Eg har venner som trivst på sjukeheim!

DEBATT: Arnfinn Stensø har ein venn som mistrivst når han er til avlasting på sjukeheim, skreiv han i Aftenbladet fredag 30. august.

Publisert: Publisert:

«Arnfinn Stensø snakkar forakteleg om «oppbevaring». På denne måten er han med på å snakka ned sjukeheimane», skriv Sigvart Østrem. Foto: Jonas Haarr Friestad

Debattinnlegg

  • Sigvart Østrem
    Stavanger
Les også

Arnfinn Stensø: Jeg har en venn som mistrives på sykehjem

Eg har ein venn som trivst godt når han er på sjukeheim, anten i periodar på avlasting eller på dagsenteret nokre dagar i veka.

Vennen min er også både avhengig av rullestol og intelligent, til liks med vennen til Stensø.

Dette kan tyda på at det er skilnad på sjukeheimar. Vennen min er glad over å treffa andre, han blir sosialisert, som Stensø seier. Vennen min seier han får god mat og godt stell elles. Av og til er han på utflukt med medpasientar.

Stensø snakkar forakteleg om «oppbevaring». På denne måten er han med på å snakka ned sjukeheimane.

Ja, ein sjukeheim er den siste heimen for mange. Men skal me ikkje godta sjukdom og død?

Når eg tenkjer etter, har eg ikkje berre ein venn, men fleire venner som har det godt når dei er på sjukeheim, anten på avlastings- eller dagsenteropphald.

Stensø synest å gløyma at slike opphald er ein stor lette for dei pårørande.

Kva er det Stensø vil ha? Bingohallar for eldre?

Publisert: