass. Gode på bibliotek og tilskot til frivillige organisasjonar.

Kva gjer vi så med det vi veit? God informasjon kan gje fornuftige avgjerder og gode resultat. Gjennom vedtekne planar vil Klepp få ny barnehage på
Sporafjell. Nye og oppgraderte skular tilpassa elevgrunnlaget (Vardheia, Kleppe, Kleppeloen, Orre). Nytt kommunehus med moderne kulturscene, og nye lokal for kulturskule og ungdomsarbeid.

Engasjement og motivasjon kan stige og søkka med rangeringar og medieoppslag. For våre innbyggjarar er det viktigaste at kommunen jobbar mest mogleg kunnskapsbasert og systematisk for å gjere kommunen så god som mogleg ut frå dei økonomiske rammene vi er tildelt.

Skal ein samanlikne kommunar må det gjerast ut frå mest mogleg like tilhøve. I Unicef si undersøking, kor Klepp hamna på botn, var Tokke på topp. Tokke har 52 prosent høgare skatteinntekter enn Klepp.
Publisert: