Stopp bygging av vindturbin ved Kvassheim fyr

DEBATT: På Friestad, rett oppfor Kvassheim fyr, skal selskapet Solvind Prosjekt AS, vere i ferd med å starte bygginga av ein vindturbin med totalhøgd på 110 meter. Høghuset på Bryne er 66 meter, her er det snakk om ein konstruksjon som nærmar seg dobbelt så høg.

Publisert: Publisert:

«Alle stader på Jæren der ein kan sjå mot havet, i retning Kvassheim fyr, vil no få eit blikkfang, roterande på dagen og varselblinkande på natta, som dominerer utsikta», skriv 30 protesterande naboar. Dei anslår at det er mellom 1000 og 1500 meter fra Kvassheim fyr til der vindturbinen skal stå. Foto: Arnt Olav Klippenberg

Debattinnlegg

  • Debatt
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Innlegget er skrive av: Ivar Jaarvik, Lars H. Kvadsheim, Bengt Gustavson, Sandra N. Søviknes, John Ingve Sandve, Jorunn Synnøve Sandve, Lisbeth Haugen, Kristine Undheim, Kim Andre Erga, Camilla Skretting, Ann Qvalbein, Egil Kvalbein, Kirsten Jensen Undheim, Ole Magnar Undheim, Marit Kvalbein, Leif Vegard Kvalbein, Jonny Sandve, Arild Heien, Thor Hatlem, Frode Herredsvela, Wilhelm Lund, Bjarne Kvadsheim, Henrik Kvadsheim, Ole Dahle Kvadsheim, Hans D. Kvadsheim, Hans S. Kvadsheim, Nancy Kvadsheim, Martin Sandve, Turid Mæland og Tor Helge Haugland.

LES OGSÅ ARTIKKELEN I AFTENBLADET HER:

Jonas Heien, Lars H. Kvassheim, Arild Heien, Egil Kvalbein og Frode Herredsvela tror holdingen til store vindmøller i naturskjønne områder har forandret seg siden de første planene ble lagt fram for snart 15 år siden. Foto: Arnt Olav Klippenberg

Les også

Protesterer mot vindkraftverk i kystlandskapet på Jæren


Den skal stå i kystlinja på flate Jæren, med ei mengd naboar som har protestert mot utbygginga, tett inntil. Og Stokkalandsmarka byggjefelt og tettstadene Vigrestad og Brusand, rett oppfor/bortfor.

Alle stader på Jæren der ein kan sjå mot havet i retning Kvassheim fyr, vil no få eit blikkfang, roterande på dagen og varselblinkande på natta, som dominerer utsikta. Alle naboane rundt turbinen vil i tillegg få belastninga med støy, skuggekast, solklipping, iskast og så vidare. I Danmark har det vist seg at bustader som ligg ved vindturbinar kan vere uomsettelege. Dei let seg ikkje selje, ingen vil ha belastninga med å bu der.

I dette tilfellet er dei negative konsekvensane av denne eine vindturbinen så store at det er utanfor all fornuft å byggje den. Dei samfunnsmessige verdiane av den samla sett minimale kraftproduksjonen den skal stå for, kan på ingen måte forsvare prosjektet.

Feilvedtak

Alle ser dette, og då må også dei ansvarlege – kommuneleiinga, lokalpolitikarane, grunneigaren som var pådrivar og fekk prosjektet i gang, utbyggjaren Solvind Prosjekt AS og NVE som konsesjonsgjevar – greie å innsjå at her er det gjort noko som er feil. Blir det ikkje stansa, kjem det til å framstå som eit skrekkeksempel. Grøn energi basert på slike feilvedtak, vil ingen ha.

Planane for Friestad vindkraftverk starta så langt tilbake som rundt 2005. Pådrivaren gjorde alt for å få planane gjennom, dels med svært mangelfull informasjon overfor naboar og dei som er råka. Prosjektet er møtt med større motstand enn omtrent noko anna vindkraftverk i landet. Avgjerdene er anka inn for alle aktuelle instansar, folk har stått fram i aviser, skrive innlegg og laga protestlister. Stokkalandsmarka Vellag gjorde ei oppteljing som viste at over 70 prosent var imot prosjektet.

Sist omgang var rundt 2015, då det kom krav om ny reguleringsplan for området ved Kvassheimelva der kraftverket skal plasserast. Også då kom den massive motstanden fram. Men leiinga i kommunen bortforklarte og nekta å ta omsyn.

17 meter høgare

Så skjedde det ikkje meir, og dei fleste trudde at dei ansvarlege utbyggjarane hadde innsett ufornufta i det dei heldt på med. Men så viser det seg altså at NVE har forlenga konsesjonsperiode og driftsstart til ut 2019, og i det stille godteke ei endring av prosjekt frå tre til ein turbin, samtidig som totalhøgda på denne eine, er gjort heile 17 meter høgare enn sist, då det var snakk om ei totalhøgd på 93 meter.

Utbyggjar prøver seg igjen med ei linje der dei vil unngå at den massive motstanden kjem fram. Derfor må ein leite og be aktivt om innsyn, før noko som helst informasjon om endringane og dei nye byggjeplanane kjem opp.
Endringane er så omfattande at saka treng ny behandling, og vi stoler på at lokalpolitikarane no ser kor lite fornuftig plasseringa av denne eine vindturbinen vil vere, og dermed gjer nødvendige tiltak for å stanse prosjektet.

Det kan ikkje vere rett å skulde på vedtak frå lang tid tilbake. Innbyggjarane i kommunen har krav på at vedtak og utbygging er basert på dagens forhold.

Ny behandling trengst

Opphavleg konsesjon var gitt med krav til driftsstart innan 1.5.2016. I dag ville ein turbin med ei plassering som denne aldri fått ja, verken hos NVE eller dei andre instansane som saka må gjennom. Då trengst det sjølvsagt ny behandling frå starten av for eit endra prosjekt.

Hå kommune er involvert i fleire omfattande vindkraftprosjekt, med ei mengd vindturbinar. Ein einsleg, 110 meter høg, plassert rett i kystlinja på flate Jæren, let det seg gjere å unngå om viljen er der.

Publisert:

Les også

  1. Protesterer mot vindkraftverk i kystlandskapet på Jæren

  2. I iveren etter å elektrifisere alt, kan ikke denne teppebombingen av vindmøller på land være det eneste svaret

  3. Høg-Jæren spares for ny vindkraft

Foto: Arnt Olav Klippenberg

Mest lest akkurat nå

  1. Ingebrigtsen gjør narr av Warholm-utspill

  2. Salgsleder i Nortura fikk 350.000 kroner fra kunde – tiltalt for grov korrupsjon

  3. 39 nye smittede siste døgn

  4. Savnet Stavanger-mann (40) funnet i god behold i Sirdal

  5. Entreprenør kom borti høyspent­kabel – 4 kunder uten strøm på Bryne

  6. Knut Aandahls 58 år gamle bil vakte oppsikt da han flyttet hjem til Norge

  1. Debatt
  2. Vindkraft